Største strandstaden på Sunnmøre

Borgarseta i Ålesund (medrekna borgarseta på Heidsa) var så mange og mange så langliva at framstillinga må delast i to, nemleg borgarseta i Ålesund Innomsundet og borgarseta i Ålesund Utomsundet.

I 1760-åra skreiv Hans Strøm om Aalesund:

Landet er paa begge Sider af Sundet ganske klippigt, men dog meget vel beboet, og overalt besat med saa mange Huuse, at Stedet har Anseende af en liden Dorp eller Bye. De Folk, som her boe, ere deels Handelsmænd, deels Lotser og Fiskere, hvilke i alt udgiøre omtrent 40 Familier, og have enten liden eller slet ingen Korn- og Qvæg-Avling.

 

Dette gjaldt berre strendene langs Ålsundet, der det truleg budde vel 200 menneske. Hadde Strøm rekna med «forstadane» til strandstaden ville folkemengda nok gå opp i godt og vel 300, kanskje meir. I 1630-åra kan folkemengda ha vore endå større, men då trelasthandelen tok slutt og torsken svikta blei Ålesund liggande på nivå med strandstadane Langevågen, Nørvasundet og Valderhaug. Men Ålesund var den einaste av desse stadane som hadde bypotensial.

Ålesund Innomsundet

femner om Stødeneset, Skaret, Nordigård, Einarvika, Grimmergård, Ura, Noteneset, Neset, Lorkeneset, Korsen, Kippervika, Røysa og Ysteneset. Det har vore minst seks borgarsete her: Kippervika, Korsen, Lorkeneset, Noteneset og Grimmergård med to borgarsete; her skal vi også rekne med Slinningen. Fram til 1724, då Lorkeneset blei utskilt som sjølvstendig eigedom, var heile Innomsundet ein samla eigedom, som i først på 1600-talet var ei grunn- og grasleige under Volda prestebord sin part i garden Voldsdal. Årsleiga av grunnen Aallesund var 2 mællag etter ei jordebok fra 1624. Ved eit makeskifte gikk eigedomen i 1649 over til det utvida Giskegodset (Hannibal Sehested). Grunnleiga var då 2 pund fisk og Hans Grimmersen sto som leigar. I 1657 blei Giskegodset selt til Gabriel Marselis, som noke seinare selde det vidare til den mektige Smitslekta, og Innomsundet hamna i den greina som i 1676 blei adla under namnet Lilienskiold.

Over til Assens

Fru Sidsel Kaas, enke etter amtmann Jonas Lilienskiold på Molvær, selde så heile området til Nils Pedersen Assens på Grimmergård 8. mars 1692; samtidig kjøpte han grunnen Brunholmen under garden Aspa. Det vesentlege av eigedomen besto samla til langt ut på 1800-talet, og var heile tida i hendene på Assens sine etterkomarar på Grimmergård. For 1600-talet sin del veit vi berre sjeldan kor dei einskilde borgarane hadde sete i området, og vi lyt derfor, som for Nørvasundet, presentere dei samla for denne tidbolken, med unntak av Grimmergård fra kring 1635 og Lorkeneset fra kring 1690. Somme av borgarane som blir opprekna her kan ha budd Utomsundet.

Y m s e   b o r g a r a r

NILS CHRISTENSEN DANSKE heitte den første borgaren vi høyrer om i Ålesund, nemleg 1607, då han blei bøtlagd for å ha drive ulovleg utliggarhandel. Han ser ut til å ha tatt borgarskap i Bergen 1588, og det er ikkje noke i vegen for at han kan ha budd her allereie fra den tid. Han er ikkje nemnd seinare enn 1616-17. Det er truleg at borgarane Johan og Gjert Nilssen var sønene hans (sjå nedanfor).

HANS ROBERTSEN, kanskje ein borgar av Bergen, er nemnd i Ålesund 1609-10, då to karar fra Heidsa stal fisk fra jekta hans og laut bøte med 13 rd. Ikkje nemnd elles, og det er vel sannsynleg at han ikkje budde her fast.

