Borgarseta i Nørvasundet

Vi reknar med Nørvasundet som strekninga fra og med Litje Kalvøya i aust til og med Hundsværholmen i vest. Gjennom tidene var 13-14 ulike borgarsete i bruk langs dette smale og stadvis svært grunne sundet mellom Nørvøya i nord og Oksnøya og Borgundgavlen i sør, sundet som bind ihop Ellingsøyfjorden og Borgundfjorden.

Rekna fra aust mot vest var desse: Litje Kalvøya, Svinøya og, vestetter på nørvøysida, Larsgarden, Nørveneset, Sandsberget, Lykkja, Dynga, Taskeberget og Sørneset; på sørsida av sundet Skuggen og Bjørnsgard. Og som eit framhald i vest: Hundsvær og Tyskholmen.

For tida fra borgarbusetnaden oppsto kring 1570 og i nær hundre år utetter er det ofte uråd å peike ut borgarane sine bustadar. Derfor må borgarane i Nørvasundet i denne tidbolken først omtalast under eitt. Her må det elles nemnast at Nørvasundet berre ligg nokre steinkast fra tuftene til kaupstaden Borgund. Det er svært truleg at den temmeleg bylike folkesetnaden langs strendene i Nørvasundet som vi kjenner han fra kring 1600 og utetter var eit framhald av kaupstaden, som ikkje treng å ha vore avfolka før i 1580-åra, seinast i 1587, då Margretekirka, byfolket si kirke, blei lagd ned og kirkelyden hennar overført til Peterskirka (no aust-vestskipet i Borgund kirke).

Utanom fleire borgarar budde mange handverkarar, sjøfolk og arbeidsfolk i Nørvasundet på 1600- og 1700-talet. Busetnaden var småbyurban, og staden må ha stått fram som ein levande tettstad. Dei borgarane vi kjenner her før alle kan fordelast visst på dei ulike borgarseta, skal reknast opp etter kvart som dei dukkar opp i kildene:

Y m s e  b o r g a r a r

POVEL på (Litje) Kalvøya er nemnd i 1606-07, men ikkje seinare, likeeins MIKKEL JENSSEN, mest truleg lik Mikkel Jenssen Smit som tok borgarskap i Bergen i 1605, men snautt den same som handla i Vegsund på denne tida. PEDER NILSSEN LAAREN er første gongen nemnd 1606-07; han  hadde truleg borgarskap i Bergen fra 1605. Peder handla kanskje på Sandsberget.

LAURITZ NILSSEN blei 1622-23 frastolen ein blå hatt, eit populært haudeplagg på denne tida, av ein kar fra Ellingsøya. Han var kanskje lik mannen av same namnet nemnd på Vågnesholmen noke før; kanskje lik Bonde-Lars, ein strandsittar som er nemnd i Nørvasundet i 1645. Han kan ha handla på Magevågneset, det seinare Sørneset. Stadnamnet Bondelarsvika er nemnt i 1666.

ERIK STØRKERSEN var 1623-24 i slagsmål med ein nabo; han må ha vore lik sunnmøringen av dette namnet som tok borgarskap i 1626, truleg lensmannsson fra Tennfjord og bror til borgaren Einar Størkersen på Hareid.

NILS PEDERSEN opptrådde 1627-28 som trelasthandlar; ikkje nemnd seinare. Ein samnemnd borgar skatta av odelsgods i Borgund i 1617 (truleg lik Nils Pedersen Strorup med borgarskap fra 1612), men det er uvisst om vi har med same mannen å gjere.

LAURITZ PEDERSEN er først nemnd her 1629. Han budde i Sundet, som var den tids namn på Larsgarden, som er oppkalt etter Lauritz. Han kan ha ha vore lik sunnmøringen av dette namnet som tok borgarskap i 1619. Han var daud i 1667 eller før. Sjå elles under Larsgarden.

Borgarane Lubert Thisfeld og Peder Vincensen er nemnde etter kvarandre i 1629 og mellom borgarane Hans Pedersen på Svinøya og Peder Nilssen Laaren, noke som kan tyde på at dei budde i Nørvasundet. Lubert Thisfeld tok borgarskap i Bergen i 1628. Han var fra Westfalen. Berre nemnd denne eine gongen. Peder Vincensen fra Turø i Danmark tok borgarskap i 1629. Han også omtalt i 1633, men bustaden hans er ikkje oppgitt. I 1629 er han oppført med tilnamnet Weigen, som kanskje kan lesast som Vika. I så fall budde han i Ålesund Utomsundet, sjå Øysteinsvika.

