Drevika

I borgarlista for Sunnmøre fra 1633 er Erich Dreuig nemnd. ERIK var kanskje lik sunnmøringen Erik Størkersen som tok borgarskap i Bergen i 1626 og som nokre år før er nemnd i Nørvasundet. Det sjeldne farsnamnet kan tyde på at dette var ein bror av borgaren Einar Størkersen på Hareid, og i så fall også lensmannsson fra Tennfjord, men om han var lik borgaren Erik i Drevika er uvisst, for han kan like gjerne ha vore prestelærd og son av borgundpresten Claus Corneliussen. I 1645 skatta Erik som strandsittar av seg sjølv og kona. I 1648 eller før var han daud; då var det kona Kirsten som styrte handelen. Ho sat som enke enno i 1651.  

  I 1657 eller før var Hans Jenssen, mest truleg HANS JENSSEN GLAD, seinare borgar på Indre Brandal, etablert i Drevika, kanskje gift med enka etter Erik, men heller med ei datter av han. I 1660 kverrsette Hans Jenssen ei tønne salt som nokre bønder hadde handla seg i mellom med, i det han hevda at dette schulle vere borgeschabit dieris priuilegier for neer. På tinget fekk han motbør, for det første fordi han berre var en strandsider och ingen borger, for det andre fordi det var retten og ikkje enkeltmenn som skulle ta seg av folk som dreiv ulovleg kjøpmannskap. I 1667 høyrer vi at han hadde ei gjeld på 320 rd til ein kjøpmann i Bergen. Same året tok han borgarskap i Bergen.  Etter den tid budde han på Indre Brandal, men handla også i Håkeshamn. Seinare ingen handel i Drevika.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s