Lorkeneset

Eldre namn: Bigumsneset og Todeplassen. Dette var truleg eitt av dei eldste borgarseta i Ålesund, men brukarane kan ikkje peikast ut før i 1680-åra. Det kan tenkast at brørne Christen Jenssen Bigum og Hans Jenssen Bigum handla her fra kring 1680.

I alle fall fra 1688 var stesonen til Hans Jenssen Bigum etablert som kremmar på staden. Det var JACOB JACOBSEN THODE, kjøpmannsson fra Bergen, som mest blei kalla Jacob Bigum dei første åra han budde her. Mostera hans var gift med Nils Pedersen Assens på Grimmergård. Thode handla her til han døydde i 1725. Skiftet etter Seigneur Jacob Jacobsen Thode, Kiøbmand og Handelsmand udi Aalsund og Borgens Sogn blei halde same året. Midlane i buet gikk opp i 1031 rd og skulda var 471 rd, så dette var ein velstandsmann. Buet åtte m.a ei 26 år gammal jekt på 14 lester og 1/16 av ei sekkenot, som må vere den nota som Noteneset har namn etter.

I 1728 ekta HANS LORENTZEN LORCH  dattera Anne Thode, og tok samtidig over handelen. Lorch hadde nært samband med Flensborg, der han hadde vener og fekk kreditt, og der sonen Lorentz Lorch busette seg seinare. Hans Lorch handla enno i 1742, men er ikkje innført i handelsskattemanntalet to år seinare og heller ikkje etter den tid. Lorch døydde i 1757. I 1749 blei ikkje Lorkeneset rekna som borgarsete.

I 1754 overtok sonen JACOB LORCH og svarte handelsskatt 1755-61. I 1760 gikk han konkurs, og etter auksjon i 1763 fekk kjøpmann Jan Nilssen Weinwich i Bergen skøyte på staden, då verdsett til 652 rd. Jacob Lorch flytta seinare til Bergen.

I 1761 kjøpte HENRIK BØTNER, ein bergensar, borgarsetet av kjøpmann Weinwich i Bergen for 700 rd. Bøtner svarte handelsskatt 1762-66 og døydde i 1766. Ved skiftet er han omtala som borger og toldviciteur.

I 1769 kjøpte tollinspektør Ole Steen Rasch Lorkeneset. Han budde her til 1779, då han selde og flytta til Bergen.

Kjøparen var JOHAN WINDELER LUTH, borgarson fra Nørveneset. Luth svarte handelsskatt 1780-84, men må ha handla her endå ei tid, for i 1785 heitte det om staden:

Eet gammelt handelsstæd, handelen meget ringe formedelst ejerens uformuenhed, ellers er stædet vel bebygget.

Luth budde seinare på Larsgarden, men utan å drive handel.

I 1787 fekk kjøpmann LYDER WENTZEL NICOLAISEN i Bergen auksjonsskøyte på Lorkeneset. Nicolaisen svarte 1786-89 handelsskatt av kjøpsveinen JacobWiig.

Denne JACOB WIIG, ein ørsting av bondestand, kjøpte borgarsetet i 1790 av Nils Wind og svarte så handelsskatt som sjølvstendig kremmar 1790-92, enka 1793-94.

Enka gifta seg så med HANS WIBDORPH, klokkarson fra Gloppen i Nordfjord, som var etablert her i 1795; handelsskatt 1795-96. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1796, men gikk konkurs året etter. Hans Wibdorph var av borgarætta Honningdal på morssida og hadde tent hos morbroren Nils Hagerup på Giskegard før han kom hit.

I 1800 overtok LARS ANDERSSEN SKAAR, bondeson fra Vatne, borgarsetet. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1801 og svarte handelsskatt 1801-10.

I 1811 kjøpte Gunder Jetmundsen Weibust, seinare kremmar på Brunholmen, Lorkeneset, men selde allereie i 1812 til PEDER ELIAS RØNNEBERG, seinare kremmar på Giskegard, som handla her ei tid.

Handelen låg så kanskje nede til 1824, då MICHAEL BAADE RØNNEBERG, kremmarson fra Valderhaug og yngre halvbror til Peder Elias Rønneberg, overtok. Han fekk borgarskap i Ålesund same året og handla her til han døydde i 1868.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s