Hella

Dette er nok eitt av dei eldste borgarseta i Ålesund. Den første kjende borgaren var MORTEN BLANCHE, nemnd fra 1609. Han var mest truleg borgar. I 1570-72 er ein rådmann av same namnet nemnd i Bergen. Om Blancheætta elles på Sunnmøre, sjå Rafteneset og Blankholmen. Morten Blanche var på Hella til 1614. Seinare budde han på Loppa i Finnmark, der han døydde kring 1625 som underfut (lensmann).

  Neste borgaren på Hella var JENS BLACK (også Blach og Bloch), borgar av Bergen, som kom hit i 1614 og handla fram til 1617-18. Han budde seinare på Togning i Stryn, Perhusi, som blei sete for den vidgreinte Tonningætta.

  Etter Black heldt JØRGEN PEDERSEN BØRKOP fra Kolding fram med handelen på Hella til 1623-24. Han tok borgarskap i Bergen i 1620. Han flytta til Valderhaug kring 1624, sjå Laberget I.

  Då overtok CHRISTEN OLSEN SLENDING handelen. Han tok borgarskap i Bergen i 1623, og det heitte då at han var fra Bergen. Men han var kremmarson fra Slinningen. Christen handla her til midt i 1630-åra, då han flytta til Slinningen. Seinare handla han i Øysteinsvika.

  Kremmaren på Hella fra kring 1635 var HANS STABELL. Også Stabell kan ha vore borgar av Bergen, men eg har ikkje funne han i borgarboka under dette namnet. Han budde her til kring 1647.

  Då overtok  MATHIS HANSSEN, den tidlegare kremmaren (og futen) i Spjelkavik. Han hadde også handla på Valderhaug. Mathis budde her enno i 1651. Seinare høyrer vi ikkje meir om han.

  I 1661 heitte leigaren av grunnen Olle Schomager og han var her enno i 1689. Skomakaren heitte Ole Olsen. Han var ikkje kremmar, men han leigde ut ein del av grunnen og husa her til kjøpmenn, truleg allereie fra 1660-åra, sjå Wesselsgrunn.

  På hovedsetet Hella sat fra sist i 1690-åra losen MORTEN NILSSEN, som ser ut til å ha drive handel, men i lite omfang. Han døydde i 1728.

  Då hadde sonen PETTER MORTENSEN truleg handla her ei tid allereie. Han flytta i 1725 til Gamlem, der han gifta seg med ei kremmarenke. Petter endte som kjøpmann og rådmann i Bergen.

  Broren MORTEN MORTENSEN heldt fram med handelen her. Han svarte handelsskatt 1750-51, enka 1752. På skiftet etter den velfornemme Morten Mortensen i 1752 blei aktiva i buet sette til nær 724 rd, passiva til vel 706 rd. Varelageret var velfylt, både av fiskevarer, m.a 128 tønner vårsild, 140 våger (vel 2.5 tonn) råskjær og jamvel 35 våger klippfisk, og ei mengd innførslevarer, som tekstilar av ei rekke slag, stål, grønnsåpe, tobakk, brennevin, brød og anna. Hella blei pussig nok ikkje rekna som kremmarsete i 1749.

  Då Morten Mortensen døydde i 1752 ekta enka same året JOCHUM FRIEDRICH ERDMANN GIERCHEN, truleg kjøpmannsson fra Bergen, som handla her til han døydde i 1773. Handelsskatt 1754-73, enka 1774-84.

  I åra 1774-79 var det etter alt å døme Gierchen sin søsterson, JOCHUM CHRISTIAN RODE, som hadde hand om handelen på Hella. Han døydde i 1779.

  Enka etter Rode ekta i 1782 NICOLAI ULRICH WINGAARD, kremmarson fra Grimmergård, som før hadde handla der. Han svarte handelsskatt 1785-1813 og fekk kongeleg kremmarløyve i 1803. I 1785 heitte det om Hella:

 

Eet gammelt handelsstæd vel bebygget, fører en god handel.

 

  Sonen NICOLAI JACOBI WINGAARD overtok borgarsetet etter faren i 1813 og tok truleg til å handle då, men utan å betale handelsskatt.

  I 1819 selde han borgarsetet til PEDER JALLES ØWRE, byfutson fra Molde, som var farmasøyt. Han fekk same året leige apotekretten i Ålesund av apotekar Blix på Molde. I 1824 fekk han eige apotekprivilegium.

  Sonen PEDER LETH ØWRE overtok verksemda i 1859 og dreiv til han døydde i 1883. Han må reknast som den siste «borgaren» på staden, den siste privilegerte handlaren (apotekdrift var jo handel, det omfatta jamvel rett til brennevinssal, ein rett som Øwre elles sa opp i 1860). Då Peder Leth Øwre døydde overtok søstersonen hans, Jørgen Anton Johnsen Øwre, og hans son, Christian Johnsen Dedekam Øwre, overtok etter han i 1932 og dreiv til 1956. Han budde her til han døydde i 1980. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s