Urvika

JON ANDERSSEN, kanskje borgarson fra Hamna, er første kremmaren vi kan namngi her. Han tok borgarskap i Bergen i 1628, oppgitt fødestad: Sunnmøre, og er nemnd her allereie i 1629. Etter alt å døme var Jon Anderssen lik den borgaren som bar tilnamnet Julle-Jo, truleg fordi han før hadde tent storborgaren Jens Jull i Tranvågen. Julle-Jo har gitt opphav til gardsnamnet Juliebøen, naboplassen til Urvika, som på 1600-talet ofte blei skrive Jullejobøen eller -gaard (seinare: Juliobøen). Jon Anderssen levde enno i 1656, men var daud i 1657.

  Sonen ANDERS JONSEN, som i 1657 tente på Gåsholmen, handla her truleg så eit par år før han flytta til Hundsværholmen. Enka etter Jon Anderssen, stemora til Anders Jonsen, dreiv så kanskje handelen ei tid utetter.

  Fra kring 1680 brukte HÅVARD PEDERSEN plassen, og han dreiv etter alt å døme handel også, om enn i lite omfang. Han døydde i 1709. Enka Maren, som var søster til småkremmaren Ole Olsen Øren på Øyra i Volda, handla så til ho døydde i 1712. Ingen handel her seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s