Borgarseta i Borgund

Dette området femner om grunnane på øya Aspa ved Ålesundet samt Brunholmen. Då Ålesund fekk ladestadrettar i 1824 blei resten av Aspa og Steinvågneset på Heidsa innlemma i ladestaden, men tradisjonelt var det berre områda på begge sider av, og like ved sundet som blei kalla Ålesund. Skillet mellom områda vest og aust om Ålsundet, mellom Utomsundet og Innomsundet, er godt innarbeidd og har truleg gamle tradisjonar; det følgde også eldgamle eigedomsgrenser.

  All grunn Utomsundet låg under garden Aspa eller Steinvåg, som fram til 1649 var krongods. Dette året blei Aspa lagt til det utvida Giskegodset. I 1692 følgde Brunholmen med då Nils Pedersen Assens på Grimmergård kjøpte grunnane Innomsundet av fru Sidsel Kaas på Molvær, enka etter amtmann Jonas Lilienskiold. I 1707 selde ho grunnane sine Utomsundet til trutenaren sin, Christen Sæd på Molvær. I 1758 blei grunnane selde samla til borgaren på Hella, Jochum Gierchen. Eg har registrert i alt fem borgarsete i dette området, men vi kan ikkje sjå vekk fra at det har vore fleire. Dei fem borgarseta er Brunholmen, Olsplass, Hella, Wesselsgrunn og Øysteinsvika. På 1600-talet finn vi ein god del borgarar i Ålesund som vi ikkje kan plassere på noken særskild stad. Desse er opprekna under Ålesund Innomsundet, då det er gode grunnar til å tru at dei fleste budde på den sida av sundet.

  I dette stykket blir også borgarseta vest på Aspa medrekna. Det gjeld Skutvika og to borgarsete på garden Steinvåg sin grunn, Steinvågen I og Steinvågen II. Det same gjeld dei tre borgarseta vest om Steinvågsundet: Steinvågneset, Drevika og Skarbøvika. Det dreier seg om i alt 11 borgarsete, nokre færre enn i Ålesund Innomsundet.

  Både Ålsundet og Steinvågen var gode hamner, og mange skip kan ha lege i vinterhamn der. Etter mitt ringe syn, som eg ikkje er heilt åleine om, svarte Steinvågen til den sagakjende Hjørungavåg. Steinvågen var elles ei av dei mest kjende hamnene på norskekysten. Både Ålesund Innomsundet og Utomsundet var store fiskevær under vårfisket etter torsk. Hundrevis av fiskarar fekk husly og hamn både hos borgarar, bønder og husmenn.

  Dei mest varige borgarseta i Ålesund Utomsundet var Brunholmen og Hella, som kan ha vore i drift sidan 1560-åra.  

Sjå meir om dei einskilde borgarseta under:

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s