Langskipsøya II

Samtidig som Hans Lauritzen Haderslev festa ein grunn på Langskipsøya, gjorde også borgaren  PEDER PEDERSEN i Vegsund det. Han var og mellom dei største trelasthandlarane på Sunnmøre. Han dreiv trelasthandel her til han døydde kring 1630.

  Då tok OLUF GLAD, Peder Pedersen sin ettermann i Vegsund, over handelen. Han døydde truleg i 1634. Ervingane hans hadde så hand om grunnen her nokre år inntil borgaren

  OLUF IVERSEN, også kremmar i Vegsund, tok over kring 1636. Midt i 1640-åra flytta Oluf til Veibust, men han heldt handelen på Langskipsøya ved lag. Han bygsla også garden Langskipsøya, og det er ikkje utenkeleg at han budde her ei tid kring 1650. Vi veit det ikkje for visst, men truleg var det dette av dei tre borgarseta på øya som overlevde trelasthandelen.

  Neste brukaren, også av garden, heitte i så fall JENS ANDERSSEN FLEMING. Han var komen hit seinast 1661. Han ser ikkje ut til å ha vore borgar. I 1666 var han arveskrivar, dvs skifteforvaltar. Seinast i 1667 budde Jens på Slinningen. Han verka på den tida som fullmektig for Margrete Stud i  Hanken. I 1674 brukte eigaren av Langskipsøya, sokneprest Christen Hegelund i Ørskog, garden sjølv, i 1683 presteenka.

  Seinast i 1682 tok borgaren OLE LARSSEN ABELSET, kremmarson frå Apalset, til å handle her. Han budde her også. Samtidig dreiv han handel i Honningdal. Kring 1690 flytta han til farsgarden Apalset.

  Då blei truleg handelen på Langskipsøya nedlagd, for først å bli tatt opp att av  KNUD HØGH, før kremmar på Solnør, som flytta hit i 1756. Handelsskatt 1756-71. Høgh døydde i 1772, grunnrik. På skiftet etter Borger og Handelsmand Knud Høgh blei midlane i buet blei sette til vel 7343 rd (av dette jordegods for 5332 rd), skulda til snautt 1053 rd. Høgh åtte også eit fiskevær i Skutvika ved Ålesund. Seinare ingen handel.

  Ein verson av Jørgen Abelset på Solnør, sunnmørsfuten Christian Henrik Ramshart, tok bustad på Langskipsøya og budde her til han døydde i 1786. Enka gifta seg i 1797 med kaptein Johan Arent von Halle, som også budde her. Kona hans døydde i 1810, han sjølv i 1812. Rittmeister Gamborg, seinare på Våge i Veøy, budde her også ei tid.

Langskipsøya III

8. august 1611 kom skipperane Simon Falkens frå Enckhuisen og Cornelis Petersen frå Hamburg til futegarden Molvær for å svare rorstoll av trelasta dei hadde ombord i skutene sine. Futen Hans Simonsen var då i Bergen, og i staden tok då LAUGE JESPERSEN, som må ha vore hovmannen hans, imot tolla. Lauge kan ha vore fut i Romsdal i 1599. Lauge Jespersen finn vi sidan, i 1619-20, nemnd som tenar for futen Lauritz Christensen. Seinast i 1621-22 budde eller hadde han tilhald på Langskipsøya, for dette året er han oppført som seljar av 290 tylvter sagbord til ei hollandsk skute i lag med borgarane Peder Pedersen (i Vegsund), Hans Lauritzen Haderslev (i Steinvågen) og Lauge Jenssen på Riksheim. Seinare er ikkje Lauge nemnd som trelastseljar, men det kan tenkast at han var kjøpsvein for ulike borgarar. Lauge ser ikkje sjølv ut til å ha hatt borgarskap. Seinast i 1633-34 leigde han ein grunn på Langskipsøya, og denne sat han med til han døydde kring 1641.

