Hattholmen

IVER JØRGENSEN HØGH, kremmar i Vegsund, hadde fiskevær og handelsfilial her til 1771.

  Då kjøpte CHRISTOPHER RØNNEBERG på Kriksholmen i Herøy staden på auksjonen etter Høgh. Rønneberg dreiv sesonghandel her i fisketida.

  I 1777 selde han Hattholmen til den nyss etablerte kremmaren i Fyllingen, CHRISTOPHER HENNINGSEN ABELSET, som dreiv til 1789, då han laut gi opp handelen.

  Sidan den tid var det berre fiskevær her til 1809, då ein ny kremmar i Fyllingen, JOHAN DANIEL STUB, kjøpte holmen.

  Kremmarane i Djuvika, LARS NORE og versønene hans, ARNE SVENDSEN og TORKILD GUNDERSEN, svarte handelsskatt for Hattholmen 1826-38.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s