Molvær

Den første vi kjenner til som brukte handel her er PEDER JØRGENSEN RIBER, etter namnet å døme ein danske, som i 1593 fekk bygsle Molvær på livstid av kongen fordi han med største bekostning hadde bygd opp garden, som hadde vore fast meget forfalden og øde. Riber er funnen nemnd første gongen i 1585, då han låg i sak med Tomas Jonson (Randall) i Spjelkavik. Han var etter alt å døme borgar av Bergen, men eg har ikkje funne han innført i borgarboka. Han døydde truleg i 1602 eller seinast 1603. Enka Marine var i 1604 nøydd til å gå fra garden, som var blitt utlagt til futegard. Ho var då gift med en tydsk, som haffuer verit en garp ved Brøggen. Vi kjenner ikkje namnet hans. Futane som budde her eller hadde inntekta av garden var:

  Jacob Thuesen (fut 1601-05), Hans Simonsen (1605-16), seinare i Spjelkavik, Lauritz Christensen (1616-19), Knud Jenssen (1619-28), Jens Davidsen (1628-30), seinare i Djuvika, Hans Grimmersen (1630-33), seinare på Grimmergård i Ålesund, Mathis Hanssen (1633-35), budde i Spjelkavik, Gudmand Eriksen (1635-36), Nils Jacobsen Knag (1636-61), fra kring 1640 i Vågnesholen, Peder Pedersen (1661-68) og Peder Lauritzen Kierulf (1668-80).

  Mange av futane blei avsette fordi dei dreiv kjøpmannskap og fordi dei aktivt prøvde å hindre den meir eller mindre lovlege borgarhandelen i futedømet.

  Dette gjaldt LAURITZ CHRISTENSEN, som tok borgarskap i Bergen i 1619 og seinare dreiv trelasthandel på Sunnmøre i lag med verbroren Mogens Antoniussen, dei budde seinare truleg i Ålesund Innomsundet, og

  HANS GRIMMERSEN, som også tok borgarskap i Bergen etter å ha blitt avsett fra futeembetet (sjå Grimmergård). Futane Hans Simonsen og Mathis Hanssen, begge i Spjelkavik, dreiv handel i alle fall etter at dei slutta som futar (sjå Spjelkavik). Nils Knag ser ut til å ha vore førstemann som ikkje hadde interesser, ikkje beinveges i det minste, i kjøpmannsskap.

  I 1680-åra gikk Molvær over til å bli amtmannssete. Adelsmannen Jonas Lilienskiold, amtmann i Romsdal og Nordmøre 1680-89 og i Romsdal, Nordmøre og Sunnmøre 1689-91 (det seinare Romsdals amt; 1675-89 var Sunnmøre eit amt i lag med Nordfjord) budde her til han døydde, for eiga hand, i 1691.

  Enka, fru Sidsel Bjørnsdatter Kaas, sat her til 1704, då ho selde garden og mykje jordegods til trutenaren sin Christen Nilssen Sæd, ein mann med store ambisjonar. Han forpakta m.a Romsdal tollstad og forsøkte i samband med dette å skipe eit eige Sundmør tolderie for å kunne ta toll av dei som fór med varer mellom Sunnmøre og Bergen. Dette tiltaket råka sunnmørsborgarane sterkt, og dei lukkast i å få dømt det ulovleg. Sæd prøvde elles å samle det etterkvart så spreidde Giskegodset, hovedsakleg fordelt mellom ynse greiner av den mektige Smit- og Lilienskioldætta, og lukkast ikkje så verst med det. Sæd oppførte seg som om han skulle ha adelsrettar, men møtte mykje motstand fra bønder og andre i føydaliseringsforsøka sine.

  Etter at Christen Sæd døydde i 1734 ekta enka Christian Soelgaard, amtmann i Romsdal 1730-42. Då var Molvær atter amtmannsgard ei tid. Ettermannen til Soelgaard i embetet var Christian Ulrik Tønder, som budde på Molvær nokre år før han flytta til Molde. Enka etter Soelgaard blei gift på ny med Hans Hagerup, amtmann i Nordlanda, som 1757 selde ut Giskegodset på auksjon til bønder og borgarar, særleg dei sistnemnde. Hagerup blei seinare adla med namnet Lilienpalm.

  I 1745 bygsla JENS LINDORPH Molvær av fru Soelgaard. Han var etter alt å døme godsstyrar for Giskegodset, og dreiv nok også litt kjøpmannskap. Han var ofte konstituert i embete og praktiserte  som prokurator. I 1757 kjøpte han Molvær på auksjon; han levde til 1776, og i 1778 selde enka Molvær til Christen Wallin på Valderhaug, som samme året selde vidare til Magnus Reutz, ein gullsmedson fra Rellingen i Norddal, som i 1785 selde garden vidare til Christopher Rønneberg på Kriksholmen.

  Her var så bønder verksame til 1814, då HANS ANDREAS WIDERØE, borgarson fra Tyskholmen, kjøpte garden av Johan Arnoldus Heide på Vågneset. Widerøe brukte heile Molvær sjølv. Han svarte handelsskatt 1806-27, dei første 8 åra (kanskje fleire) for Tyskholmen, sidan for Molvær. Seinare ingen privilegert handel.

  1868 kjøpte Ole Andreas Devold fra Olsplass i Ålesund bruket Langevåg under Molvær og bygde  opp den store ullvarefabrikken O A Devold. I 1887 starta han landhandel i tilknyting til fabrikken.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s