  Enka sat her så eit par år til FREDRIK ALBRIGTSEN overtok kring 1643. Han var nok heller ikkje borgar, men dreiv handel. Kanskje var han også gjestgivar og krohaldar for mannskapa på dei fartya som enno fann vegen til denne mest seigliva trelasthamna i futedømet. I 1645 skatta Fredrik      som strandsittar av seg sjølv og kona. I 1649 blei han stemnd av futen for å svare for loulig schyld och gield til borgarmeister Søren Jenssen i Bergen, nemleg vel 95 rd. Fredrik Albrigtsen ba då futen Nils Jacobsen Knag vitne om huad neringh her nu paa Sundmør haffuer veritt, paa thoe eller threj aars tid, saa ded haffuer veritt besuerligt at erlange den blotte føe, end sidenn skyld och gield afflegge. Tidene var dårlege og Fredrik ba om betalingsutsetting. Seinare høyrer vi ikkje noke meir om den fattige men freidige Fredrik Albrigtsen på Langskipsøya.

Solnør med Dragsundet

Ole Olsen Abelset, lensmannsson frå Apalset og tidlegare kremmar i Spjelkavik, flytte til Solnør i 1650-åra. Mest truleg dreiv han ikkje handel. Etter at han døydde kring 1660 blei enka Maren Eriksdatter gift med ein Mads Hanssen, som heller ikkje ser ut til å ha drive handel. I 1691 bygsla son til Ole Olsen, Ole Olsen Solnør, garden av amtmann Jonas Lilienskiold. Same året kjøpte Ole  sitt søskenbarn på Apalset, Ole Larssen Abelset, Solnør av amtmannen, men Ole brukte garden til han døydde i 1718; like før er han nemnd som lensmann i Valle skipreide.

  Sonen Ibe Olsen brukte så garden til 1721, då POVEL ABELSET, kremmarson frå Apalset og tremenningen hans, tok over garden som han hadde fått i arv etter faren. Povel Abelset tok til å handle seinast i 1730. Han døydde som ein grunnrik mann i 1742. Aktiva i buet hans var 6265 rd, passiva 1352 rd. Jordegodset aleine blei verdsett til vel 4650 rd.

  Enka etter Abelset ekta så i 1743 KNUD HØGH, kremmarson frå Vegsund, som heldt fram med føremannen sin handel. Han svarte handelsskatt berre i 1744, men dreiv helst handel seinare med, truleg under dekke av at han berre handla med sine eigne leiglendingar.

  Knud Høgh flytta til Langskipsøya i 1756, då stesonen JØRGEN ABELSET overtok Solnør. Han  dreiv truleg handel frå første stund, og hadde elles gjestgiveri i Dragsundet. I 1785 fekk han løyve til å drive gjestgiveri, og han svarte gjestgivarskatt 1786. I 1785 blei Solnør ikkje rekna med mellom kremmarseta og gjestgiveria på Sunnmøre.

  I 1786 døydde Jørgen Abelset, og enka hans, RAGNHILD HØGH, søster til stefaren Knud Høgh, sto så som gjestgivarskatteytar 1787-1802.

  Versonen hennar, CHRISTEN WALLIN, prokurator og tidlegare kremmar på Laberget II, flytta til Solnør sist i 1780-åra, og i røynda var det nok han som dreiv gjestgiveriet allereie frå den tid. Han var også postopnar. Sjølv svarte han gjestgivarskatt 1803-15, enka 1816-18.

  Enka, den kring 60 år gamle Madsi Abelset, ekta i 1817 MATHIAS DANHOLM, 24 år gammal kremmarson frå Drynesund, som svarte gjestgivarskatt i 1819. Året etter døydde han. Enka selde så  Solnør til kaptein Ludvig Daae i 1820 for 5000 spd. Ingen handel etter denne tid. Garden er enno i eiga til Daae-ætta (no Daae-Qvale).

