Noteneset

Staden har namn etter ei sekkenot som oppsittarane på begge sidene av Ålsundet hadde hengande her. I 1728 bygsla engelskmannen John Cattel grunnen Notte Næs og ei jektestød der av Anne Lucia Assens på Grimmergård I. Samtidig blei det tinglyst eit kongeløyve av 1. mai 1726 til Cattel for å vere Dycheriet betroet i Norge. John Cattel var altså kongeleg privilegert dykkar. Det han dreiv og dykka etter på denne tida var dei rikdomane som hadde gått ned med skipet «Ackerendam» aust om Runde i 1725.

  Truleg fra 1764, då handelskompaniet Moses & Leslie blei avvikla og William Leslie overtok handelen på Grimmergård II aleine, handla GEORGE MOSES & CO på Noteneset, som kanskje ikkje hadde vore brukt som handelssete før. Handelen blei driven ved kjøpsveinar. desse ser ut til å ha vore: JACOB THUE (1764), JONAS NIDEROS (kring 1765-66), elles kjøpmann i Kristiansund, GREGERS JACOB THODE (1767-68), kremmarson fra Grimmergård II, og JOHAN JØRGEN DORAN (1769-78), seinare kremmar i Korsen.

  Moseskompaniet gikk i 1780 over til George Moses sine brorsøner Thomas og Isaac Moses, men det er uvisst om dei heldt fram med handelen på Noteneset. I 1782 handla Oluf Bagger, elles kirurg i Kristiansund, ein stad i Borgund, ikkje utruleg på Noteneset for Mosesfamilien. I 1783 handla CHRISTEN WALLIN, kremmar på Valderhaug, her. Han åtte husa i 1785, men då dreiv ein annan handelen her, nemleg ANDERS HERMANSEN LUTH, kjøpmannsson fra Bergen. Luth svarte handelsskatt 1786-88. I 1785 heitte det om staden:

 

For 20 aar siden af de engelske i Christiansund bebygget paa en øde tompt. I afvigte aar af nu værende beboer lejet for der at boe og føre handel skiønt han endnu ingen handel er opgivet for i præsternes mandtaller, ey heller hidtil har svaret handelsskat.

 

Det gikk ut med Luth. I 1801 budde han på Ysteneset, var sjømann og fór fra Bergen. I 1806 ser han ut til å ha tatt borgarskap som høker i Bergen.

  I 1790 kjøpte SIVERT OLSEN, kremmar på Herøy i Herøy, Noteneset på auksjonen etter Luth. Olsen svarte handelsskatt 1791-1811 og fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Vi kjenner følgande av Olsen sine kjøpsveinar: KAROLIUS KNUDSEN i 1792, OLE YTTERDAL 1793-95 og kanskje lenger, INGEBRIGT AMUNDSEN i 1801, visstnok også i 1808. I 1812 selde Sivert Olsen husa her til Carl Esaias Rønneberg, som same året etablerte seg på i Korsen og slo dei to borgarseta saman.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s