Taskeberget

Den første borgaren som er uttrykkeleg nemnd i Taska eller på Taskeberget heitte CORNELIUS, men han treng ikkje å ha vore første borgaren på staden. Han budde her i 1636, men var daud før 1645, då enka Anne er ført som borgar.

  Til liks med Sørneset og Sandsberget kan Taskeberget ha vore mellom dei aller eldste borgarseta i Nørvasundet, fordi desse tre borgarseta var dei mest bestandige, varige og lengstdrevne, av alle, og det er rimeleg å tenke seg at Mikkel Jenssen, nemnd i 1606-07, budde på ein av desse stadane, men helst her eller på Magevågneset (fordi vi har valt å føre Peder Nilssen Laaren under Sandsberget).

  Opphavet til borgaren Cornelius er ukjent, men ein Cornelius Mortensen fra Fanø ved Ribe kan vere ein god kandidat; han tok borgarskap i 1630.

  Cornelius sin ettermann på Taskeberget kan ha vore borgaren MIKKEL HANSSEN, som er nemnd i Nørvasundet i 1652. Han tok helst borgarskap i 1645 og kan ha vore fra Randers eller traktene ved Århus. Kona heitte Anne Henriksdatter, og ho var kanskje lik enka etter Cornelius.

  Neste borgaren her kan ha vore DIDRIK GJERTSEN, ein tyskar fra stiftet (bispedømet) Bremen som tok borgarskap i 1640. Han var glasmakar og budde i 1645 i lag med kona i Bergen. Seinast i 1657 budde han i Nørvasundet ein stad, helst på Taskeberget. Enno i 1675 var denne Dirick Gertsen verksam, men han er ikkje nemnd seinare.

  Seinast fra 1687 dreiv JØRGEN JOHANSEN BØRKOP, borgarson fra Valderhaug, handelen her, men utan å ha borgarskap i Bergen. I 1685 inngikk han ekteskap, og kona heitte Anne Didriksdatter, truleg ei datter av den førre borgaren her. I 1690 ga Jørgen opp handelen, kjøpte garden Slotsvika på Ellingsøya og flytta dit, der han seinare budde som bonde.

  I 1691-92 heldt NILS PEDERSEN ASSENS, borgar på Grimmergård i Ålesund Innomsundet, ein kjøpsvein, eller helst: ei kjøpmøy, her, LYKKE TOMASDATTER, kona til skomakaren Marcus i Skjellsundet ved Skuggen.

  Ein ny kremmar kom hit i 1693, nemleg HANS ANDERSSEN MOLBERG, som handla her til han døydde i 1707. Han er nemnd på Sunnmøre allereie i 1680, men vi veit ikkje kor han budde då, heller ikkje kor han kom fra, men kanskje var han fra Steinvågen. Han ser ut til å ha tatt borgarskap som skipper i Bergen i 1683. På skiftet etter denne agtbare og fornemme mannen i 1707 blei aktiva sette til vel 1101 rd, passiva til nær 862. Buet hadde mykje kjøpmannsvarer (for vel 464 rd) og ei heil mengd, 346, skuldmenn i skipreida Borgund (177), Valle, Hjørundfjord, Gryta og Ørsta. Buet åtte ikkje jekt. Enka Anne Sørensdatter handla her til 1711.

  Då ekta ho JONAS CHRISTIANSEN HOLM, kremmarson fra Skuggen. Jonas forliste med Nils Pedersen Assens si jekt i 1718 og omkom i lag med fire andre. 20. november heldt så soknepresten likpreike

 

… ofver disse velfornemme medchristne, som paa Stadshafvet Søndagen d. 9 octobris med Jagt, folk og goets ere forgangne paa deris hiemreyse her til Borgens Præstekald, nemlig (1) Niels Pedersen Assens, Borger udi Aalsund. (2) Jonas Christiansen Holm, Borger paa Taskebierget. (3) Søfren Pedersen Bije. (4) Søfren Ronglesen, og (5) Lars Larsen.

 

  På skiftetet etter denne achtbare og fornemme Borger og Handelsmand Jonas Christensen Holm i 1719 var midlane i buet vel 675 rd, skulda nær 800 rd. Enka tok då hand om handelen til ho i 1721 gifta seg tredje gongen, med TYGE JACOBSEN JØRGENDAL, kremmarson fra Liavågen, som handla her til han døydde i 1739, fattig og kanskje fallitt.

  I 1740 fekk HANS JACOBSEN THODE den yngre fra Lorkeneset (halvbror til den langt eldre halvbroren Hans Jacobsen Thode den eldre i Skuggen) skøyte på husa. Thode svarte handelsskatt 1744-59. I 1749 blei Taskeberget vurdert til å kunne svare 8 rd årleg avgift i staden for handelsskatt og konsumpsjon. Det var såleis ikkje mellom dei beste kremmarseta i futedømmet. På skiftet etter kona i 1751 blei midlane sette til 2819 rd, skulda til 1819 rd, så Thode var enno ein velstandsmann.

  I 1760 gikk Thode konkurs, men budde her enno i 1762, truleg som kjøpsvein for COMPAGNIET EEG & ORD på Molde, som etter alt å dømme fekk tilslaget på husa i 1760. Dette føretaket handla også på Tyskholmen. Thode døydde i 1792 som ekspedisjonstollbetjent i Trondheim.

  I 1769 selde ein av dei opphavlege kompanjongane i handelskompaniet, John Ord, Taskeberget vidare til NILS WIND, bakarson fra Trondheim, som straks tok til å handle her. Handelsskatt 1770-99, enka 1800. I 1785 heitte det om Taskeberget:

 

Eet gammelt handelsstæd ved mundingen af et sund, hvorigiennem er en idelig fart af almuesmænd og andre rejsende. Stædet er i øvrigt vel bebygget og i sær med søehuuser, da ejeren har lagt under sit brug et gammelt handelsstæd Magdevognesset forhen tilhørende huuse. Ejeren fører en anseelig handel og stædet er som beqvemt fornøden baade nu og fremdeles.

 

Wind la under seg Magdevognesset, Sørneset eller Magevågneset i 1775. Han handla også på Ytre Brandal i lang tid, og enka hans etter han. I 1796 fekk han kongeleg kremmarløyve for Taskeberget.

  Sonen NILS WIND junior overtok i 1801 og svarte handelsskatt 1801-03. Han flytta til Molde i 1804, men omkom i 1807 i lag med kona, to barn og fire andre på reise mellom Ålesund og Molde.

  I 1804 fekk Henrik Finde Heiberg skøyte fra Nils Wind junior på Taskeberget. Han var son av ein kjøpmann, seinare proprietær ved Bergen; sjølv var han skipper. Heiberg døydde same året han kjøpte Taskeberget, truleg utan å ha komme i gang med handel. I boka om Heibergætta heiter det at han blev borte paa en Amerikareise; på Sunnmøre heitte det at han var «bortreist» for å gøyme seg for kreditorane.

  Futen Ole Christian Bull fekk auksjonsskøyte på Taskeberget i 1805 og selde same året vidare til PEDER OLSEN TONNING, kremmarson fra Togning i Stryn, som fekk gjestgivarløyve for staden 18. oktober 1806 og kremmarløyve 19. desember same året. Han svarte handelsskatt 1807-11. I 1811 flytta han til Steinvågneset, der han også dreiv handel. Etter denne tid var det ingen handel på Taskeberget.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s