Larsgarden

LARS KJØSTELSEN, mest truleg lensmannsson fra Eikrem i Bolsøy, Romsdal, sette seg ned her kring 1674, same året som han tok borgarskap i Bergen; han sa opp borgarskapet i 1687og døydde i 1691 eller 1692.

  Enka ekta kring 1694 ein annan romsdaling, ANDERS LARSSEN AARØE fra Ytre Årø i Bolsøy, som handla her til han døydde i 1714.

  Enka overlet då handelen til sonen HANS LARSSEN SMITH. Han var i verksemd like til 1760, handelsskatt 1744-60, og døydde i 1765. Av Larsgarden kunne det i 1749 svarast 8 rd årleg i staden for konsumpsjon og handelsskatt.

  Enka etter Hans Larssen selde borgarsetet og garden i 1769 til ANDERS LUTH på Nørveneset, som kanskje handla på her ei tid, men i 1785 blei ikkje staden rekna som kremmarsete. Det kan sjå ut til at Luth budde på Larsgarden. I 1801 budde sonen hans, Johan Windeler Luth, på staden: før handelsmand, nu bonde og gaardbruger, jf Lorkeneset. Etter han brukte sonen Johannes Boldt Luth Larsgarden til 1853, fra 1819 berre eitt av bruka.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s