Honningdal

Her var rike lunnende: skog, elv og sildevåg, og gode hamnetilhøve. Tidleg på 1600-talet var her trelasthamn, men det er uvisst om det budde kremmarar her då. I tidbolken 1609-15 blei Honningdalshamn vitja av i alt 10 trelastskuter, 7 hollandske, 2 skotske og 1 frå Bergen. Desse førte, etter tollistene, ut i alt 1670 tylvter sagbord. Etter denne tid ser trelasthandelen i området ut til å ha blitt overført til Langskipsøya. Visse ting tyder på at det var borgarane i Vegsund som hadde hand om trelasthandelen frå Honningdalshamn.

Første kjende kremmaren her var OLE LARSSEN ABELSET, den seinare storkaksen på Apalset, som tok borgarskap i Bergen 1678. Han handla her i alle fall i 1685-86. Før skal han ha handla på Langskipsøya. Kring 1687 tok han over farsgarden Apalset og flytta dit. Han ser ut til å ha halde i gang handelen i Honningdal også etter at han flytta.

Kring 1707 overtok sonen LARS OLSEN ABELSET handelen i Honningdal. Han tok borgarskap som kjøpmann i Bergen i 1709, men heldt fram med å bu i Honningdal. Han døydde i 1713, etter måten velståande. På skiftet i 1714 etter denne borger og handelsmand blei aktiva blei sette til vel 1002 rd (m.a jordegods, lakseverpe og sildevåg for 424 rd, ei jekt til 80 rd samt ei rekke fiskebåtar), passiva til 578 rd (mest skuld til slektningar).

I 1715 ekta enka PEDER JETMUNDSEN HONNINGDAL,borgarson frå Stordalsholmen. Peder Jetmundsen var lensmann i Valle skipreide frå kring 1720 til han døydde i 1766. I 1725 kjøpte han Skodje kirke for 310 rd kroner eller nær 248 rd kurant. I 1730-åra fekk han store økonomiske vanskar, og i 1743 heitte det at han var fattig og gieldbunden, har ingen formue at angive. På skiftet i 1767 var aktiva i buet sette til 392 rd, passiva til 515 rd. Det var fallitt.

Om sønene HANS PEDERSEN HONNINGDAL og LARS ABELSET HONNINGDAL (til vanleg berre kalla Lars Abelset) heitte det dette året at dei hadde nylig skaffet sig en liden credit fra Bergen og dermed begyndt en fælles ringe bondehandel. Lars Abelset flytta seinare til Sløgstad. Hans, som var utdanna gullsmed i Bergen, svarte handelsskatt 1744-47. Han flytta så til Steinvågneset, der broren Jetmund Pedersen Honningdal hadde handla nokre år før.

I Honningdal overtok så broren NILS HAGERUP (oppkalla etter mora sin halvbror, sorenskrivar Nils Hagerup på Moss), som svarte handelsskatt 1755-56, men som kanskje også hadde handla her tidlegare. Han flytta så til Giskegard, som han i 1763 kjøpte av søskenbarnet, kommerseråd Hans Holtermann. I 1749 heitte det om Honningdal at staden nok var høveleg for handel, men ikkje naudsynt på grunn av dei mange borgarseta i Borgund. Det blei heller ikkje drive handel her då, heitte det vidare.

I 1756 fekk OLE HONNINGDAL, også ein son av Peder Jetmundsen, skøyte på borgarsetet og garden frå faren. Han hadde føre vore kremmar på Skipenes ved Eid. Han svarte handelsskatt 1757-84. Han dreiv også til tider handel både på Stordalsholmen, Brandholmen, i Skutvika og på Ullahammaren. I 1768 fekk han løyve til å drive Honningdal bygdesag, som på den tida kan ha vore i drift i nær 200 år. I 1785, året før Ole Honningdal døydde, heitte det om borgarsetet:

Dette er et gammelt handelsstæd, beqvemt og fornøden baade nu og fremdeeles. Stædet har disuden en god havn, ligger beleilig for almuen og det eeneste i skibredet og sognet.

Det ser ut til at Ole Honningdal døydde fattig og fallitt.

