Laberget III

I 1642 brukte ei enke og sonen hennar ei grunnleige på Laberget på ½  våg fisk. Denne grunnleiga var også i bruk i 1626, men vi veit ikkje kven som budde her då.

  I 1629-30 blei ein CHRISTEN DUG, kremmer vnnder Valderhoug, offer for ein tjuv, Ingebrigt i Nørvasundet, som hadde stole 4 merker bly fra han. Det er ikkje utenkeleg at Christen Dug kan ha budd på denne grunnen. Elles finst han ikkje nemnd. Ein Christen Pedersen Byg fra Ålborg tok borgarskap i Bergen 1616; kanskje kan det dreie seg om same mann.

  I 1644-45 heitte brukarane av denne grunnen Lauritz og Søren.

  I 1645 er LAURITZ skattlagd som strandsittar, og det er dermed truleg at det dreidde seg om ein kremmar. Lauritz levde i 1651, men var daud før 1657. Dette året var Søren og Willum brukarar av grunnen her, likeeins i 1661. Søren ser ut til å ha vore hovedmannen av desse to, og var truleg far til Willum. Begge budde her også i 1666, og alderen til Søren er då oppgitt til 50 år, Willum 30 år. Vi kan ikkje sjå vekk fra at dei handla her, men vi har ikkje positive haldepunkt for at dette var tilfelle.

  Seinast fra 1687 handla SØREN JENSSEN STUD, kremmarson fra Laberget II, på Laberget ein satd, kanskje her. I 1690 blei han tiltala for ulovleg kjøpmannskap. Han kunne ikkje prove at hafue vundet sit borgerschab, ey heller har nogen tilladelse af Bergen byes magistrat at bruge nogen borgerlig handel. Han blei derfor dømd til å slutte med handelen, og retten meinte at han i framtida redelig vill ernære sig, særleg eftersom hans sal. fader har verit en gammel borger her paa Sundmør, oc har contribuerit til Hans Mayst effter sin yderste formue. Etter loven skulle Søren bøte 40 lodd sølv (20 daler), men bota blei nedsett til 12 daler, både fordi Søren nettopp hadde sett bu og gifta seg og fordi handelen hans ikkje hadde vore av større importantz enn 60-70 daler. Søren levde enno i 1704, og er då rekna som husmann, 50 år gammal.

  Ikkje utruleg var det HANS HANSSEN WINGAARD, kremmarson fra Laberget IV, som dreiv handelen her fra kring 1700 til han i 1706 overtok borgarsetet etter faren.

  Etter denne tid kan Hans Hanssen sin stefar, THOR ANDERSSEN TYNDER, ha brukt borgarsetet her. Vi veit ikkje kor Tynder kom fra. Seinast 1711 er han tollvisitør, ei stilling han hadde til han døydde i 1738. Han ser ut til å ha drive ein liten handel heile tida han var her.

  Enka, andrekona GURINE ANDERSDATTER WIBORG, heldt fram med handelen i lang tid. I 1744 heitte det at ho hadde handla i 6 år. Ho svarte så handelsskatt 1744-55 og døydde i 1756. I 1749 blei det sagt om handelen ho dreiv at han var lige ufornøden som til præjudice for dei to andre kremmarane på Valderhaug, Hans Løeg og Rasmus Smit, siden stædet ei taaler fleere, og enken, der ingen børn haver hiemme, detsuden kand leve af fiskeriet og dend hende allernaadigst forundte pension.

  Versonen, gullsmed og før kremmar på Steinvågneset, HANS HONNINGDAL, flytta hit kring 1754, og styrte kanskje handelen i Gurine sine siste år; han dreiv kanskje handel nokre år til, men utan å svare handelsskatt. Bror til Hans, Ole Honningdal i Honningdal, fekk i 1757 auksjonsskøyte på husa til Gurine Tynder, og han let vel broren få halde fram med å bu her. Hans Honningdal levde enno i 1769 og budde også då på Laberget. Han er omtala som monsieur, han var altså framleis rekna til dei fornemme, og levde kanskje av gullsmedhandverket, som han hadde lært i Bergen.

  Etter alt å døme var det denne staden CHRISTIAN HERMAN FRIELE tok i bruk i 1774, men han budde i Borgund allereie i 1769. Friele (namnet oftast skrive Frill og Friel) var helst bergensar. Han svarte handelsskatt 1774-87, enka 1788-89. Det blei halde skifte etter Friele i 1790; buet hans var då fallitt.

  Same året selde enka husa her til ELIAS RØNNEBERG, kremmarson fra Kriksholmen og før kremmar på Flåvær, som tok til å handle i 1790. Han svarte handelsskatt 1791-1836 og enka, Karen Sybille Rødder Baade, 1837-48. Seinare ingen handel her. Elias Rønneberg handla også ei tid på Ullahammaren.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s