JENS HANSSEN tok borgarskap i Bergen 1607, og er først nemnd her 1610-11, då ein bonde på Solnør laut bøte 4 daler for uløyves å ha tatt 1 tylvt sagbord fra Jens, som kan ha drive trelasthandel fra Langskipsøya. I 1620-22 sto han som seljar av nokre trelastlaster, éi i lag med borgaren Lauritz Sørensen i Ålesund, sjå nedanfor. I 1627-28 bøtte Jens for leiermål med Randi Nilsdatter i Ålesund, og i 1629 skatta han av tre drengar, fleire enn dei fleste andre borgarar hadde då. I 1630-31 var han i slagsmål med Jacob Skreddar på Langskipsøya; skreddaren fekk skulda og måtte bøte med 4 daler. Seinare høyrer vi ikkje meir om Jens Hanssen.

LAURITZ SØRENSEN tok borgarskap i Bergen i 1610, men dukkar først opp i dei sunnmørske kildene i 1619-20, då drengen hans blei dømd til å bøte 3 lodd sølv (1,5 daler) for en kniff hand thog fraa Jørgen Pedersøn i Aalsund. I 1621-22 selde han 150 tylvter bord til ei hollendarskute i lag med Jens Hanssen. Det kan tenkast at Lauritz etter denne tid var fullmektig for Brysselfamilien i Bergen, som hadde interesser på Sunnmøre i 1620-30-åra (sjå nedanfor).

JOHAN NILSSEN tok borgarskap i Bergen i 1619, då oppgitt at han var fødd i Bergen. Ikkje utenkeleg var han son av Nils Christensen Danske i Ålesund. Johan vitna 1619 at han hadde kjøpt smør, kjøtt og heimegjort malt av futen Lauritz Christensen. I lag med sorenskrivar Peder Jenssen og borgarane Anders Nilssen i Hamna og Gjert Nilssen i Ålesund, truleg broren, fekk Johan i 1624 ordre av futen om å forhøyre ein styremann fra Dundee som då låg under Valderhaug. Styremannen hadde nemleg urovekkande tidender: Før han kom til Valderhaug hadde han vore i Dieppe, der han var blitt forsøkt hyrt av ein fransk sjøkaptein til ei røvarferd til Norge. Franskmannen hevda å ha lånt 200.000 daler til danskekongen, men hadde ikkje fått pengane tilbake. Dette ville han hemne ved å fare med tre krigsskip og herje i Norge, først på Valderhaug og seinare langs Nordkostenn. Det største av skipa skulle vere 200 lester drektige, ha eit mannskap på 200 og ei bestykning på 36 jernkanoner. Herjinga skulle føregå sommaren 1625. Dette hadde den skotske styremannen Joenn Riis fortalt til borgaren Jørgen Pedersen (Børkop) på Valderhaug, som hadde meldt fra til futen. Så vidt vi veit blei det ikkje noke av dette sjørøvartoktet, men episoden vitnar om kor «internasjonale», og utrygge, ryktet blei jo tatt alvorleg, tilhøva var på Sunnmøre på denne tida. Johan Nilssen er siste gongen funnen nemnd i 1629-30 (sjå nedanfor). Ein Mads Johansen, fødd i Ålesund, tok borgarskap i Bergen 1663. Dette kan ha vore ein son av Johan Nilssen.

GJERT NILSSEN, truleg bror til Johan Nilssen, tok borgarskap i  Bergen 1620. Det blei då oppgitt at han var fødd der i byen. I Ålesund er han først nemnd i 1624 i samband med det ovannemnde forhøyret. I 1629-30 bøtte han og Johan Nilssen 2 daler kvar for eit misstagh dei hadde gjort mot Ingebrigt Johannessen i Ålesund. Truleg hadde dei forsøkt å drive inn skuld og gjeld på eiga hand, utan lov og dom, noke borgarane støtt gjorde seg skuldige i på denne tida. At Gjert og Johan opptrådde i lag kan tyde på at dei handla i kompaniskap. Av dette, og det at dei hadde same farsnamnet, gjettar eg at dei var brør. Ingen av dei er nemnde seinare enn i 1629-30.

JØRGEN BRYSSEL, eigentleg Jørgen Arentsen Høyer, kjøpmann i Bergen med borgarskap fra 1632, heldt i 1633 ein kjøpsvein i Borgund, mest truleg i Ålesund. I åra 1622-24 selde Johan Bryssel, eller Johan Arentsen Høyer med borgarskap fra 1621, broren, trelast til utførsle fra Sykkylven og Langskipsøya. I 1622-23 importerte han også 400 tnr salt i lag med borgaren Mogens Antoniussen, som også handla på Sunnmøre (han var borgarmeisterson fra Oslo og tok borgarskap i Bergen i 1620; han var elles verbror til Lauritz Christensen, fut på Sunnmøre til 1619, som handla i Borgund seinare). Jørgen Bryssel vitna i 1632 at han hadde kjøpt 19 deker bukkeskinn (1 deker = 10 einingar) og 105 våger svart råskjær av futen Hans Grimmersen. Den ovannemnde borgaren Lauritz Sørensen var kanskje kjøpsvein i Ålesund for Brysselfolka; kor lenge dei heldt handelen gåande er ukjent. Borgaren Jon Sipken fra Steinvågen (son av Sipke Peitersen) var elles gift med ei brordatter av Johan Bryssel (jf Raftenes).

