Om denne bloggen

I denne bloggen og i ein artikkelserie i Sunnmørsposten presenterer historikaren Bjørn Jonson Dale kring 200 borgarsete på Sunnmøre i perioden 1570-1870. Eit borgarsete er ein handelsstad med ein profesjonell kjøpmann med borgarrettar, organisert i eit lite samfunn med fra åtte til meir enn 30 menneske. Borgarseta i serien er lagt fram etter kyrkjesokn. Dale håper lesarane vil gi respons på stoffet, som sidan er tenkt innarbeidd i ei bok. Han er på jakt etter segner og ting som har skjedd, til dømes brannar, forlis eller rettssaker. Fotografi av plassar og gjenstandar, eller brev, skøyte og andre dokument, er òg av interesse.

One thought on “Om denne bloggen

  1. I årsskriftet til sogelaget for Hamnsund sokn for 2011 har Håkon Bjørnøy skrive ein artikkel om handelen i Hamnsundet, som vart starta av Johan Willumsen frå Bergen i 1595. Her kan ein blant anna lese om ei rettssak i 1648, der ein viss Knut Olafsen vart dømd til henging for å ha stole varer herifrå .Bjørnøy skriv at han baserer artikkelen på opplysningar samla inn av Magnar Kruse Bjørge i samband med eit arbeid om Claus Janecken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s