Korsen

Eit eldre namn på staden var Lykta. Den første vi kjenner til som kan ha handla her, er JACOB ERIKSEN som i 1661 er nemnd som strandsittar. Jacob levde til 1704, men hadde då truleg ikkje handla på 30 år.

  Den neste som dreiv handel her var OLE LARSSEN KORSEN, truleg bondeson fra Hatlevika i Borgund og gift med datterdattera til Jacob Eriksen. Ole Larssen kom hit i 1726, men tok truleg ikkje til å handle før i 1740-åra; handelsskatt i 1747 og 1751-59. Han handla kanskje også litt i 1760-åra; døydde i 1771. I 1749 blei ikkje Korsen medrekna mellom borgarseta.

  I 1772 kjøpte JOHAN JØRGEN DORAN, kjøpmannsson fra Kristiansund, husa i Korsen. Han hadde før vore kjøpsvein på Noteneset for Moseskompaniet i Kristiansund. Han svarte handelsskatt 1769-78, og var kanskje kjøpsvein for Moses stordelen av denne tida. I 1785 heitte det om Korsen:

 

Eet gammelt handelsstæd vel bebygget, men formedelst uformuenhed fører beboeren for nærværende ingen handel.

 

Doran døydde, grundig fallitt, i 1793.

  Truleg i 1795 tok  PETER WESSEL WIND, borgarson fra Taskeberget, til å handle her. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1796, men drukna same året. Enka svarte så handelsskatt 1796-97.

  I 1798 ekta ho JOCHUM NICOLAI KREY junior, borgar på Gamlem, som heldt ein kjøpsvein her 1798-1801. Kjøpsveinen i 1801 var JOHAN EINARSEN BIRKEVOLD, som same året er oppført som bonde under Bjørkavollen i Vatne.

  CHRISTEN WINDING BAADE, presteson fra Borgund og bror til madam Krey, tok over handelen i 1801. Han hadde før handla på Lauka i Haram. Handelsskatt i Korsen 1802-07; kongeleg kremmarløyve i 1802. Baade døydde i 1816; han hadde då vore Telegraphbestyrer ei tid; han må ha styrt ein optisk telegraf som kan ha stått i Korsen.

  I 1812 overtok CARL ESAIAS RØNNEBERG, kremmarson fra Kriksholmen i Herøy, husa både i Korsen og på Noteneset. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1812, men tok ikkje til å svare handelsskatt før i 1817. I 1824 tok han borgarskap i den nyskipa ladestaden Ålesund, som den første. Rønneberg levde til 1858. Han reknast som grunnleggar av handelshuset Carl E Rønneberg & Sønner i Ålesund, som formelt blei skipa 1845 av Rønneberg og sønene RASMUS GERHARD RØNNEBERG og CARL ESAIAS RØNNEBERG junior.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s