Storholmen

Staden går også under namnet Skomakarholmen, etter skomakarane som budde her på 1600- og 1700-tallet.

  Den første borgaren her ser ut til å ha vore tyskaren CLAUS JANECKEN som handla her i 1645. Eit par år seinare ekta han borgarenka på Bjørnøya og flytta dit.

  Også i 1675 høyrer vi om handel her, då EMMIKE udj Storholmen er nemnd. Denne borgarenka  har eg ikkje kunna identifisere («Emmike» er truleg hokjønnsforma av mannsnamnet «Emmik», som er ein av mange variantar av Engelbrekt).

  Seinare finn vi ikkje kremmarar her før midt på 1700-tallet, då NILS MECHLENBURG, kaptein og kremmar på Klokkehaug i Sykkylven, bygde ein handelsfilial og eit fiskevær her.

  I 1759 selde enka etter Mechlenburg husa til ANDERS JANSEN LUTH, kremmar på Nørveneset, som i 1763 kjøpte grunnen av kommerseråd Hans Holtermann, som samtidig selde Svinholmen til Luth (sjå nedanfor). Anders Luth må ha hatt eit etter måten stort fiskevær her, og han dreiv etter alt å døme også handel på staden.

  Versonen JOHAN CHRISTOPHER DANHOLM, borgar på Nørveneset, seinare i Drynesund,  tok over i 1794. I 1803 heitte det om Storholmen, til liks med dei andre holmane ved Langevågen, at han var beqvem til fiskeleye, naar fiskerie indtræffer i fiorden. Danholm handla i Drynesund til 1840, og han hadde kanskje hand om fiskeværet Storholmen heilt til då, men dette er uvisst.

  På auksjon etter enkemadam Wasmuth i Ålesund i 1874 blei Storholmen seld for 641 spd til ein Lars Ystenes. Det sto då fire bygningar på holmen.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s