Grimmergård I

Dette kan ha vore borgarsetet til borgarane Nils Christensen Danske og (sønene?) Johan Nilssen og Gjert Nilssen, eller borgaren Jens Hanssen kan ha handla her. Men dette er uråd å avgjere. Den første borgaren som vi veit budde på staden, var HANS GRIMMERSEN (også berre Grimmer), som truleg etablerte seg her midt i 1630-åra. Han var fødd i Møgeltønder og kom truleg til Norge som svein for adelsmannen Jens Pedersen Juel til Lindebjerg, først lensstyrar i Trondheim og fra 1628 i Bergenhus hovedlen. Hans Grimmersen var først skrivar på Trondheimsgard og verka fra 1630 som Juel sin fut på Sunnmøre. Han budde då truleg på futegarden Molvær. I dei følgande tre åra låg han i kvass strid med dei kring 50 sunnmørsborgarane, etter alt å døme i samråd med lensherren. Samtidig dreiv han openlyst kjøpmannsskap i stor stil, sjølvsagt til skade for borgarane, som hadde fått innskrenka handelsverksemda si av same futen. Hans Grimmersen blei avsett i 1633, og kanskje allereie året etter slo han seg ned i Ålesund. Han handla også ei tid i Steinvågen, som nabo til den argaste borgarmotstandaren sin, Hans Lauritzen Haderslev. Hans Grimmersen døydde kring 1670. I den mannsalderen han budde i Ålesund må han ha hatt ei temmeleg dominerande stilling i handelslivet der.

  Ettermannen til Hans Grimmersen var mest truleg HENRIK SNELL. Han var fra Rostock og tok borgarskap i Bergen i 1660. På Sunnmøre var han kanskje etablert allereie i 1662, men vi veit ikkje kor han budde då. Han var gift med Breke Lucasdatter Holthus (sjå Gjertholmen). Buet til Snell blei registrert i 1675, men mannen hadde truleg døydd året før. Eiga ser ut til å ha vore nær 187 rd.

  Etter at Snell døydde ekta enka HENRIK BROMBER (også Bramer eller Bromberg) fra Bockholt ved Rodenburg. Han tok borgarskap i Bergen 1664 og budde her seinast i 1675. Sist nemnd i 1681.

  NILS PEDERSEN ASSENS er første gongen nemnd på Sunnmøre 1682, og budde truleg allereie då på Grimmergård. I 1683 tok han borgarskap i Bergen, og det heitte då at han var fra Århus. Han  dreiv elles handel både på Hareid og Taskeberget. 1703-08 budde og handla han på Molde, der han åtte ein del av Moldegård.

  Versonen til Assens, SØREN CHRISTENSEN HOFMAND, borgarson fra Bergen, dreiv handelen på Grimmergård då. Han budde her enno i 1711, men ikkje lenge etter må han ha flytta, og seinast i 1722 budde han på Bragernes (no halve Drammen) som seglmakar. Assens dreiv så handelen til han døydde i 1718, då jekta hans gikk ned med mann og mus på Stadhavet, skipperen medrekna. Dette var eit stort økonomisk tap, for på skiftet i 1719 etter denne før så velståande og jordrike velagtbare og velfornemme Borger og Handelsmand Niels Pedersen Assens som boede udi Aalsund blei aktiva i buet sette til vel 680 rd, passiva til nær 587 rd.

  Ein annan verson, HANS HANSSEN WINGAARD, før kremmar på Laberget, dreiv så handelen utetter. Han døydde i 1735, og hadde i årevis vore i utlandet, i alle fall i Holland. I røynda var det derfor kona, ANNE LUCIA ASSENS, som dreiv handelen her i 1720- og 30-åra.

  Fra 1738 var det to borgarsete på Grimmergård, for då selde Anne Lucia Assens noke av grunnen til Job Jacobsen Thode, som etablerte det vi kallar Grimmergård II. Sjølve garden overlet ho i 1749 til dattersonen NICOLAI OTTESEN WINGAARD, son av Otte Jonsen Sundal og Marte Hansdatter Wingaard (sjå Flåvær), som handla her til han døydde i 1786. Wingaard svarte aldri handelsskatt, og korkje i 1749 eller i 1785 blei denne delen av Grimmergård rekna som borgarsete. Like fullt handla dei her.

  Sonen OTTE ANDREAS WINGAARD overtok Grimmergård etter faren. Han svarte handelsskatt i 1787-88. Han ga så opp handelen og gikk over til å drive fiske og fraktfart i stor stil. I 1801 budde han her som forarmet borger og fisker.

  Versonen til Otte Wingaard, SØREN BOWITZ, skipper og seinare hamnefut i Ålesund, dreiv også handel, men om det var akkurat på denne staden er ikkje heilt visst.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s