Vågneset

Dette var opphavleg ein plass under garden Våge, men då ein av brukarane av Våge flytta hit i 1640-åra gikk plassenamnet over til å bli namn på heile garden.

  Mest truleg var det berre husmenn som budde her før TYGE NILSSEN CASTBERG (han brukte ættnamnet snautt sjølv) slo seg ned kring 1644. I 1646 og nokre år utetter var han fullmektig for stiftsskrivaren (truleg Anders Madssen i Bergen). Tyge Nilssen var verson av futen Nils Jacobsen Knag i  Holen (Vågnesholen). På Vågneset dreiv han truleg handel fra første stund, men tok først i 1650 borgarskap i Bergen. Dette sa han opp 1656, då han blei sorenskrivar på Sunnmøre etter Nils Jenssen (ikkje lik Nils Jenssen på Vågnesholmen). Tyge Nilssen var fra Århustraktene, og det er ikkje utenkeleg at han var bror til dei to samtidige borgarane med det same geografiske opphavet, nemleg Truls Nilssen på Bjørkavollen og Søren Nilssen i Nørvasundet. Tyge Nilssen handla mest truleg ikkje etter at han blei sorenskrivar.

  Sonen Henning Tygesen Castberg, også sorenskrivar på Sunnmøre, sat her til han døydde i 1724. Dette året er det opplyst at enka, Birgitte Møller, hadde tenkt å ta til med handel, men det ser ikkje ut til å ha blitt noke av.

  Det blei det først 1767, då versonen JOHAN ARNOLDUS HEIDE, før kremmar i Drynesund, flytta hit. Han svarte handelsskatt 1767-1806, ervingane 1807-11. I 1785 heitte det om Vågneset:

 

For omtrent 18 aar siden har nuværende ejer tilkiøbt sig dette stæd og samme forsynet med fornødne handelshuuse; stædet er beqvemt til handel, er derfor fornøden baade nu og fremdeles.

 

Heide fekk kongeleg kremmarløyve i 1796.

  Då han døydde i 1807 overtok sonen ARENT NICOLAI HEIDE, kremmar på Vågnesholmen, handelen her og handla til han døydde i 1812.

  Samme året fekk sonen hans, THOMAS HAMMOND HEIDE, skøyte på garden, men han tok nok  ikkje til å handle med ein gong. Han svarte handelsskatt 1836-58, enka 1859-67.

  Sonen EDVARD NICOLAI HEIDE var vel den som i røynda dreiv handelen etter at faren døydde. Han døydde ugift i 1894; dei siste åra skal han ikkje ha dreve større handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s