Grimmergaard II

I 1738 fekk JOB JACOBSEN THODE, kremmarson fra Lorkeneset, skøyte fra Anne Lucia Assens på dei husa ho før hadde budd i på Grimmergård samt grunnen dei sto på. Thode handla her truleg allereie fra den tid. Han svarte handelsskatt 1744-57, enka 1758. I 1749 blei Grimmergård sett til 12 rd årleg i staden for handelsskatt og konsumpsjon. Thode døydde fallitt. På skiftet i 1758 ble aktiva sette til 5592 rd, passiva til vel 6649 rd; den største kreditoren var kjøpmann Johan Henrik Pytter i Bergen (nær 2188 rd).

  COMPAGNIET MOSES & LESLIE (John Moses & Co) kjøpte borgarsetet i 1759 for 1170 rd. Dei leiande figurane i kompaniet då var engelskmannen John Moses, skotten William Leslie og Johan Anton Luytkis, alle kjøpmenn i Kristiansund. Før hadde også John Ord, kjøpmann på Molde, vore med i kompaniet (sjå Tyskholmen). Handelen på Grimmergård dreiv dei ved kjøpsveinar. Vi kjenner følgande:

  HANS JACOB KLÜWER (1761), seinare kremmar på Brunholmen, og PETER WESSEL (1762-63). Wessel handla fra 1764, då handelskompaniet blei oppløyst, for WILLIAM LESLIE aleine. Wessel døydde kring 1766 og enka blei gift med Nils Wind på Taskeberget. Kjøpsveinar for Leslie var: ANTON HENRIK BÜHNEMANN (1767-71), tente seinare Leslie i Kristiansund, JENS BRINCH POLS (1772-75), kremmarson fra Drynesund og sidan kremmar på Stordalsholmen, og OLE LARSSEN (1776-82), seinare kremmar på Slinningen. I 1779 selde Leslie borgarsetet til den neste kremmaren, men handla her ut 1782.

  Kjøparen var JØRGEN JØRGENSEN HØGH junior, kremmarson fra Djuvika og før kremmar i Ørstavik. Han svarte handelsskatt 1783-95, enka 1796-1802. Han hadde kongeleg kremmarløyve fra 1780.  I 1785 heitte det om staden:

 

Eet gammelt handelsstæd, vel bebygget, fører en stor handel.

 

Høgh dreiv også handel i Støylehamn i Sande og på Vattøya i Ulstein. Enka busette seg i 1803 i Ørstavik, der ho handla nokre år før ho flytta til Bergen.

  Sonen deira, ARENT JØRGEN HØGH, overtok Grimmergård i 1803 og svarte handelsskatt 1803-12. Han flytta så til Vattøya i Ulstein. I 1813 selde han borgarsetet på Grimmergård til kjøpmann Johan Ludvig Mowinckel i Bergen for 2500 rd. Mowinckel dreiv ikkje handel her.

  Den neste kremmaren var JØRGEN ANDERSSEN, etter tradisjonen hestehandlar fra Romsdalen, kalla Heste-Jørn, som overtok kring 1818. Han var verson til Nicolai Ulrich Wingaard på Hella. Anderssen tok borgarskap i Ålesund i 1826. Jørgen Anderssen var elles dansk konsul.

  Både han og kona levde enno i 1865, men føretaket var då overtatt av sonen, cand jur JOAKIM ANDERSSEN, og versonen WOLLERT ERICHSEN, ein bergensar. Joakim Anderssen var den første som tok i bruk fiskedampskipet i Norge. Han skreiv også den første sogeboka om Ålesund, Aalesunds og Omegns Historie i ældre og nyere Tid (1904).

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s