HANS GRIMMERSEN er den første av borgarane Innomsundet vi kan plassere på eit visst borgarsete, nemleg Grimmergård, som har fått namn etter Hans, som stundom kalla seg berre Grimmer til etternamn. Sjå Grimmergård.

INGEBRIGT er nemnd som strandsittar i Ålesund i 1645; i 1650 laut drengen hans, Peder, skatte som fullønnsdreng hos ein borgar, nemleg Ingebrigt. Eg har ikkje funne farsnamnet til Ingebrigt. Ein «Engebert Engebertzen» fra Sunnmøre tok borgarskap i Bergen i 1626, og det kan ha vore same mann. I 1629-30 er Ingebrigt Johannessen nemnd i Ålesund (sjå ovanfor). Ingebrigt levde 1651, seinare ingen opplysningar.

EINAR, også nemnd som strandsittar i Ålesund 1645. Det kan tenkast at han var lik borgaren Einar Jonsen som før hadde handla i Gjøsund (sjå der). Einar er truleg eponymn (namneopphav) for Einarvika, der ætlingane hans sat til ut på 1700-talet.

PEDER POVELSEN var strandsittar i Ålesund 1661; han ser ut til å ha vore ettermann til den ovannemnde Ingebrigt, og mest truleg lik fullønnsdrengen hans i 1650. Peder Povelsen levde enno i 1672. I 1664-66 er han oppført i manntala i lag med ein Povel Ingebrigtsen, kanskje sonen til borgaren Ingebrigt. Begge budde på Nordigård, kanskje på det seinare Stødeneset (Skanseneset).

MIKKEL PEDERSEN TRANE er også nemnd i Ålesund 1661, som husmann. Han er ikkje nemnd etter 1666. Han var borgar av Bergen fra 1636, og er allereie i 1636-37 nemnd på Sunnmøre. Vi veit ikkje kor han budde då, heller ikkje om han handla då han budde i Ålesund.

JACOB ERIKSEN er nemnd som strandsittar i Lychten fra 1661 og utetter. Sjå Korsen.

HENRIK SNELL, borgar av Bergen, var truleg Hans Grimmersen sin ettermann på Grimmergård fra kring 1670. Det ser ut til at han budde på Sunnmøre allereie 1662, men vi veit ikkje kor.

HENRIK BROMBER, også ein borgar av Bergen, var truleg den som tok romet etter Henrik Snell fra midten av 1670-åra. Sjå Grimmergård.

NILS PEDERSEN ASSENS tok seinast i 1682 over på Grimmergård. Sjå der.

CHRISTEN JENSSEN BIGUM, kjøpmann i Bergen, heldt ein kjøpsvein i Borgund i 1683, mest truleg i Ålesund, kanskje på Lorkeneset. Sjå der.

PEDER SØRENSEN, kjøpmann i Bergen, heldt likeeins ein kjøpsvein i Borgund i 1683, samt i 1686-88. Truleg handla kjøpsveinen hans, ein husmann, i Ålesund, men uvisst kor.

HANS JENSSEN BIGUM, kjøpmann i Bergen og bror til ovannemnde Christen Bigum, handla ved ein kjøpsvein på Sunnmøre 1686, etter alt å døme på Lorkeneset. Sjå der. Hans Jenssen Bigum  slo seg kring 1701 ned som kremmar på Kipperberget i Borgund.

POVEL KLEIS fra Lübeck tok borgarskap i Bergen i 1679, der han budde som kjøpmann til han døydde i 1696. I Ålesund heldt han ein kjøpsvein i åra 1687-89, i det minste. Vi veit ikkje kor borgarsetet hans låg.

JACOB JACOBSEN THODE, steson til den ovannemnde Hans Jenssen Bigum, var i alle fall fra 1688 verksam på det borgarsetet som seinare fekk namnet Lorkeneset. Sjå der.

Sjå nedanfor om dei einskilde borgarseta

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s