Laberget I

Alle dei kremmarane som skal nemnast under dei fem borgarseta på Laberget var alle busette eller brukte handel på denne staden, men rekkefølga mellom dei på dei einskilde borgarseta er til dels oppsett på grunnlag av gjetningar, men for det meste på grunnlag av kronologiske og genealogiske tilhøve.

  Den første borgaren vi finn her heitte PEDER LAURITZEN, og han er nemnd i 1606-07 mellom dei bøtlagde utliggarborgarane. Seinare høyrer vi ikkje meir om han. 12. juni 1613 kom skipperen Lauritz Rasmussen fra Rotterdam inn under Valderøø med ei skute på 9 lester med sand i ballast, og innførte 18 tønner salt og 15 våger ost. 10. juli for han, og utførte då 100 våger tørrfisk som hand sig her huos borgerskabit til forhandlit. Om «her» sikta til Valderhaug kan det ha budd fleire borgarar her då («borgerskabit»), men desse kjenner vi ikkje namna på.

  Den neste kremmaren vi kjenner på Laberget er JØRGEN PEDERSEN BØRKOP, som kom hit kring 1624. Han var fra Koldingtraktene, tok borgarskap i Bergen i 1620 og hadde handla på Hella i Ålesund før han kom hit. Det er muleg å tenke seg at han var son til borgaren Peder Lauritzen, men noke anna enn ein laus hypotese kan dette aldri bli. I 1638 blei Jørgen utnemnd til stiftsskrivar på Sunnmøre, dvs kirkeverje for heile lenet. Denne stillinga hadde han til 1648. Han levde i 1653, men var daud før 22. mai 1655 då sonen Johan sa opp borgarskapet hans på vegner av mora.

  Denne Jan eller JOHAN JØRGENSEN BØRKOP tok borgarskap i Bergen i 1653. 1661 hadde han hand om faren sin grunn på Laberget, men budde etter alt å døme på Jangarden, der faren også kan ha budd dei siste leveåra sine. Både Jørgen og Johan handla også på Steinvågneset.

  Den som mest truleg overtok dette borgarsetet på Laberget var PEDER KNUDSEN, som i 1662 tok borgarskap i Bergen. Det er heitte då at han var fra Valderhaug, og seinast i 1664 budde han her; han brukte då noke av garden. Kanskje var han gift med enka etter Jørgen Pedersen. Peder budde her også i 1674, og same året finst han i ei liste over borgarar som skulda proviantskatt til Bergen. Han er ikkje nemnd mellom borgarane i 1675, heller ikkje seinare. Det ser ikkje ut til at noken tok over handelen etter Peder Knudsen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s