Giskegard og Furkenholmen

Giskegard, som fram til kring 1720 femnde om heile øya Giske, var hovedsetet for det veldige Giskegodset, eit adelsgods fram til 1582, då krona overtok det ved makeskifte. I 1648 overtok Hannibal Sehested godset, som nokre år seinare blei lagt under krona att. I 1657 blei det selt til den første ikkje-adelege eigaren, hollendaren Gabriel Marselis. Hannibal Sehested auka godset monaleg ved å innlemme tidlegare kron-, kirke-, prestebords- og prebendegods i det.

  Marselis selde dette sterkt utvida Giskegodset kring 1661 til fire brør Smit fra Tønder, nemleg: Hans Hanssen, borgarmeister, seinare lagmann i Bergen, i 1676 adla under namnet Lilienskiold; Peder Hanssen, slottsskrivar og rådmann i Bergen; Nils Hanssen, borgarmeister i Helsingør, seinare stiftsskrivar i Bergen; og HENNING HANSSEN SMIT, ombodsmann for Giskegodset og rådmann i Bergen. Dei betalte 17.850 rd for godset. I dei følgande 50-60 åra var Giskegodset i eiga til denne ætta.

  Tidleg på 1700-talet kjøpte Christen Sæd på Molvær opp stordelen av godset. Ved ekteskap med enka etter Sæd fekk så amtmann, kanselliråd Hans Hagerup hand om godset, som han i 1757 selde ut stykkevis, hovedsakleg til kremmarar på Sunnmøre.

  Kva tid Giskegard sto fram som borgarsete, er uråd å seie heilt visst, men truleg var det i Rasmmus Lauritzen Stud (verfar til Henning Hansssen) si tid. Dei som styrte godset på stordelen av 1600-talet hadde elles ein handelsstad i Hanken, der dei heldt kjøpsveinar. I 1675 budde Hans Henningsen Smit, ein av sønene til Henning Hanssen, på Giskegard, men helst berre som godsforvaltar.

  Broren hans, RASMUS HENNINGSEN SMIT, kom til Giske i 1699 fra Vegsund. Rasmus kan ha vore den første rettelege kremmaren her.

  Då Rasmus Henningsen Smit døydde i 1709 overtok sonen NILS RASMUSSEN SMIT garden og handelen. Han ser ikkje ut til å ha drive mykje handel. Han døydde i 1730.

  I 1736 kjøpte MARTINUS HØRLOCH, gullsmedson fra Christiania, heile garden for 1040 rd og tok truleg til å handle her samtidig. Hørloch var konstituert sorenskrivar i 1733 og konstituert fut 1734-36. I 1736 var han sikt- og sakefallsforpaktar på Sunnmøre. Hørloch svarte handelsskatt 1746-49. I 1749 heitte det om Giskegard at kremmarsetet kunne svare 8 rd årleg i henseende til den handel der drives paa de tider vaarfisket continuerer.

  I 1750 heitte det at Hørloch var angreben af sine creditorer og skildt med gaard og grund. Han flytta då til Valderhaug og døydde der i 1752.

  Den som kjøpte Giskegard i 1749, var HANS HENRIKSEN HOLTERMANN, då kjøpmann på Molde, men før kremmar på Brunholmen og i Djuvika. På Furkenholmen og Havstein skipa han fiskevær. Han handla på Giskegard ved kjøpsveinar 1752-60, og likeeins på Tyskholmen. I 1763 selde han Giskegard etter å ha kjøpt, i 1760, eit anna kjent herresete, Austråt i Fosen.

  Den som kjøpte Giskegard var Holtermann sitt søskenbarn, Nils Hagerup Honningdal eller NILS HAGERUP, som han kalla seg, borgarson fra Honningdal og før kremmar der. Hagerup hadde vel  då forpakta Giskegard ei tid. Han svarte handelsskatt 1761-88, enka i 1789. 1785 heitte det om Gidske gaard:

 

Dette har i fordum tid været en adelig sædegaard, men nu i mange aar ejet af private folk som der have ført handel. Stædet haver mange beboere, ligge nær havet og en mængde almue søge her huus i vaarfisket, hvorover dette stæd er fornøden til handel baade nu og fremdeles.

 

  Sonen CHRISTOPHER ABELSET HAGERUP tok over handelen i 1790. Han hadde kongeleg kremmarløyve fra 1794 eller før og svarte handelsskatt 1790-1804, enka 1805-26. Ho heitte ANNE KIRSTINE DANHOLM og var borgardatter fra Drynesund.

  Den som kanskje sto for handelen etter 1812-13 var versonen PEDER ELIAS RØNNEBERG, kremmarson fra Laberget III på Valderhaug og før kremmar på Lorkeneset i Ålesund. I 1828 laut Rønneberg gå fra garden. Han flytta då til Nørveneset. Verbroren Ole Hagerup kjøpte Giskegard, men dreiv truleg ikkje handel.

  Rønneberg døydde i 1830 og andrekona ekta sidan, i 1838, OLE STRØM, som i 1831 hadde kjøpt Giskegard på auksjonen etter Ole Hagerup. Ole Strøm var på denne tida kjøpmann på Brunholmen i Ålesund. Kanskje handla han ikkje på sjølve Giskegard, men det er svært truleg at han dreiv handel på garden sine fiskevær, Furkenholmen og Havstein, under vårfisket.

  Strøm sin ettermann på Brunholmen, JULIUS SANNE, heldt handelen på Furkenholmen gåande til han gikk konkurs i 1869. Då kjøpte kjøpmann Johannes Ouse i Ålesund fiskeværet. I Strøm si tid blei hovedbygninga på Giskegard flytta til Brunholmen, der ho sto til bybrannen i 1904. Bygninga var truleg oppført av Martinus Hørloch kring 1740. Ingen kremmarar på Giskegard etter kring 1830.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s