Sandsberget

Det opphavlege namnet ser ut til å ha vore Lagberget eller Laberget. Her blei det nok dreve handel på heile 1600-tallet, men først fra 1680-åra er det råd å namngi med full visse dei som dreiv han. Her reknar vi med at første borgaren på staden var PEDER NILSSEN LAAREN. Han hadde truleg borgarskap fra 1605 og levde i 1645, men er ikkje nemnd seinare. Han hadde minst to søner som blei borgarar i Nørvasundet, Jon Pedersen på Dynga, mest truleg, og Hans Pedersen på Svinøya.

  Ettermannen hans var truleg SØREN NILSSEN, som er nemnd berre i 1652, men dette er  uvisst.

  Meir visst er det at sonesonen MIKKEL JONSEN LAAREN handla her. Han hadde borgarskap fra 1665. I 1668 var han oppe i ei alvorleg smuglarsak i lag med bergenskjøpmannen Johan Springpill. I 1684 blei det halde ting i Mikkel sitt hus, og han levde kanskje enno, men som aktiv borgar er han ikkje nemnd i 1680-åra.

  Om opphavet til stadnamnet skreiv Hans Strøm i 1750-åra:

 

Sandsberget i Nørvesund har sit nafn af en raadmand i Bergen nom: Lars Sand; thi tilforn var brugeligt, at Bergens raadmænd holdte kiøbsvenner her hiemme; men disse holdte saaledes huus, at de tilsidst bleve sine egne herrer, deres principaler til liden fordeel.

 

I alle fall den første delen av denne tradisjonen kan stadfestast: LAURITZ OLSEN SAND, rådmann og kjøpmann i Bergen, heldt i det minste 1683-89 ein kjøpsvein her. Vi veit at Lauritz Sand allereie i 1650-åra dreiv handel på Sunnmøre, og det er ikkje utenkeleg at han kan ha halde kjøpsveinar her like fra den tida. Sand sin kjøpsvein heitte Ole, truleg lik brorsonen OLUF JENSSEN SAND, som tok borgarskap i Bergen i 1681.

  Seinast i 1691 var PETER CLAUSSEN SAXDORF etablert her. Han var fødd i Holstein og tok borgarskap i Bergen i 1669. I 1679 ser han ut til å ha budd på Sunnmøre, men vi veit ikkje kor, men  kanskje var det på Synesvold, der han budde fra kring 1700. Peter Claussen Saxdorf er siste gongen nemnd i Nørvasundet i 1697, i 1701 budde han på Synesvold.

  I 1701 leigde skreddaren Tyge Sørensen husa på Sandsberget. Han var helst son av borgaren Søren Nilssen. Tyge dreiv ikkje handel. Han budde seinare i Bjørnsgard. Ein bror av Tyge var klokkaren i Borgund fra kring 1707, Ludvig Sørensen, som også budde på Sandsberget.

  I 1710 blei SØREN JENSSEN FISCHER, kremmarson fra Sørneset, utnemnd av amtmannen til gjestgivar og lensmann i Borgund, og han tok truleg til å handle her same året. Søren Fischer avsto i 1715 lensmannsombodet til Didrik Kohte på Sørneset, men er også nemnd som lensmann i Borgund midt i 1730-åra. Fischer døydde i 1740; då hadde han kanskje ikkje handla på ei stund.

  Så overtok, truleg i 1740, PETER MÜLLER, ein snekkarson fra Bergen (bror til klokkaren Berent Müller på Store Nørve), handelen. Han døydde allereie i 1743, fallitt. Mest truleg hadde han mista både liv, jekt og gods under eit forlis.

  I 1744 tok STEPHEN JACOB THODE, kremmarson fra Lorkeneset, til å handle her. Han svarte handelsskatt 1744-53, enka 1754. I 1749 heitte det at Sandsberget låg alt for nært naboborgarseta Larsgarden, Taskeberget, Sørneset og Tyskholmen og at det derfor agtes og ansees ufornøden, men om det skulle vedblive kand deraf ei mere svares eller gives end 4 rd aarlig. På skiftet etter Thode i 1754 blei midlane i buet sette til 1351 rd, skulda til 910 rd. På skiftet etter enka i 1757 var buet i utgangspunktet fallitt, men etter auksjon kom midlane opp i 1709 rd; skulda var 1397 rd,

  Handelen låg så nede eit par år, til HANS HANSSEN LORCH, også kremmarson fra Lorkeneset og Thode sin søsterson, overtok i 1758; han kjøpte husa på staden for 550 rd. Handelsskatt 1758-60. I 1761 selde han staden til konsul Alexander Wallace i Bergen, som i 1763 selde vidare til Knud Pedersen Hasund på Sørneset for 400 rd. I 1762 budde borgarenkaenka Magdalena Langeloe (sjå Brunholmen) her, men ho dreiv snautt handel.

  Kring 1770 kom RAPHEL HASUND, lensmanns- og kremmarson fra Sørneset, hit og bles liv i handelstradisjonane. Han svarte handelsskatt i tidbolkane 1770-78 og 1794-1809 og fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. I 1785 blei ikkje Sandsberget rekna med mellom borgarseta.

  Då Raphel Hasund døydde i 1809 overtok sonen LARS LETH HASUND garden til faren på Store Nørve medan borgerhusene på Sandsberget blei selde til Elias Rønneberg på Valderhaug (Laberget III), som ikkje dreiv handel her. Truleg leigde Lars Leth Hasund husa av Rønneberg. Hasund svarte gjestgivarskatt 1818-27 og døydde i 1828, og enka til og med 1837; seinare har det ikkje vore dreve handel her. Lars Leth Hasund var ætling i femte leddet av borgaren Søren Mikkelsen på Sørneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s