Sørneset

Dette neset, opphavleg Magevågneset, mellom Magevågen (Sørnesvågen) i nord og Taskesundet og Taskeberget i sør kan ha vore bustad for borgarar allereie fra kring 1570, men vi kjenner ikkje namna deira. Kanskje budde  Mikkel Jenssen (Smitt) her i 1606-07, men han kan like gjerne ha budd på Taskeberget. Borgaren Lauritz Nilssen, nemnd som strandsittar i Nørvasundet i 1645 under namnet Bonde-Lars, kan ha budd her sidan, men det er ikkje råd å seie meir om dette.

  Den første kjende borgaren på staden er SØREN MIKKELSEN, som tok til å handle her i 1648 eller noke før. Søren tok borgarskap i Bergen i 1643, og det heitte då at han var fødd på Bø, Idd i Østfold (truleg Herrebø). Før han slo seg ned på Magevågneset (Magdevognes, som det feilaktig blei skreve), seinare Sørneset («Sørenneset») etter Søren, hadde han vore kjøpsvein i Hanken for bergensborgarmeisteren Rasmus Lauritzen Stud. Søren døydde i 1685 som ein velstandsmann, for eiga i buet var vel 398 rd. I 1680-åra blei han kalt gjestgivar. Søren og kona Maren hadde svært stor etterslekt mellom borgarane på Sunnmøre på 1700-talet.

  Enka etter Søren ekta JENS LARSSEN FISCHER, av ukjent opphav, som kom hit sist i 1680-åra. Han var lensmann i Borgund fra kring 1688 til han døydde i 1708.

  Enka Maren dreiv så handelen til 1712, då ho ekta DIDRIK DIDRIKSEN KOHTE, også av ukjent opphav, som tok over handelen og i 1715 ombodet som lensmann i Borgund, som stesonen Søren Jenssen Fischer hadde hatt nokre år. Didrik Kohte døydde i 1734.

  Same året tok KNUD PEDERSEN HASUND til å handle her. Han var bondeson fra Ulstein, og kom truleg til Sørneset gjennom trulovinga med Else Margrete Leeg, ei datterdatter av Søren Mikkelsen. Dei blei gifte i 1735. Hasund var lensmann i Borgund fra 1734 til han døydde i 1765. I 1747 fekk han gjestgivarløyve av amtmannen. Dette løyvet blei stadfesta av kongen i 1750. Han svarte handelsskatt 1744-59.

  Versonen JOHAN CARL FREDRIK BRENNICHE, ein bergensar, tok over etter verfaren som lensmann og vel også som gjestgivar. Han svarte aldri handelsskatt. Brenniche hadde tidlegare vore kremmar på Indre Brandal. Kring 1772 flytta han til Valderhaug, der han budde som tollinspektør og døydde i 1773.

  I 1773, eller kanskje litt før, kom JOHANNES BOLDT hit fra Vågnesholmen. Han var gjestgivar, men utan å svare skatt av denne næringa.

  I 1775 fekk verbroren til Boldt, NILS WIND på Taskeberget, skøyte på husa på Sørneset av konsul Alexander Wallace i Bergen. Sørneset blei så lagt under Taskeberget, men det kan hende at Boldt heldt fram med gjestgiveriet her ei tid. Fra 1790-åra og utetter var Sørneset sete for embetsmenn til midten av 1800-tallet. Sorenskrivar Ole Severin Kildal var første embetsmannen som budde her.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s