Søvik

I 1560-åra budde sunnmørsfuten Hans Laurensson her. Han ekta i 1568 hustru MAGDALENA TØRRISDATTER, som var enke etter borgarmeister Litje Jon Tomassen i Bergen, og mor til Tomas Jonson Randall i Spjelkavik og Carsten Jonson Randall på Fyrde. Hans Laurensson døydde i 1570. I 1571 er hustru Magdalena ført som eigar av 1 nordfarskip og 1 jekt, så ho dreiv handel i stor stil. Vi veit ikkje kor lenge Magdalena budde i Søvik. I 1592 budde ho på Skeide, men då hadde ho kanskje gitt opp handelen.

  Seinast i 1584 budde JON PEDERSON, også fut, i Søvik. Same året selde han ei pinke, et lite handelsfarty, til to menn i Bergen. Jon døydde kring 1590. Enka, hustru Gunhild, sat med garden til 1603, då sønene OLUF JONSEN og AAGE JONSEN overtok. Den førstnemnde blei i 1611 omtala som stigtschriffuer vdj Trunndhiembs lhenn. Aage var i 1630-åra lensmann i Gryta skipreide. Desse brørne hadde sag i Søvik og dreiv truleg handel, men utan borgarskap, så vidt vi veit. Dei brukte også det seinare borgarsetet Bjørnøya i lag. I 1609-10 skatta dei av 34 mællag (8,5 våger) odelsgods. Begge levde i 1645, men må ha døydd like etter.

  Handelen i Søvik kan ha blitt overtatt av versonen til Aage Jonsen, NILS GREGERSEN, som kanskje var borgar av Bergen. I 1629 er han nemnd mellom drengane til Rasmus Lauritzen Stud i Bergen; kanskje var han då kjøpsvein for Stud i Hanken. Ein annan av Stud sine drengar dette året var Ebbe Nilssen, den seinare borgaren på Bjørnøya. Nils døydde seinast i 1656. Etter namn og alder å døme er det lite i vegen for å sette opp ein hypotese om at Aage Nilssen Find, kremmar i Drynesund, var son av Nils Gregersen og Anne Aagesdatter i Søvik. Dette er elles dei einaste kjende mulege foreldra til Aage Nilssen Find på Sunnmøre.

  Kring 1670 blei mykje av Søvik utlagt til kapteinsgard. Dette store bruket på nær 5 våger fisk, 19 mællag, blei i 1690 kjøpt av Guttorm og Knud Pedersøner, lensmannssøner fra Langlo på Stranda. Guttorm Pedersen tok garden i bruk og budde her som storbonde og proprietær. I 1704 heitte det om han, som den einaste i Borgund: Odelsbonde og Sorenmand.

  I 1718 fekk sonen PEDER GUTTORMSEN SØEVIG skøyte fra faren på 4 våger fisk i garden. Han hadde jekt og dreiv litt handel her. Han døydde i 1765, ikkje så lite velståande. Aktiva i buet var 2155 rd, passiva berre 208 rd. Men det var mange å dele på.

  I 1758 let Peder versonen CARL HENRIK HENNINGS få eit bruk under storbruket. Hennings  tok då til å handle her; handelsskatt 1758-60. Hennings budde i 1765 i Liavågen. Året etter selde han Søvik til verbroren Jørgen Mathias Fürstenberg, kremmar på Øydegard, som i 1767 selde vidare til Henning Christophersen Abelset, sokneprest i Haram. Abelset dreiv Søvik som avlsgard. Då han døydde i 1774 flytta enka hit. I 1777 søkte ho om handelsløyve, men fekk avslag fordi eit borgarsete i Søvik kunne vere skadeleg for kremmarane i dei meir sentrale delane av soknet.

  Sonen Hans Thiis Nagel Abelset tok over garden etter mora, og budde her til han døydde i 1795. Den gamle studenten var snautt opptatt med kjøpmannskap. Han var helst berre proprietær. I 1792 fekk han barn med hushalderska si, og dattera deira, Anne Laurentze Abelset (ho hadde fått faren sitt ættnamn), blei innsett som eineerving. Arven var på vel 4059 rd (aktiva nær 6239 rd etter auksjon, passiva snautt 2180 rd).

  I 1810 blei den rike arvingen gift med Henrik Holtermann Mechlenburg, kremmarson fra Vegsund, som var utdanna juvelér (og dermed gullsmed). Han drukna i 1816 under sekkenotfiske ved Søvik

  I 1817 gifta enka seg opp att med Hans Wingaard Friis, kremmarson fra Støylehamn, som budde her til han døydde i 1833. Også Friis drukna like ved garden. Korkje Mechlenburg eller Friis svarte handelsskatt, men det kan vel hende at dei dreiv litt handel. Det herskapelige våningshuset i Søvik blei kring 1845 flytta til Ålesund og blei på folkemunne kalla Mikkelborggården (svarer til dagens Kirkegata 14) etter eigaren Hans Jacob Hiort Mechlenburg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s