Tyskholmen

T y s k h o l m e n

 

Det opphavlege namnet er Hundsværholmen. Stephen Bertelsen Arentz, oftast kalla Stephen Tysk, har gitt opphav til det noverande namnet, som i dag stundom blir brukt om sjølve «øya» Hundsvær. I Borgundboka heiter det at Claus Reimers handla her fra 1650 til 1683, men einaste gongen eg har funne bustaden til borgaren Claus Reimers nemnd, i 1675, er han oppgitt til Fyllingen.

  Den første kremmaren vi kjenner her er JENS OLUFSEN, av somme tillagd ættnamnet Blix, som var borgar og er nemnd første gongen i 1675. Han er då oppført under «Hundsvær», som også kunne vere fellesnamn på holmane, men han budde etter alt å døme på Hundsværholmen. Jens Olufsen var lensmann i Borgund c1680-83. Ikkje nemnd seinare. Jens Olufsen kan ha vore lik bergensaren av same namnet som tok borgarskap i heimbyen i 1669.

  I 1687 finn vi første gongen nemnd STEPHEN BERTELSEN ARENTZ, som handla her til han døydde i 1723, då det heitte at han var fødd på (øya) Rügen i Bremen stift. Stephen Bertelsen ser ikkje ut til å ha hatt borgarskap i Bergen. Det kan tenkast at han kom til Sunnmøre via Kontoret på Bryggen, men inkje tyder på at han var stråmann for Kontoret medan han var på Sunnmøre.

  Enka etter Arentz ekta i 1724 ALBERT ULRICHS, kjøpmannsson fra Bergen, jf Fyllingen, og søsterson til godseigaren Christen Sæd på Molvær. Albert Ulrichs dreiv borgarsetet opp til å bli eit av dei største på Sunnmøre. I 1729 mista Ulrichs ei stor jekt, 20 lester drektig, med fiskevarer på Stadhavet. Han døydde grunnrik i 1742.

  Etter han overtok CLAUS CLAUSSEN SVERTZ junior, kremmarson fra Slinningen, handelen. Handelsskatt 1745-58. Også Svertz dreiv det stort, men med ringt utbytte i høve til føremannen. I 1749 blei Tyskholmen vurdert som eit av dei mellomstore borgarseta, med ei årleg avgift på 8 rd i staden for konsumpsjon og handelsskatt.

  I 1758 laut Svertz selje borgarsetet til tremenningen HANS HENRIKSEN HOLTERMANN, då kjøpmann på Molde, men før kremmar i Djuvika og på Brunholmen. Holtermann heldt kjøpsveinar her 1758-60. Samtidig handla han på Giskegard. Namna til kjøpsveinane hans er ikkje kjende, men kanskje var Claus Svertz den første; han døydde i 1759.

  I 1760 selde Hans Holtermann borgarsetet til COMPAGNIET EEG & ORD på Molde. Eigarane var romsdalsfuten Jacob Andreas Eeg og verbroren John Ord, ein skotsk kjøpmann på Molde. Kompaniet handla på Tyskholmen 1761-64 ved kjøpsveinar. Kjøpsveinane i 1762 var JENS HANSSEN BRANDAL, sidan kremmar på Indre Brandal, og SIVERT OLSEN, som heldt fram som kjøpsvein då JOHN ORD overtok handelen åleine då kompaniskapet med Eeg opphøyrde. Ord svarte handelsskatt 1765-67. Kjøpsveinen hans var enno Sivert Olsen, som seinare blei kremmar på Herøy. Ein annan kjøpsvein for Ord på denne tida var PEDER ERIKSEN KIØL.

  Handelen på Tyskholmen låg så kanskje nede til 1772, då ERIK LYCHE på Molde let kona drive handel her. Året etter flytta han sjølv hit. Handelsskatt 1773-75. Lyche gikk fallitt og tok seinare til å organisere produksjon av tangoske på Sunnmøre. I 1801 budde Lyche i Skutvika.

  Verbroren JENS ANDREAS MADSSEN WIDERØE, kjøpmannsson fra Molde, tok til å handle på Tyskholmen i 1776. Han svarte handelsskatt 1776-93, enka 1794-97 og ein kjøpsvein for buet 1798-1800. I 1785 heitte det om staden:

 

Eet gammelt handelsstæd, beqvemt og fornøden baade nu og fremdeles. Stædet er vel bebygget og ligger i passagen for almuen.

 

Kjøpsvein for Widerøebuet var KNUD BRECKE, seinare kremmar på Brunholmen. Widerøe fekk kongeleg kremmarløyve i 1792.

  Sonen JENS CHRISTIAN WIDERØE fekk kongeleg kremmarløyve i 1800 og svarte handelsskatt 1801-05.

  I 1804 selde Jens Christian Widerøe borgarsetet til broren HANS ANDREAS WIDERØE, som fekk kongeleg kremmarløyve i 1806 og tok til å svare handelsskatt same året. I 1814 kjøpte han storgarden Molvær og flytta dit før 1816. Widerøe svarte handelsskatt ut 1827 og kan ha handla på Tyskholmen like til 1821.

  Dette året selde hans staden til haugianaren LARS BAKKE fra Hallingdal, ein slektning av kremmaren Webjørn Svendsen i Ørstavik. Lars Bakke svarte handelsskatt 1828-51, enka 1852-63. Etter at handelen var slutt på Tyskholmen flytta Lars Bakke junior husa til Nordigård i Ålesund, der han var kjøpmann fra 1851. Husa blei oppsette på hjørnet av noverande Kongensgate og Tollbugata; dei strauk med under bybrannen 1904.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s