Borgarsonen HANS PEDERSEN LAAREN er nemnd som borgar på Svinøya i 1629 og nokre år utetter, sjå der. Broren JON PEDERSEN LAAREN tok borgarskap i Bergen i 1635. Han var son av borgaren Peder Nilssen Laaren. Jon handla her, mest truleg på Dynga, fra han fekk borgarskap og til han overlet handelen til sonen Peder Jonsen, truleg i 1673. Jon ser ut til å ha levde enno i 1679.

Borgaren KNUD JANSEN på Litje Kalvøya er først nemnd i 1633. Sjå meir om han der.

CORNELIUS i Taska er første gongen nemnd 1636-37. Han budde på Taskeberget. I 1645 var enka Anne ført som borgar. Ho levde enno i 1649, då Hans Grimmersen på Grimmergård stemnde ho for gjeld.

JENS PEDERSEN handla seinast fra 1642 på Svinøya, sjå der.

PEDER ANDERSSEN dreiv truleg handel her kring 1650, men det er uvisst om han var borgar. Han var helst lik Per Løche eller Løche Peder som er nemnd fra 1636-37 og utetter til 1666. Han budde i Lykkja (sjå der).

JOHANNES ANDERSSEN er nemnd som strandsittar i sundet i 1645; også nemnd i 1650 på ein måte som tyder på at han dreiv handel. Ikkje nemnd seinare.

SØREN MIKKELSEN busette seg her i 1648 eller noke før. Han hadde tidlegare vore kjøpsvein i Hanken. Han var fra Østfold og tok borgarskap i Bergen i 1643. Han budde på Magevågneset til han døydde kring 1685. Sjå meir om han under Sørneset.

MIKKEL HANSSEN fra Langeland på Jylland tok borgarskap i Bergen i 1643 og er første, og einaste gongen nemnd her i 1652, i samband med ein strid mellom han og naboborgaren Søren Nilssen. Begge budde på nordsida av sundet, Søren truleg på det seinare Sandsberget, Mikkel helst på Taskeberget.

SØREN NILSSEN også ein danske, med borgarskap i Bergen fra 1645, anten fra Randers eller Århustraktene (han kan ha vore bror til Tyge Nilssen Castberg på Vågneset, jf Bjørkavollen), er nemnd i 1652, men ikkje seinare.

DIDRIK GJERTSEN fra stiftet Bremen med borgarskap i Bergen fra 1640, er nemnd her første gongen 1657 (Dirich Geerdtz). Han levde enno i 1675 og handla helst på Taskeberget.

ALBERT CRAGTBØGELL, truleg også ein borgar, budde ein stad i Nørvasundet i alle fall 1665-67. Seinare ikkje nemnd. Han kan ha handla på Larsgarden.

MIKKEL JONSEN LAAREN, son av borgaren Jon Pedersen Laaren, mest truleg på Dynga, tok borgarskap i Bergen i 1665 og tok seinast til å handle her i 1669. Han ser ut til å ha vore i live 1684;  handla mest truleg på Sandsberget.

LARS KJØSTELSEN, ein romsdaling som tok borgarskap i Bergen i 1674, er nemnd her i 1675. Han budde på Larsgarden til han døydde i 1691 eller 1692. Sjå der.

JON JONSEN MEEN, truleg med borgarskap fra 1673, handla på Bjørnsgard, der han budde til 1688, i alle fall. Sjå der.

PEDER JONSEN LAAREN, son av borgaren Jon Pedersen Laaren, tok borgarskap i Bergen i 1673 og er første gongen nemnd som borgar i Nørvasundet i 1675. Han handla på Dynga, der han skal omtalast nærare.

Etter denne gjennomgangen av borgarane og kremmarane i Nørvasundet fram til midten av 1670-åra, kan vi gå over til å omtale dei einskilde borgarseta ved sundet. Somme av dei ovannemnde borgarane har eg forsøkt å plassere på seinare kjende borgarsete, men eg gjer merksam på at dette er reine forsøk, ikkje noka endeleg og viss plassering.

Nærare om dei einskilde borgarseta i Nørvasundet, sjå under:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s