Steinvågen I

Seinast fra 1606-07 handla borgaren WIBRANT PEITERSEN LYTKES her. I 1607 er han nemnd mellom dei bøtlagde utliggarborgarane på Sunnmøre. Same året finn vi ein mann i Hjørundfjord bøtlagd med 10 rd for å ha stole 8 alen vestfarlerit og ei kvinnehue fra Lyttke Wibrandsenn. Mest truleg dreidde dette seg om Wibrant Lytkes, som hadde fått namnet sitt omkasta. Men vi kan ikkje sjå vekk fra at det kan ha vore faren hans, som etter alt å døme heitte Peiter Wibrantsen Lytkes, og som også kan ha budd på Sunnmøre. Ein borgar Peter Lucusenn er elles bøtlagd i 1606-07 for å ha halde kjøpsveinen sin, Johan, på Sunnmøre i ulovlege tider. Dette kan ha vore same mannen som Peiter Lytkes, far til Wibrant og den Sipke Peitersen som tok borgarskap i Bergen i 1632 (sjå Skarbøvik). Wibrant Lytkes var utan tvil borgar av Bergen, men er ikkje nemnd i borgarboka. Han handla i Steinvågen til 1633-34.

  Fra 1634-35 handla den avsette, før borgarfiendtlege sunnmørsfuten HANS GRIMMERSEN her. Han blei sjølv borgar av Bergen 1636, og budde kanskje i Steinvågen før han flytta til det seinare, såkalla Grimmergård.

  Seinast i 1647 brukte borgaren WILLUM THOMMESSEN borgarsetet her. Han hadde borgarskap i Bergen fra 1642, oppgitt fødestad Bergen. I 1645 svarte han koppskatt i Bergen av seg sjølv, kona og ein dreng, og det heitte då at han hadde sit brugh her j byen och vnderthiden vden byes. Willum Thommessen kan ikkje ha handla her lenger enn til 1651 (ein borgar Willum Thommessen er elles nemnd i Nordfjord 1674).

  I 1651 brukte nemleg borgaren  HANS LAURITZEN HADERSLEV begge borgarseta på Aspesida av Steinvågen aleine. Etter denne tid var det berre éin kremmar i Steinvågen. Sjå vidare under neste avsnitt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s