Skutvika

Dette må ha vore ein gammal utrorsstad, eit fiskevær, som kanskje også blei nytta som handelsstad i fisketida, men dette høyrer vi ikkje uttrykkeleg om før i andre halvdelen av 1700-talet. Etter Peder Fylling kjøpte Christopher Abelset på Apalset Gaarden Skudevigen paa Aspøen i Aalesund av Erik Pedersen i Steinvågen 1739; dette kan tyde på at staden var tenkt brukt til handel.

  Seinast i 1770-åra hadde OLE HONNINGDAL i Honningdal og JØRGEN JØRGENSEN HØGH jr i Ørstavik truleg både fiskevær og handelssete her.

  Anlegget til den førstnemnde blei i 1789 kjøpt på auksjon av EDVARD HAMMOND i Honningdal og PETER WESSEL WIND, seinare i Korsen.

  Høgh selde i 1777 husa sine her til ANDREAS LUTH på Nørveneset, og Luth dreiv truleg også handel her i fisketida.

  I 1784 selde han vidare til sonen JOHAN WINDELER LUTH, kremmar på Lorkeneset.

  I 1787 fekk Lyder Wentzel Nicolaisen i Bergen hand om eigedomane hans, men selde same året vidare til (Johan) CHRISTIAN GIERCHEN BLADT, som var den første og, så vidt vi veit, den einaste fastbuande kremmaren i Skutvika. Han var fra Rostock, men mora var søster til kremmaren Jochum Gierchen på Hella i Ålesund. Bladt svarte handelsskatt berre i 1788. Det blei halde skifte etter han i 1791 og eigedomen blei utlagt til kjøpmann Hildebrand Harmens i Bergen.

  I 1794 selde Harmens til Abraham Holtermann jr som same året selde husa vidare til NILS WIND på Taskeberget. Wind dreiv truleg handel her.

  Wind døydde i 1799 og enka selde i 1803 husa til CHRISTEN WINDING BAADE i Korsen.

  I 1807 gikk eigedomen over til kremmaren på Gamlem, JOCHUM NICOLAI KREY. Korkje Wind, Baade eller Krey svarte handelsskatt her, men det er mykje som taler for at dei heldt handelen ved lag i fisketida. Ingen handel, så vidt vi veit, etter Krey si tid; han døydde i 1811. Våningshuset som står i Skutvika i dag kan godt vere bygd då det var borgarsete her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s