Nørveneset

Staden seinare kalla Lutheneset og Bangneset. Midt i 1750-åra kom ANDERS JANSEN LUTH, ofte  kalla Andreas, kjøpmannsson fra Bergen, hit og tok til å handle, seinast i 1756, då han ekta klokkardattera Helene Sofie Müller fra Store Nørve. Luth svarte handelsskatt 1756-93, men er omtala som kiøbmand enno i 1805. Han budde kanskje på Larsgarden dei siste 9-10 åra han levde. I 1785 heitte det om Nørveneset:

 

Dette stæd har ejeren for 20 til 30 aar siden paa øde tompt bebygget med gode kiøbmandshuuser. Stædet ligger belejlig, i sær for endeel almuesmænd af Valde, Grytten og Vatne skibreeder, som passerer dette stæd og for det meste her har sin handel. Stædet som beqvem ansees i øvrigt fornøden baade nu og fremdeles.

 

  I 1794 selde Luth Nørveneset til JOHAN CHRISTOPHER DANHOLM, kremmarson fra Drynesund, som svarte handelsskatt 1794-1806. Han flytta så heim til Drynesund, der han handla seinare. Danholm hadde kongeleg kremmarløyve fra kring 1795.

  I 1805-06 selde han Nørveneset til JACOB KNUDSEN BANG, truleg lik Jacob Bang fra Odense som tok borgarskap som bondehandlar i Bergen i 1797. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1807 og svarte handelsskatt 1807-27. Seinare ingen handel. Sonen Knud Bang overtok plassen i 1832. Han flytta seinare til Ålesund, der han har stor etterslekt.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s