Hundsvær

Staden blir ofte, men misvisande kalla Tyskholmen, som er eit yngre namn på den mindre holmen vest om Hundsvær, opphavleg Hundsværholmen. Den første kremmaren på Hundsvær var kanskje INGEBRIGT NILSSEN, ein sunnmøring som tok borgarskap i Bergen i 1614. Han kan ha vore lik mannen av same namnet på Hundsvær som i 1613-14 laut bøte 23 daler for å ha lege i frillelevnad med ei jente fra Ratvika. Den digre bota kan tyde på at det dreidde seg om ein borgar. Ingebrigt er  ikkje nemnd elles. I nærare eit halvt hundreår finn vi så ikkje kremmarar nemnde på Hundsvær.

  Kring 1660 tok ein borgarson fra Urvika, ANDERS JONSEN, til å handle her. Anders hadde ikkje  borgarskap i Bergen, og i 1667 laut han bøte 1 mark sølv (kring 8 rd) for å ha drive ulovleg handel. I 1670 tok han borgarskap. I 1684 høyrer vi om han siste gongen.

  Sonen JON ANDERSSEN tok til å handle her seinast i 1685 og dreiv til han døydde i 1688. Han var også lensmann i Borgund 1684-88. Skiftet etter Jon Anderssen og kona Margrete Willumsdatter er det første som er innført i den eldste bevarte skifteboka for Sunnmøre, 27. mars 1689. Aktiva i buet var sette til vel 364 rd, passiva til 162 rd. Dette vitnar om god velstand, men ikkje om rikdom anna enn i høve til vanlege bønder. I 1690-åra ser det ikkje ut til å ha vore handel på Hundsvær.

  I 1699 handla ein strandsittar, CHRISTIAN CRONDAL fra Trondheim, i Borgund skipreide ein stad. Sidan det er svært vanskeleg å plassere han på andre borgarsete er det muleg at han handla på Hundsvær. Han er ikkje nemnd elles.

  Kring 1730 blei handelen her blei tatt opp att av ein merkeleg mann, ABRAHAM SCHIORTER, som seinast var etablert i 1730. Han hadde før budd på Tangen ved Strømsø, dvs dagens Drammen, der han i 1722 er kalla bordhandlar. I tidbolken 1750-57 var Schiorter tollvisitør på Sunnmøre, og i 1754 blei han kalla «kongelig visebyskriver i Bergen». Mad. Shorter, Marte Karine Heide, er nemnd i forordet til første bandet av Hans Strøm: Søndmørs Beskrivelse, der han skriv at ho hadde gitt han den første Underviisning i urtelære og at ho hadde hjelpt han mykje med hans Natural-Samlinger«. I Botaniske Ting, skriv han vidare, hadde ho en Kundskab, hvoraf faa blant hendes Kiøn skal kunde rose sig. I første halvdelen av 1740-åra ser Schiorter ut til å ha gitt opp handelen. Han opptrådde stundom som prokurator, men utan prokuratorløyve, ser det ut til.

  1752-58 svarte NICOLAI MARTIN BUSCH, meisterparykkmakar fra Bergen, handelsskatt her. I 1757 heitte det at Busch var forarmet, i 1759 at han var reist. Seinare ser det ikkje ut til å ha vore drive handel på Hundsvær.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s