Laberget II

I ei jordebok over Giskegodset fra 1626 heiter det at ANDERS IVERSEN svarte grunnleige av nokre hus på Laberget. Etter alt å døme dreidde det seg om den Anders Iversen som 1608-23 var ombodsmann over Giskegodset. Ettermannen hans i ombodet var Rasmus Lauritzen Stud i Bergen, jf Hanken. Anders ser ut til å ha blitt avsett, og livnærte seg truleg ved kjøpmannskap på Laberget til han døydde i 1633 eller før; han levde enno i 1628. Anders Iversen må ikkje forvekslast med den samtidige romsdalsfuten av dette namnet; dei var elles verbrør, gifte med kvar si datter av futen, seinare trondheimslagmannen Jacob Pedersen på Vestnes.

  Vi veit ikkje kven som tok over grunnen etter Anders, men det ligg nært å gjette på MATHIS HANSSEN (Tod) i Spjelkavik, som leigde ein grunn her i 1642. Mathis var på denne tida i teneste hos Rasmus Lauritzen Stud, dåverande ombodsmann over Giskegodset.

  I 1644-45 finn vi borgaren JENS LAURITZEN STUD (etternamnet ikkje brukt då), her. Han var bror eller slektning av borgarmeister Rasmus Stud, og mest truleg handla han på den plassen som Mathis Hanssen hadde brukt. Jens Lauritzen var truleg lik mannen av same namn fra Fåborg, som også var fødebyen til borgarmeisteren, som tok borgarskap i Bergen i 1640. Jens Lauritzen Stud levde enno i 1675, men hadde då ingen brug eller handel.

  Sonen LARS JENSSEN STUD ser ut til å ha tatt over handelen etter faren, og han var i alle fall i verksemd fra 1682. Han er oftast kalla borgar, men eg har ikkje funne han innført i borgarboka. I 1684 tok ein Hans Jenssen Stud, fødd i Bergen, borgarskap, og dette kan ha vore ein bror av Lars. Lars Stud døydde i 1696/97; det blei halde skifte etter han i 1697 og buet hadde då midlar for 840 rd og inga gjeld; han var rik.

  Enka etter Lars Jenssen, Susanne Jensdatter Schielderup, ekta så NILS CLAUSSEN SVERTZ, borgarson fra Slinningen, som handla her seinast fra 1699. Nils Claussen ser ut til å ha drive det i stor stil. Han døydde barnlaus ved utgangen av 1726. Enka døydde i 1728.

  Det ser så ut til at handelen låg nede ei ti års tid til HENNING HØGH, kremmarson fra Vegsund, tok til å handle her sist i 1730-åra. Han døydde allereie i 1740.

  Enka, Benedicte Nyrop, overlet handelen her like etter, seinast i 1743, til søstersonen RASMUS HENRIKSEN SMIT, kjøpmannsson fra Romsdal (han var også brorson til Benedicte Nyrop sin  andre ektemann, Nils Rasmussen Smit på Giskegard). Rasmus Smit svarte handelsskatt 1744-54. I 1749 heitte det at han var een forarmed mand, der i betraktning hans ringe handel og slette tilstand, ei kand svare meere end 4 rd aarlig. Det ser ut til at Rasmus Smit dreiv litt handel også etter 1754, men det gikk dårleg, og då han døydde i 1762 var buet grundig fallitt.

  Borgarsetet blei då overtatt av HANS WABEK PAUST, skipper på Molde. Han svarte handelsskatt 1767-75. Handelsforvaltar dei tre første åra var madam Smit, MARGRETE NILSDATTER LØEG, søster til Hans Løeg på Valderhaugstrand og enke etter Rasmus Smit.

  I 1770-75 var JENS PEDERSEN TONNING handelsforvaltar for skipper Paust. Tonning hadde før vore kremmar på Vågnesholmen.

  I 1787 selde Paust borgarsetet her, kalla Smithaug, til CHRISTEN WALLIN, som var prokurator og hadde budd her fra 1776 (staden då kalla Smitnes). Christen Wallin var fra Trondheim. Han svarte handelsskatt 1782-87. Sidan kremmar og proprietær på Solnør. Ingen handel her seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s