Olsplass

Plassane Bakken (Kråa) og Olsplass blei kring 1700 brukte under eitt av LARS BAARDSEN, som tok til å handle her sist i 1680-åra. I 1690 blei han tiltala av amtmannen formedelst hand som en v-priuiligered har brugt dene vinter noget ringe handel. På tinget kom det fram at Lars ikkje åtte midlar for meir enn 18 rd. Etter gotfolchis forbøn blei bota nedsett til 9 rd. Samtidig laut han love hereffter ey at lade sig finde ved nogen kiøbmandschab før hand sin borgerschab hafuer vundit. Lars tok ikkje borgarskap, men ser ut til å ha handla nokre år til likevel. I 1701 heitte det at han var loesmand for fremmede schibe.

  Ingen handel her seinare før HANS PEDERSEN STEEN fra staden tok til i 1750-åra. Han var opphavleg los. Handelsskatt 1757-59 og 1762-66. Han levde enno i 1769. Steen budde truleg i Kråa, men ettersom plassen hans i 1773 blei overtatt av den neste kremmaren i området, kan det vere grunn til å tru at grensene mellom Kråa og sjølve Olsplass var flytande.

  Det var INGEBRIGT OLSEN NØRVE, bondeson fra Litje Nørve i Borgund, som heldt fram med handelen. Han hadde før vore kjøpsvein hos Iver Høgh i Vegsund. Handelsskatt for Olsplass 1770-1804, enka 1805-08. Ingebrigt Nørve fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. I 1785 heitte det om borgarsetet Olsplass:

 

For 16 aar siden af nuværende beboer begyndt at handle, stædet er temmelig vel bebygget og ejeren fører en gandske god handel.

 

 Den som truleg verkeleg dreiv handelen i tiåret kring 1800 var Nørve sin verson, DIDRIK HASLOP STUWITZ, ein tidlegare koffardikaptein. Han var kjøpmannsson fra Bergen. Stuwitz døydde i 1805 og enka gifta seg seinare med Jacob Jacobsen Fiddie fra Sokndal. Han ser ikkje ut til å ha drive handel.

  Handelen her må såleis ha lege nede til NILS DEVOLD, bondeson fra Devold, Rauma i Romsdal, kom hit i 1818. Han var utdanna fargar og dreiv dette handverket i lag med handelen. Handelsskatt 1824. I 1827 tok han borgarskap i Ålesund. Devold og kona var haugianarar. Han levde til 1872. To av sønene og to av versønene hans heldt handelstradisjonane ved lag i stroket Olsplass-Bakken: Lauritz Devold og Edvard Joachim Devold, Fredrik Hanssen og Johannes Bache. Kjøpmann Nils Qvistgaard Sødring, inngifta i Devold-slekta, handla også her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s