Skuggen

Den første kjende kremmaren på staden er CHRISTIAN ANDERSSEN HOLM, som var komen hit seinast i 1689. Han hadde før vore bartskjær (barbér og kirurg) på bergenske defensjonsskip; til 1678 regimentfeltskjær ved Opplandske regiment. I Skuggen dreiv han både som kirurg og apotekar utanom handelen, som han helst dreiv på grunnlag av status som tidlegare militær. Christian Holm døydde kring 1695.

  Enka ekta seinast i 1699 PEDER RASMUSSEN RØDSET, bondeson fra Rødset i Borgund som hadde tient for baadsmand paa K: M: flaade udj 8 aar, som det heitte om han i 1699. Han døydde i 1708 og det blei halde skifte etter denne handelsmand i 1710. Aktiva i buet var nær 514 rd, passiva 133 rd (m.a skuld til kjøpmann Mads Forman i Bergen 80 rd). Buet åtte ikkje jekt, men rikeleg med kjøpmannsvarer (for 219 rd).

  Enka, MAREN CHRISTENSDATTER SOMMER, dreiv så handelen til ho kring 1712 ekta HANS JACOBSEN THODE, ein vel 20 år gammal borgararson fra Lorkeneset, som handla her til 1713, då han drukna på Valderhaugfjorden. Maren dreiv så handelen til ho døydde året etter, i 1715; ho hadde då overlevd tre menn. På skiftet etter denne dydrige og gudelskende matrone same året var aktiva i buet sette til nær 1099 rd (av dette 394 rd i kram- og kjøpmannsvarer og vel 202 rd i uteståande fordringar, fordelt på 155 debitorar), passiva til vel 698 rd.

  Same året, i 1715, overtok versonen PETTER HANSSEN HØGH, bror til borgaren Jørgen Hanssen Høgh i Vegsund. Han handla her til han døydde i 1730.

  Enka Helvig Kristine Holm gifta seg så på ny med RASMUS RASMUSSEN ERSTAD, bondeson fra Erstad i Skodje, som heldt fram med handelen fra 1731. I 1737 fekk denne velfornemme mannen skøyte på husa i Skuggen av Elisabet Wig, enka etter Jørgen Hanssen Høgh, for 220 rd. I 1742 opplyste Rasmus at han hadde handla i 6 år; han svarte ikkje handelsskatt fra 1744 og utetter til han døydde i 1753, grundig fallit.

  I 1749 heitte det at Skuggen er gandske unøvendig for handel, og kand det heller ikke tollereres i henseende til brendevinssahl paa søn- og helligdager, siden det ligger Borgens kirke alt for nær; såleis kunne staden heller ikkje settast for noka årleg avgift.

  I 1758 kjøpte MICHAEL AALUM af Molde staden. Han svarte handelsskatt berre i 1759. I 1772 flytta han til Valderhaug, der han var tollbetjent. Seinare ingen privilegert handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s