Kipperberget

I 1687 fekk HANS JENSSEN BIGUM, kjøpmann i Bergen, skøyte på dei husa som Anders Kipper hadde budd i før. Bigum hadde då truleg handla her eit par år ved ein kjøpsvein, kanskje den JON OLSEN (Fyllingen) som vi finn her i 1690-åra. Hans Bigum var fra Hobro i Danmark og tok borgarskap i Bergen i 1675. I alle fall fra 1682 handla Bigum i Borgund, mest truleg på Lorkeneset, der stesonen Jacob Jacobsen Thode budde seinare. Då kona hans døydde i 1701 flytta Bigum fra Bergen og busette seg på Kipperberget.

  I Borgund ekta han ANNE KATRINE MUNDERMANN, versøster til borgundpresten Knud Mann. Då Bigum døydde i 1709 sat ho aleine her til 1717, då ho ekta den tidlegare gesellen på Bryggen i Bergen HERMAN KRAG, ein skreddarson fra Bremen. Krag var 1697-1705 gesell ved Søstergården på Bryggen. Det gikk dårleg med handelen hans. I 1724 blei ikkje Kipperberget rekna som kremmarsete og i 1728 blei Krag fradømd retten til å bruke plassen fordi han ikkje hadde halde han ved like. Ein annan tyskar i nabolaget, Claus Becker på Gåsholmen, må ha mislikt folka på Kipperberget sterkt, for i 1721 gikk han til åtak mot husfrua med øks, i hennar eiga stove, og hogg etter ho slik at øksemerket viste på veggen. Seinare ingen handel her. I 1734 heitte det om Herman Krag at han var fattig og eier ikke klæderne på kroppen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s