Sonen Hans Rue, kanselliråd i København, lyste odelsrett 1787, men same året blei staden seld til EDVARD HAMMOND, kremmarson frå Hamna, etter at det hadde vore halde utleggsforretning der. Etter Ole Honningdal overtok Hammond også fiskeværa Skutvika og Ullahammar. Hammond svarte handelsskatt 1788-1816. Han hadde kongeleg kremmarløyve frå 1794 eller før.

I 1818 flytta den siste magnaten på Apalset, Nils Mechlenburg, hit. Han dreiv ikkje handel, og dermed var borgarsetet her ute av soga. Seinare budde brorsonen hans, Hans Jacob Mechlenburg, her som proprietær (jordegodseigar).

Borgarseta i Stranda, Sunnylven, Geiranger, Norddal og Stordal

I desse sokna er det funne 13 borgarsete. I lag med Hjørundfjord og Sykkylven dreidde det seg om det minst borgartette området på Sunnmøre. Stranda hadde flest borgarsete, fire, Geiranger færrast: ingen. Men somme borgarsete var langliva: Sløgstad, Hellesylt, Ytre Dale og Stordalsholmen, og minna om fleire av dei er enno levande; Stordalsholmen står enno langt på veg i fordums glans med det kvasse og elegante omritet sitt i fjordskapet.

  Ei av dei mest framståande borgarættene på Sunnmøre på 1600- og 1700 talet, på linje med Brandal, Rødset, Abelset og Svertz, var Langeloe, og hadde opphav på Stranda, der stamfaren var borgar og lensmann i Dale. Ei yngre borgarætt hadde opphav på Stordalsholmen, men tok namn etter borgarsetet Honningdal, og ei grein kalla seg Hagerup og hamna på sjølvaste Giskegard.

  I Norddal var borgarsetet Ytre Dale i drift gjennom tre ledd i same ætta, men nådde ikkje opp i dei høgare laga av borgarstanden. Det same gjaldt Hellesylt i Sunnylven. På Rellingen i Dalsbygda var det borgarsete midt på 1600-talet, og likeeins frå 1750-åra og fram til 1825. Den mest særmerkte av borgarane på Rellingen var gullsmeden Hans Jørgen Reutz, som var ein av dei aller første som dyrka poteter i Norge. Han var også «hoffpoet» for den fornemme standen. Gullsmedgarden i Dalsbygda har elles ikkje namn etter Reutz, men etter ein annan gullsmed.

  Bøndene i desse inste fjordbygdene på Sunnmøre dreiv elles sjølve handel på Trandem, som dei sa om Trondheim, med små «jekter», tendringar, og i somme ætter skapte dette rikdom som i sin tur ga innpass i høgare stender. Folk frå Norddal som blei offiserar og borgarar nytta ofte soknenamnet som ættnamn, Nordahl. Dette gjaldt m.a morfaren til bergensbispen Johan Nordahl Brun, det gjaldt fleire kjøpmenn i Bergen, og det gjaldt jekteeigarsonen og jekteeigaren Ingebrigt Jonsen frå Vika, som kalla seg Nordahl (til dels også Murie) då han blei borgar på Flisholmen i Borgund.

  I Geiranger var det aldri noke borgarsete, men ei kjend borgarætt i Nordfjord og vidare med hadde opphavet sitt der, Knivsberg. Namneopphavet var garden Kniven eller Knivsflå.

  Borgarseta i området blir rekna opp i denne rekkefølga: Ous, Sløgstad, Jelle og Langlo (Stranda), Lundaneset, Korsbrekke og Hellesylt (Sunnylven), Dalebøen, Rellingen og Ytre Dale (Norddal), Stordalsholmen, Vinje og Dyrkorn (Stordal).

 S T R A N D A

 Eg har funne 4 borgar- og gjestgivarsete på Stranda: Ous, Sløgstad, Jelle og Langlo. Av desse var Langlo det eldste og Sløgstad det største. Ous og Jelle var begge små og var berre i verksemd i éin ættledd.

