Slinningen

Den første borgaren vi kjenner her, er OLUF KNUDSEN, som i 1606-07 blei bøtlagd for ulovleg utliggarhandel på Sunnmøre. Han var borgar av Bergen med, mest truleg, borgarskap fra 1601. Ymse ting tyder på at han var son av Knut Olson Helsem på Stranda, nemnd som lensmann i Dale skipreide i 1573. I 1606-07 måtte Oluf bøte 8 daler for å ha sett opp nokre hus utan løyve; truleg var han då i ferd med å etablere seg her. Same året betalte han også grunnleige, 1 pund fisk, til krona av Sleningnes. Oluf Knudsen var gift to gongar, andre gongen med Maren Jørgensdatter, enka etter kjøpmannen og adelsmannen Carsten Jonson Randall på Fyrde i Austefjorden i Volda, og med hinder forbandt [han] sig j stoer vitløfftigh schyld och gield, som sonen Christen sa det på tinget i 1648. Oluf døydde 1637-38.

  Då hadde sonen CHRISTEN OLSEN SLENDING allereie handla her nokre år i lag med faren. Christen Olsen hadde før vore kremmar på Hella. Kring 1642 flytta han til Østensvig i Ålesund, sjå Øysteinsvika.

  Seinast i 1642 budde MIKKEL PEDERSEN på Slinningsneset. Fra dette året var han sorenskrivar på Sunnmøre, eit embete han sat med til han døydde i 1650. Mikkel kan ha drive litt handel. Enno i 1657 var borgarsetet i bruk, men vi veit ikkje kven som var der då. Garden Slinningen blei fram til 1656 brukt av sorenskrivaren etter Mikkel, Nils Jenssen. Så overtok løytnant, seinare kaptein Jørgen Nilssen Knag garden og sat her til andre halvdelen av 1660-åra.

  I 1667 budde den førre kremmaren på Langskipsøya, JENS ANDERSSEN FLEMING, her, etter alt å døme på borgarsetet som kremmar. Han verka også som fullmektig og prokurator for folk som Margrete Stud i Hanken og borgundpresten Christopher Hiermand.

  Kring 1670 var CLAUS NILSSEN, borgarson fra Vågnesholmen, etablert her. Han er nemnd som borgar i 1675, men ser ikkje ut til å ha hatt borgarskap i Bergen. Hans Strøm hevda i 1756 at Claus  fann opp torskegarnet. Om vi tyder dette slik at han var den som først tok torskegarn i bruk i større stil og gjorde det kjent, er det grunn til å ta Strøm på ordet. Det var ikkje gått lenger tid då enn at det fanst mange som kunne kontrollere opplysninga. Claus Nilssen døydde kring 1694, i velstand. På skiftet i 1698 blei aktiva i buet sette til nær 517 rd (m.a ei jekt til 70 rd og 22 torskegarn til nær 6 rd), passiva til 13,5 rd. Han etterlet seg talrike ætlingar, og dei kalla seg i stor mon Svertz.

  Etter Claus Nilssen si tid låg handelen på Slinningen truleg nede til kring 1705, då sonen CLAUS CLAUSSEN SVERTZ tok opp tråden. Denne velagtbare og velfornemme borger Claus Claussen (men utan borgarskap) døydde i 1736.

  Sonen CLAUS CLAUSSEN SVERTZ junior var 19 år gammal og tok truleg over handelen med det same. Fra 1744 handla han også på Tyskholmen. Før 1749 må handelen på Slinningen ha vore slutt, for då heitte det at staden har været og kand endnu passere for et lidet kræmmersæde, men da det for indeværende tid er uden brug, kand det følgelig ej for noget ansettes.

  Truleg fra 1751 handla verbroren hans, PEDER ERIKSEN ULFELDT fra Steinvågen II, her. Han svarte handelsskatt berre i 1752, men det ser ut til at han heldt det gåande nokre år til.

  På auksjonen etter Claus Claussen Svertz junior i 1759 fekk ESKILD JØRGENSEN ABEL tilslaget på borgarsetet for 11l rd. Han var kjøpmannsson fra Bergen og søsterson til borgarane Nicolai Ulrichs i Fyllingen og Berent Ulrichs på Tyskholmen. Abel svarte handelsskatt 1759-64. Han flytta så til Fyllingen, der han tok over handelen etter morbroren Nicolai Ulrichs. 

  I 1764 kjøpte MADS POVELSEN ABELSET, borgarson fra Solnør, Slinningen av Eskild Abel. Abelset betalte handelsskatt 1766-71, men handla truleg endå ei tid.

  I 1782 flytta Mads Abelset til Langlo på Stranda og selde borgarsetet her til OLE LARSSEN, før   kjøpsvein på Grimmergård for William Leslie og fra 1782 mest truleg for Nils Wind på Taskeberget, som han truleg berre var stråmann for. Ole Larssen svarte ikkje handelsskatt, men handla likevel. I 1785 heitte det om Slinningen:

 

Er et gammelt handelsstæd, ejeren har for et aar siden kiøbt stædet, fører mig bekient ingen handel, men stædet er baade beqvemt og fornøden dertil nu og fremdeles; Naar fiskeriet tilgaaer i Borgenfiord, huser dette stæd en hoben almue formedelst stædets gode belejlighed for de fiskende, hvorfor det og her anføres.

 

  I 1789 selde Ole Larssen borgarsetet til HANS BRODERSEN RØRING, tidlegare kremmar på Stordalsholmen, som heller ikkje svarte handelsskatt, men som nok dreiv borgarnæring likevel, kanskje berre gjestgiveri; dessutan verka han som sakførar, prokurator. Han har enno etterkomarar på Slinningen.

  I 1803 selde Røring borgarsetet til PEDER AAGESEN, kjøpmannsson fra Molde, som dreiv som gjestgivar. Gjestgivarskatt 1805-12, enka 1813-14. Aagesen var verbror til Elias Rønneberg på Laberget.

  Enka ekta så OLE STRØM, bondeson fra Straumsheim i Sykkylven, som svarte handelsskatt 1815-48, men som allereie fra 1825 budde på Brunholmen i Ålesund. Kven som styrte handelen for Strøm etter den tid, er uvisst.

  Fra første halvdelen av 1840-åra var det nevøen og adoptivsonen JACOB STRØM, også bondeson fra Sykkylven, som dreiv handelen. Han var gift med Marie Anderssen fra Grimmergård i Ålesund, av Assensætta på morssida. Dette var eit ulukkeleg ekteskap: Fru Strøm var sindssvag og Manden en Dranker. Hjemmet blev opløst. Sist i 1840-åra fór Strøm til Amerika og heldt seg der til midten av 1860-åra. Han kom då tilbake til Ålesund og såg ut som en ægte Røverhøvding og var tilmed blit temmelig raa. Det var lite att av den velutdanna og vidfarne, elegante og belevne forretningsmannen vi høyrer om i 1840-åra. Ein av sønene hans, Jørgen Anderssen Strøm, budde på Slinningen nokre år kring 1870, truleg utan å drive handel. Han flytta seinare til Kristiania. Slik endte soga om eit av dei kanskje eldste borgarseta på Sunnmøre.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s