Øysteinsvika

Eit truleg eldre namn er Busevika, yngre: Didriksvika og Kippervika, men også bare Vika eller Ålesundsvika og jamvel Hellevika. Borgarsetet låg mest truleg på Langeberget, men heilt visst er det ikkje. Namnet skriv seg fra borgaren ØYSTEIN ERIKSEN, som er nemnd allereie i 1606-07 mellom dei bøtlagde utliggarborgarane på Sunnmøre. I 1615-16 bygsla han ein del av Aspa, då kalla Jøstin Eriksen Aalsund. Det dreidde seg om jorda aust på øya mellom Hella og Skutvika, eit område som under eitt gikk under namnet Vika. Heile eller ein del av området heitte Østensvig, rimeligvis oppkalla etter Øystein Eriksen. Øystein, som eg ikkje har funne borgarskapsår for, levde enno i 1628-29, men seinare høyrer vi ikkje om han.

  Ettermannen hans kan ha vore borgaren PEDER VINCENSEN, som er nemnd på Sunnmøre med bustaden Wiegen i 1629, same året som han tok borgarskap i Bergen. Peder var fra Turø i Danmark. Han er nemnd også i 1633, men ikkje seinare. I 1645 budde han i Bergen i lag med kona som ein etter måten velståande kjøpmann.

  Neste borgarenaren her var borgaren CHRISTEN OLSEN SLENDING, tidlegare kremmar på Hella og Slinningen. Han handla her seinast fra 1645 og døydde kring 1651.

  Enka etter Christen kan så ha ekta JACOB JENSSEN RIBER fra Tønder (i Ribe amt) som budde her fra 1650-åra og utetter. Han tok borgarskap i Bergen i 1655, og hadde før vore kjøpsvein for Rasmus Lauritzen Stud på Hankeneset i lag med Søren Mikkelsen på det seinare Sørneset.

  Ein son av Christen Olsen, Carsten Christensen kan ha handla er eit tid etter at faren døydde, men det kan ikkje ha vore lenge. Flytta seinare til Molde, der han var kjøpmann.

  Ein yngre bror eller halvbror av Carsten, ISAK CHRISTENSEN, tok borgarskap i Bergen i 1672. Det er då oppgitt at han var romsdaling; han hadde vel budd på Molde i lag med broren. Seinast i 1674 var Isak i verksemd som borgar i Ålesund, mest truleg i Øysteinsvika. Han heldt handelen  gåande til ut i 1680-åra. I 1688 budde han enno i Ålesund, som svært fattig, men flytta like etter til Fyllingen, der han døydde i 1718. Kona hans heitte Marte Davidsdatter Middelthun; den noverande ætta Middelthun i Norge stammar frå dette ekteparet. Etter at Isak Christensen flytta til Fyllingen overtok ein velståande los, Didrik Olsen, plassen. Korkje han eller ettermennene hans dreiv handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s