Skarbøvika

Kring Steinvågen var det fleire borgarsete i første halvdelen av 1600-talet, både på Heidsasida og på Aspesida. Borgarseta på Heidsa utanom Slinningen låg alle opphavleg under garden Skarbøen. Borgarseta på Aspa låg under garden Aspa og gikk under namnet Steinvåg, som også gikk over til å bli gardsnamn i staden for Aspa. Vi kan lokalisere to borgarsete under Skarbøen, nemleg Drevika ved Valderhaugfjorden og Steinvågneset. Men dette var ikkje dei einaste. Kanskje var her endå to borgarsete, og dei låg etter alt å døme på grunnen som seinare blei matrikulert med gardsnamnet Skarbøvik. Ein av dei som mest truleg budde her, var borgaren POVEL EBBESEN. Ein mann av dette namnet blei borgar av Bergen 1607. Same året finn vi elles nemnd borgaren Povel på «Kalfføen» i Borgund. Vi veit ikkje om dette var den same som budde i Skarbøvika seinare. Povel Ebbesen var komen hit seinast i 1616 og budde her framleis 1636-37.

  Sonen JOHAN POVELSEN, som ikkje ser ut til å ha vore borgar, handla her kanskje ei tid etter faren. Han budde enno i 1661 i Steenuog, som plassen også blei kalla på grunn av leiet ved vågen. Ei datter av Povel Ebbesen var gift med ein bror av Wibrant Peitersen Lytkes i Steinvågen, nemleg Sipke Peitersen, som tok borgarskap i Bergen 1632. Dei hadde sonen Jon Sipken, fødd i Steinvågen, som i 1662 tok borgarskap som skipper i Bergen. Han budde seinare i Nordlanda. Borgarsetet her blei kring 1660 lagt under Steinvågneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s