Litje Kalvøya

Øya blei kalt både Kalvøya og Kalven, og naboøya Svinøya i vest i kunne bli kalt likeeins, enten fordi ho var oppfatta som Nørvøya sin “kalv” eller fordi ho blei rekna som den litje Kalvøya i høve til den større (Litje) Kalvøya. I 1645 blei t.d både (Litje) Kalvøya og Svinøya begge nemnde som Kalffuen. Dette blir ikkje mindre innvikla når vi veit at Borgund hadde ei anna Kalvøy, dagens Store Kalvøya vest om Søvika og dessutan ein annan Kalven, nemleg Humlekavlen. I tillegg ligg holmen Kalven (Kalvøykalven) mellom Litje Kalvøya og Svinøya.

  Mellom dei bøtlagde borgarane på Sunnmøre i 1606-07 var Pouell i Kalfføenn. Rimelegvis budde han her, men visst er det ikkje. Han var kanskje lik den POVEL EBBESEN som tok borgarskap i Bergen i 1607, og som seinast i 1616 budde i Skarbøvika (sjå der), for dette er den einaste borgaren Povel vi kjenner på denne tida.

  Den neste kjende borgaren her var Knud i Kalffuen. Han er nemnd første gongen i 1633. Det fulle namnet hans var KNUD JANSEN, eventuelt Knud Jenssen, men året han tok borgarskap er ikkje kjent, om han ikkje var lik den førre borgaren på Gåsholmen (sjå der). Han levde enno i 1645, men døydde seinast i 1650. Ingen handel etter denne tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s