S U N N Y L V E N

I dette soknet har det vore to kremmarsete, Hellesylt og Korsbrekke, og eitt kjøpsveinsete, nemleg Lundaneset. Berre Hellesylt blei drive som handelsstad gjennom fleire ættledd.

G E I R A N G E R

Før Georg Merok tok til som landhandlar på Maråk i 1868 var det ingen handelsstad i soknet. Men det hadde eit rikt handelsliv likevel. På Maråk skal det såleis ha vore ein marknad, etter Hans Strøm ein hestemarknad, som blei vitja av opplendingane, som også, etter Peder Fylling, kom til Maråk og leigde seg båtar for å fare på vårfiske i Borgund.

  På Maråk og mange andre gardar i soknet finn vi jekteeigarar opp gjennom tidene, og frå Maråk kom den Jon Knudsen som tok borgarskap i Bergen i 1683. Etter det vi veit slo han seg ikkje ned i Geiranger eller på Sunnmøre. Elles dreiv folket her mykje krøtelhandel. Når geirangerfolket laut fare til ein kremmar fór dei helst til Sløgstad eller Stordalsholmen. Elles fostra Geiranger eit par kremmarar som verka andre stadar på Sunnmøre (sjå Tusvika og Kirkesande). Ei kjend borgarætt i Nordfjord og vidare, Knivsberg, ætta frå Kniven (Knivsflå). Utløparar av denne ætta finn vi m.a på  Korsneset i Borgund og Olsplass i Ålesund. Borgaren Nils Pedersen Langeloe på Sløgstad kan elles ha hatt ein kjøpsvein i Syltevika ei tid.

N O R D D A L

På Dalebøen og Rellingen i Dalsbygda og i Ytredal, eller Ytre Dale, som namnet var i samtida, blei det drive borgarnæring gjennom tidene. Berre i Ytre Dale var det tale om etter måten lange og samanhengande tradisjonar.

S T O R D A L

 Eitt av dei viktigste og mest kjende borgarseta på indre Sunnmøre låg her i soknet, Stordalsholmen. Omritet av Stordalsholmen, på det låge neset under brattfjellet, det store tuntreet og våningshuset i hardangerstil, er eit velkjent landemerke i Storfjorden. På Dyrkorn var det kremmarsete ei tid midt på 1700-talet. På Vinje nedst i sjølve Stordalen var det gjestgiveri nokre tiår kring 1800. Elles var det ingen kremmar- eller gjestgivarsete i Stordal sokn.

Sjå nærare om dei einskilde borgarseta nedanfor:

Ous

Under garden Ous låg plassen Klipe, der PEDER ARNESEN FREMMERHUS, bondeson frå Framhus (av Fram-Ous), tok til som gjestgivar sist i 1790-åra. I 1799 blei han tiltala for ulovleg brennevinssal. Dette året eller året etter fekk han legalisert verksemda gjennom gjestgivarløyve, og han svarte så gjestgivarskatt i tida 1800-22 utanom åra 1813, 1815 og 1819. Peder døydde i 1832. Ikkje gjestgiveri her seinare.

Sløgstad

Stordelen av Stranda sentrum ligg no på denne garden sin grunn. Sløgstad si soge som handelsstad tok truleg til i trelasttida kring 1600, og det er muleg at lensmanns- og kremmarætta på Langlo nytta staden som borgarsete seinare i hundreåret.

  Den første borgaren som budde her var NILS PEDERSEN LANGELOE, lensmannsson frå Langlo, er nemnd som handlar første gongen 1699. Han tok borgarskap i Bergen 1702 og budde frå den tid på Sløgstad. I 1708-22 var han kirkeverje i Norddal. Elles var han stor jordegodseigar og, ikkje minst, storkjøpmann. Då han døydde i 1724 let han etter seg midlar for 4012 rd og ei gjeld på berre 350 rd. 337 mann i alle bygdene kring Storfjorden og somme i indre Nordfjord var skuldig han pengar for varer. Buet åtte elles kjøpmannsvarer for 566 rd, sjøreiskapar for 373 rd (m.a ei jekt på 18 og ei på 9 lester, 2 fjøringfar, 2 sambøringar, 1 kjempefæring m.m), og hus for 276 rd, 11 hus på borgarsetet og endå fleire på garden.

