Brunholmen

Den første kjende borgaren her heitte JENS MIKKELSEN og er første gongen nemnd i Ålesund i 1633; han budde truleg allereie då på den seinare Brunholmen. Anten var han lik ein bergensar som tok borgarskap i 1620 eller med ein mann, fødd i Århus, som tok borgarskap 1629. Etter namnet å døme kan han ha vore son av borgaren Mikkel Jenssen i Vegsundt. Jens Mikkelsen blei i 1630-31 bøtlagd i Bergen for at han hadde halde seg på landet i ulovlege tider, og han kan såleis ha budd på Sunnmøre då. Jens handla her til 1661, då han ser ut til å ha døydd.

  Same året overtok HENRIK BRUN borgarsetet, som må ha fått namn etter han og eventuelt også ein Søren Brun, som kan ha budd her etter Henrik si tid. Henrik Brun var fødd i Ålborg og tok borgarskap i Bergen i 1663. Borgaren Henrik Wessel (jf Wesselsgrunn) kaverte då Brun fekk borgarbrev. Året etter budde ein Henrik Brun på Molde som fullmektig for underfiskalen. I 1663 er Søren Brun nemnd som tollvisitør på Sunnmøre. I 1668 heitte det at han budde i Ålesund. Han kan ikkje godt ha budd andre stadar enn på Brunholmen. Seinast i 1675 var Brun avløyst av Jørgen Kønig som tollvisitør.

  Den neste borgaren på Brunholmen er HANS JENSSEN FRØRUP, byfutson fra Bergen, som er nemnd her første gongen i 1679. Frørup var truleg lik den Hans Jenssen som i 1673 tok borgarskap som skipper i Bergen. Frørup blei 1681 kalla hanrei av ein av naboane sine, truleg ikkje utan grunn (sjå nedanfor). I 1685 tinglyste han eit pant til kjøpmannen Job Dischingthun i Bergen og pantsette min medt rette vedkommende rentte som ieg er aarlig udj Holand testamenterit at opberge. Truleg dreidde det seg om arv etter morsætta, som var hollandsk (mora heitte Hester Thomasdatter von der Capelle). I 1685 heitte det elles at han var fattig, och hafuer ingen brug, efftersom hand udi Holland ofuer aar och dag sig hafuer opholdet och hans hustru med 5 smaa vmyndige børn igiensider. Året etter var han komen tilbake. I 1687 heitte det at han åtte fjerdeparten i eit skip, men same året at alt  var tatt ifra han etter eit pantebrev, saa han har intet igien, oc er en stachels husmand. I 1691 blei det gjort offentleg registrering av buet hans fordi kona hadde forbrote buluten sin ved å ha drive hor med tenestedrengen deira. Aktiva blei sette til 118 rd, passiva til 95 rd. Halvdelen av nettoen gikk til kongen. Ved dette høvet blei det opplyst at Frørup hausten 1690 hadde kjøpt ein del spedserie och tobach i Holland hos hans factor. Dette blei ikkje medrekna i buet fordi han enno skulda 300 rd for varene. Frørup handla altså beinveges på Holland og med hollandsk kreditt. Han levde enno i 1694; budde kanskje då på Blindheim i Borgund.

  WILLUM HENRIKSEN WESSEL etterfølgde så mest truleg Frørup på Brunholmen. Han hadde før handla på Wesselsgrunn. Willum Wessel døydde i 1702, fallitt. Kanskje handla så sonen hans, HENRIK WILLUMSEN WESSEL, her nokre få år. I 1699 er heitte det at Willum Wessel hadde lidd både sjø- og eldskade, og at han ikkje åtte eige farty, men følgde andre sine farty til Bergen. Tollbetjent Ole Pedersen Nibe, seinare kremmar på Vattøya, budde i 1704 i Ålesund, truleg på Brunholmen.

  Kring 1708 blei det atter handelsdrift her, då HENRIK HENRIKSEN HOLTERMANN, ein kjøpmannsson fra Bergen, flytta hit. Han hadde borgarskap som kjøpmann i Bergen fra 1706. Han handla også ei tid på Synes. Holtermann handla her til 1727, då han ville flytte heim til Bergen, men han døydde i 1728 før han var komen så langt.

  I 1727 fekk velfornemme NILS POVELSEN, truleg kremmarson fra Flåvær og av ætta Svertz, skøyte på husa på Brunholmen av Henrik Holtermann utanom mit ejende nye huus med en liden muret kielder under som staar ved siøen for sig selv samt den anden halve, og nederste siøebod er bestaaende til min nøtte … naar ieg her til stædet maatte ankomme for een kort tiid at logere.

