Steinvågneset

Også her kan det ha vore drive handel i første halvdelen av 1600-talet, men vi kjenner ikkje til kven som eventuelt sto for han. 1649 er plassen ei grunnleige under Borgund prestebord på ½ våg fisk. Leigaren då var kanskje borgaren JØRGEN PEDERSEN BØRKOP på Valderhaug, som i alle fall hadde hand om staden 1651. Han må ha hatt kjøpsveinar her.

  Sonen JOHAN JØRGENSEN BØRKOP overtok handelen etter faren kring 1655. I 1661 finn vi han som leigar av i alt 1 våg fisk, noke som etter alt å døme innebar at han hadde overtatt bruken av det borgarsetet eg har kalla Skarbøvik, grunnleige ½ våg fisk, som ikkje er nemnd i 1661. Først i 1661 er namnet Steenuognes brukt om denne utvida grunnleiga. Johan Jørgensen budde sjølv på Jangarden, og heldt truleg kjøpsveinar på Steinvågneset. Han levde i det minste til 1693, men kor lenge han handla på Steinvågneset er uvisst.

  Etter hans tid var ikkje kremmarar verksame på staden før i 1740-åra, då JETMUND PEDERSEN HONNINGDAL, kremmarson fra Honningdal, handla her i 1744 og truleg nokre år til.

  Broren HANS PEDERSEN HONNINGDAL, tidlegare kremmar i Honningdal og bergensutdanna gullsmed, tok så over handelen seinast i 1747. Han svarte handelsskatt berre for åra 1750-51, og i 1754 gikk borgarsetet til auksjon. 1749 heitte det at Steinvågneset, som beboes af Hans Honningdahlen, agtis unødvendig, siden det ligger de tvende handlere udi Aalesund for nær, men om det skulle vedblive, kand deraf ej gives mere en 4 rd aarlig.

  Den som fekk tilslaget på auksjonen 1754 var ABRAHAM ABRAHAMSEN HOLTERMANN, kjøpmannsson fra Bergen og brorson til Henrik Henriksen Holtermann på Brunholmen. Han svarte handelsskatt 1754-83. I 1783 flytta han heim til fødebyen og døydde der året etter. I 1785 heitte det om staden:

 

For et aars tid [sidan] forlod ejeren stædet, rejste til Bergen og efterlod sig en handelsforvalter, sidst i afvigte aar døde ejeren og efterlod sig en umyndig søn, som er under 2de curatorers opsyn i Bergen, hvor han er for nærværende tid. Handelen føres nu af handelsforvalteren. Stædet er i øvrigt et gammelt handelsstæd beqvemt til handel. Men skulle alle de handlende i Aalesund, som her nær ved beliggende, blive ved magt og i stand at  fournere almuen, da kan ej Steenvaagen just ej blive saa aldeles fornøden.

 

  Den grunnrike ervingen Abraham Holtermann junior selde i 1786 Steinvågneset til løytnant CHRISTIAN von LOHMANN, oberstson med oppvokster i Blindheimsbreivik i Borgund. Abraham  Holtermann junior kom i pleie, han var sinnssjuk, hos Nils Wind på Taskeberget, som hadde tatt over stordelen av jordegodset til gamle Abraham Holtermann. Lohmann svarte handelsskatt 1786-1805. Han hadde kongeleg kremmarløyve fra 1794 eller før. I 1799 blei han kaptein og sjef for lysterske kompani i Sogn, men flytta visst ikkje fra Sunnmøre før i 1805. Han døydde som major på Frønningen i Indre Sogn 1814.

  Steinvågneset blei i 1805 seld til CHRISTIAN RUE HONNINGDAL, kremmarson fra Honningdal og brorson til dei førre kremmarane her, Jetmund og Hans Honningdal. Han svarte handelsskatt 1806-11, fekk kongeleg kremmarløyve i 1807 og sa det opp i 1811.

  Honningdal gikk fallitt i 1810, og på auksjonen over buet i 1811 fekk PEDER OLSEN TONNING, før kremmar på Taskeberget, tilslaget på borgarsetet. Tonning tok til å handle allereie i 1811; han svarte handelsskatt fra 1812, og fekk kongeleg kremmarløyve i 1813. Han svarte handelsskatt til og med 1824, då Steinvågneset blei innlemma i ladestaden Ålesund. Tonning var 1812-26 postmeister i Borgensund og 1826-39 i Ålesund. 1831-39 var han også tollbetjent i byen. Tonning blei vald som tingmann for Romsdals amt i 1814, likeeins i 1830, og han var ofte varamann. I andre halvdelen av 1820-åra flytta han «inn» til byen, området kring Ålesundet, anten til Skanseneset eller Vika.

  I 1829 overlet han Steinvågneset til sonen OLE MATHIAS TONNING, som truleg handla der fra den tid. I 1837 tok han borgarskap som kjøpmann i Ålesund.

  I 1852 blei Steinvågneset seld på auksjon til kjøpmann KNUD OLSEN i Ålesund. Han var fra Espenakken i Volda og tok borgarskap i 1845. Uvisst om han budde på Steinvågneset.

  I 1855 selde Olsen vidare til ein annan volding, kremmarsonen OLAI OLSEN junior fra Rotset, som kanskje handla her til 1861, då han selde staden. Han handla seinare i Sandshamn. Kjøparen av Steinvågneset i 1861 var konsul Fredrik Hanssen, ein verson av kjøpmann Nils Devold på Olsplass i Ålesund. Hanssen ser ikkje ut til å ha budd eller handla her. Ein del av grunnen blei tidleg i 1860-åra leigd ut som tomt for eit bryggeri, truleg Aalesunds Bryggeri ved Otto Hauser. Seinare, like til første verdskrigen, dreiv bryggar Piller denne verksemda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s