Bjørnsgard

Dette borgarsetet låg på sørsida av Nørvasundet og grunnen høyrte til Borgund prestegard. Husa på borgarsetet sto kanskje omtrent der nausta til Sunnmøre Museum ligg i dag, der det før var eit lite sund mellom Nørvasundet og Katevågen.

  Namnet skriv seg helst fra ein Bjørn som budde her først på 1600-tallet og som ga opphav til stadnamnet, Bjørnsskaret, seinare misforstått som Bjørnsgard. Mannen var neppe borgar, men ei Bjørns-Anne, kanskje enka, er nemnd mellom strandsittarane ved Nørvasundet i 1645, og ho dreiv nok handel.

  Den einaste borgaren vi kjenner til som har budd og handla her er JON JONSEN MEEN, som vi første gongen finn nemnd 1675. Han var truleg lik den Jon Jonsen fra Bergen som tok borgarskap i byen i 1673; i alle fall må han ha vore son av kipperen Jon Thomassen Meen fra Orknøyane som tok borgarskap i Bergen i 1630. Jon Meen ser ikkje ut til å ha vore heilt heldig med handelen. Han blir ofte omtala som fattig i 1680-åra, og i 1690 vitna tingmugen i Borgund at hand er en vdgaaen stachel, och for 2de aar siden har ej verit megtig, saasom der da var hos hannom mod 130 rixd. fordring, oc fantes ej dermed at betalle videre end til 17 rdr. Etter 1692 høyrer vi ikkje meir om han, og heller ikkje om handel på staden. Seinare var Bjørnsgard bustad for husmenn, ofte handverkarar, som budde her i trange kår.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s