Steinvågen II

6. oktober 1612 gikk ein kreiert ut fra Sunnmøre med ei last på 12 lester sei og torsk og 3 lester sild. Denne skuta tilhøyrde borgaren HANS LAURITZEN med ætt- eller opphavsnamnet HADERSLEV som hadde sitt thillhold i Stienuog. Hans Lauritzen må ha vore mellom dei aller rikaste borgarane på Sunnmøre i første halvdelen av 1600-talet, og utan tvil den «politisk» leiande figuren i det lokale borgarskapet då. I gjerda var han ein «borgarmeister» for dei mange borgarane som budde og handla på Sunnmøre. Etter etternamnet, som han sjeldan brukte, kom han fra Haderslev, og var truleg lik den Hans Lauritzen som tok borgarskap som skipper i Bergen i 1602. På Sunnmøre var han seinast etablert i 1612, og allereie fra den tid handla han både med fisk, i Steinvågen, og med trelast, på Langskipsøya. Sjå meir om trelasthandelen hans der.

  Om Hans Lauritzsen som forkjempar for borgarrettane høyrer vi første gongen i 1620, då det i saka mot futen Lauritz Christensen blei lagt fram eit ope brev fra futen, dagsett 5. oktober 1616, der han vedgikk at Hans Lauritzen hadde adtvared hannomb adt tage sig vare for vlouglige kiøb. Futen Lauritz Christensen, som ikkje berre hadde handla ulovleg, men også hindra borgarane i å handle, blei avsett. Det same skjedde med Hans Grimmersen, som etter Hans Lauritzen sin innsats blei avsett i 1633. (Nokre år seinare blei begge dei danske Hans’ane naboar i Steinvågen.) I samband med denne saka var Hans Lauritzen i København og tala med kongen minst éin gong, nemleg i mars-april 1633. Då han var der i byen fekk han også kongen til å utferde eit løyve for borgarane som handla på Sunnmøre til å bu der om vinteren, då dei etter eldre rett skulle halde seg i Bergen. Samtidig søkte han kongen om løyve for sunnmørsborgarane til å drive beinveges utførsle av feitevarer, men dette gikk ikkje gjennom; i motsett fall ville dei ha blitt uavhengige av Bergen.

  Fra 1626-27 svarte Hans Lauritzen grunnleige av borgarsetet i Steinvågen, men på den tida budde han nok på Langskipsøya, der han i 1629 er oppført med heile 7 drengar. I 1637 bygsla han garden Aspa, som femnde om vestdelen av Aspøya, av krona, og då flytta han kanskje hit. Han levde enno i 1655, men døydde nokre år seinare, seinast i 1657.

  Sonen ANDERS HANSSEN tok over garden og truleg også handelen etter faren. Han var kanskje lik den Anders Hanssen som i 1648-49 er nemnd som kjøpsvein i Hanken for borgarmeister Rasmus Lauritzen Stud i Bergen. Anders Hanssen ser ikkje ut til å ha hatt borgarskap. Han døydde kring 1680. Det er lite truleg at han dreiv større handel i Steinvågen siste tida.

  Den som overtok etter han var HENRIK STADTZEN ØSTERICH, ofte kalla berre Henrik Stadtz,  kjøpmannsson fra Bergen som tok borgarskap i 1669. Seinast i 1679 budde han i Steinvågen. Han blei så lensmann i Volda skipreide, der han budde fra 1689, på Ekset. Kona, Karen Madsdatter Alstrup, var prestedatter fra Norddal og søster av Berte Madsdatter, gift med ettermannen hans:

  LARS NILSSEN ULFELDT, som tok over Steinvågen etter Henrik Stadtzen Østerich. Lars er nemnd på Sunnmøre allereie i 1681, då som tenar for futen. Seinare kom han i tenesta til Jonas Lilienskiold, amtmann over Romsdal og Nordmøre 1680-89 og 1689-91 også over Sunnmøre. Lars Nilssen Ulfeldt døydde i 1694, og på skiftet etter han i 1699 er han kalla forige Kongl: Maytts vice sorenschrifuer ofuer Normøers fogderie. Også Ulfeldt ser ut til å ha drive handel i Steinvågen. Så blei handelen liggande nede lenge.

  Versonen hans, ERIK PEDERSEN, bondeson fra Holstad i Hareid, handla kanskje litt i 1730-40 åra (etterkomarane hans kalla seg ofte Ulfeldt). I alle fall var borgersædet Stenvaagen medrekna i skøytet då Erik Pedersen kjøpte garden Aspa i 1736.

  Sonen LARS ERIKSEN ULFELDT kan ha halde fram med handelen ei tid etter at faren døydde i 1747. Korkje Erik Pedersen eller Lars Eriksen Ulfeldt svarte handelsskatt.

  I 1759-64 handla NILS PIERSON, kjøpmann på Molde, ein stad i Borgund, truleg i Steinvågen, der Pierson åtte ei kombinert sjøbu og fisketilverkingshus. Truleg budde også han eller kjøpsveinen hans her i fisketida, då handelen blei driven. I 1766 selde han huset til kjøpmann William Leslie i Kristiansund, som hadde den sunnmørske hovedhandelsstaden sin på Grimmergård. Det ser ikkje ut til å ha vore privilegert handel i Steinvågen seinare.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s