Hannsundet

I dag blir staden kalla «Hamnsund», men dette er uhistorisk. Skrivemåten bør vere Hannsund (evt Hansund). Seinast fra 1603, men kanskje allereie fra 1595, budde ein kremmar her, bergensborgaren JOHAN WILLUMSEN. Han hadde mest truleg borgarskap fra 1595. Johan la til seg ein god del jordegods. Han dreiv også handel på Roald ei tid. Han døydde i 1640 eller først på året i 1641. I lag med borgaren Jens Jull i Tranvågen ga han i 1628 eit lån på 50 lodd sølv til kongen. Johan Willumsen hadde fleire søner som blei borgarar: Berent (sjå nedanfor), Didrik på Alvestad i Haram og Johan Johansen på Rellingen i Norddal. Dessutan hadde han sønene Peder, Jacob og Jon.

  PEDER JOHANSEN ser ut til å ha styrt handelen her etter at faren døydde, først for mora, sidan for broren BERENT JOHANSEN, som tok borgarskap i Bergen i 1641 og dreiv handel på Roald i det minste til 1653. I Hannsund var han busett seinast fra 1657, men formelt hadde han nok overtatt her allereie i 1644. Berent Johansen budde her enno i 1666.

  Seinast i 1675 hadde CHRISTEN HANSSEN tatt over handelen her. Han tok borgarskap i Bergen i 1660 som udfarer. Fødestaden blei oppgitt til Aarhuus. Kona hans skal ha vore ei datter av Didrik Johansen, borgar på Alvestad, og ei såleis ei sonedatter av Johan Willumsen. Det gikk snart ut med Christen Hanssen; i 1685 heitte det at kreditorane hadde slått han konkurs, og i 1691 vitna ålmugen om at han ikkje hadde handla på 16 år, som nok var ei overdriving. Han døydde etter måten fattig i 1711. Seinare ingen borgarhandel i Hannsund.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s