  I september 1732 ga så Nils Povelsen, då sorenskriver udj Jedderen og Dallernis fogderie, skøyte på resten av husa til HANS HOLTERMANN, son til ovannemnde Henrik. Holtermann budde her så nokre år, men handla nok også i Djuvika. I 1733 var han vert for kongen og det kongelege følget då dei laut halde seg dagesvis i Ålesund, som danskane då døypte om til Taalesund.

  Hans Holtermann selde i 1738 borgarsetet til søskenbarnet RASMUS HOLTERMANN IBSEN, styrmannsson fra Bergen. Holtermann flytta til Djuvika. Ibsen døydde allereie i 1742 og etterlet seg eit etter måten velståande bu. Enka, Magdalena Nilsdatter Langeloe, ekta året etter Morten Frost Walnum.

  Før den tid, og seinast fra 1742, hadde bror hennar, OLE HELT LANGELOE, oftast berre kalla Ole Helt, borgararson fra Sløgstad på Strand, etablert seg her. Han dreiv handel, var sikt- og sakefallsforpaktar og prokurator (løyve fra amtmannen 9. april 1743). Denne første «advokaten» i Ålesund var ikkje lenge liv laga; han døydde i september 1744. På skiftet etter han i 1746 blei aktiva sette til 2.747 rd og passiva til 1.447 rd.

  Verbroren til Ole Helt, MORTEN FROST WALNUM, kremmarson fra Sandnessjøen i Nordland, tok borgarskap som skipper i Bergen i 1742 og gifta seg til Brunholmen året etter. Han svarte handelsskatt 1744-48. I 1749 heitte det at han formedelst avmagt og fattigdom ikkje hadde handla dette året. Det ser ut til at han dreiv småhandel her også i 1750-åra, men utan å svare skatt. I 1749 heitte det at Brunholmen var et temmelig belejligt stæd for handel, men da det for indeværende tid beboes af Morten Frost, som er een forarmed mand, kand deraf i den henseende ei svares mer end 6 rd, men elles som der var en mand af bedre vilkaar kunde gives 12 rd aarlig

  I 1762 kjøpte HANS JACOB KLÜWER, kapteinson fra Melhus i Trøndelag, borgarsetet av Magdalena Langeloe for 1000 rd. Han hadde før vore kjøpsvein på Grimmergård for kompaniet Moses & Leslie i Kristiansund. Klüwer svarte handelsskatt 1763-78, enka 1779-1800. I 1785 heitte det om Brunholmen:

 

Eet gammelt handelsstæd og gamle huser, fører en liden handel.

 

  Enka etter Klüwer, SUSANNE CATHRINE DORNICH, styrte altså handelen i over 20 år. I 1796 fekk ho kongeleg kremmarløyve. Brordattera hennar var gift med PEDER JONSEN ØIE, bondeson fra Øye på  Vartdal, som hadde hand om handelen nokre år kring 1800. Han blei seinare kremmar på Ullahammar.

  I 1804 fekk madam Pytter i Bergen auksjonsskøyte på Brunholmen, som i 1807 selde vidare til KNUD KNUDSEN BRECKE, bondeson fra Ørsta og før kjøpsvein på Tyskholmen, for 500 rd. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1808, men sa det opp allereie i 1810 (fallitt 1809). Han svarte ikkje handelsskatt.

  I 1812 kom GUNDER JETMUNDSEN WEIBUST, bondeson fra Veibust i Borgund, hit fra Lorkeneset. Han fekk kremmarløyve i 1820 og svarte handelsskatt 1821-24. Flytta så til Kjeldsund.

  I 1825 kjøpte OLE STRØM, før kremmar på Slinningen, Brunholmen og busette seg her. Han tok borgarskap i Ålesund same året. I Strøm si tid blei våningshuset på Giskegard flytta fra Giske til Ålesund og oppført på Brunholmen. Strøm handla også på Slinningen og var ein av dei største kjøpmennene i Ålesund. Han døydde i 1853.

  Enka heldt fram med ein mindre handel (mest med brennevin), men hovedverksemda blei fra 1860 drive vidare av JULIUS SANNE, kjøpmannsson fra Molde, som var gift med ei datter av Ole Strøm sin adoptivson og einearving, søstersonen Jacob Carolus Strøm. Sanne dreiv også handel på Furkenholmen, som i hans tid gikk under namn av det einaste privilegerte fiskeværet på Sunnmøre. Sanne var en meget daarlig, men flot Forretningsmand, heiter det i minneboka til ei som vaks opp på Brunholmen. Sist i 1860-åra var der Bankerot og Ingenting igjen. Dermed var Brunholmen si tid som borgarsete ute.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s