  Enka etter Nils, Magdalena Olsdatter Helt frå Bud, ekta i 1726 CORNELIUS SEEHUSEN, som straks tok til å handle her. Han var kjøpmannsson frå Bergen og hadde vore styrmann på Grønland nokre år før han kom til Sløgstad. 8. januar 1731 blei Sløgstad råka av ei flodbåre som kom opp då ein fjellhammar (Skafjellet) fall i sjøen på hi sida av fjorden. Borgarsetet blei då nær øydelagt og Stranda kirke, som låg like ved, knust til pinneved. Seinare i 1730-åra mista Seehusen 2de jægter med indehavende ladninger paa reise til Bergen. Desse tapa kom han seg aldri over. Han døydde i 1744, og ved skiftet etter han 1746 var buet berre så vidt solvent: Aktiva 1347 rd, passiva 1336 rd.

  Son til den føregåande kremmaren og steson til Seehusen, PEDER NILSSEN LANGELOE, handla så etter alt å døme nokre år på Sløgstad. Han døydde i 1746.

  Mora, Magdalena Helt, gifta seg så for tredje gong i 1748 med LARS ABELSET HONNINGDAL (kalla seg som regel berre Abelset), kremmarson frå Honningdal, som heldt fram med handelen. Han svarte handelsskatt berre i 1748. I 1749 heitte det at han kunne svare 8 rd årleg av handelen på Sløgstad. Trass i at han ikkje svarte handelsskatt, ser vi av ymse disposisjonar han gjorde at han må ha verka som kremmar her i 1750-åra. I 1762 budde han enno på Sløgstad, men seinare flytta han til broren, Nils Hagerup på Giskegard, der han døydde, fattig og fallitt. Lars var, etter det vi veit, den siste borgarlege handlaren på Sløgstad.

  I 1765 svarte ein JENS GRØN, truleg offiserson frå Veøy, handelsskatt i Dale skipreide; kanskje budde han på Sløgstad?

Jelle

Også kalla Skaffarøggarden. Den første og einaste kremmaren her var PEDER IVERSEN JELLE, bondeson frå garden, som svarte handelsskatt 1744-57. I 1747 åtte han ei jekt på under 10 lester i lag med Lars Leth på Langlo, og i samband med jektebruket dreiv Peder også en liden handel, er det opplyst. I 1749 blei ikkje Jelle rekna som kremmarsete. Peder Iversen levde til 1804, og det er ikkje utruleg at han heldt fram med handelsverksemd også etter at han slutta å svare handelsskatt; det var jo ingen andre kremmarar på Stranda på denne tida. Ingen handel seinare.

Langlo

Vi har sett at det i fleire stadar på Sunnmøre i første halvdelen av 1600-talet sto fram ætter som kom til å dominere både heimbygdene sine og vidare med til langt ut på 1700-talet. Det gjeld Rødsetætta i Volda, Wigætta i Ørsta, Leikongætta i Rovde, Brandalætta i Hareid og Ulstein, Abelsetætta i Ørskog og likeeins gjeld det Langeloeætta på Stranda. Sams for ættene var at dei hadde sunnmørske røter og at dei hadde ei sterk sosial og økonomisk stilling då dei tok spranget over i borgarstanden, for det meste frå den gamle bygdeoverklassen, på 1600-talet. Inntekter frå sagdrift og trelasthandel var med på å gjere dette spranget muleg, for alle desse ættene hadde interesser i slike næringar; det gjaldt også Langeloeætta. Alle var i utgangspunktet også jordeigarar.

  Stamfaren var KNUD PEDERSEN LANGELOE frå Langlo, som var lensmann i Dale skipreide frå kring 1630 til slutten av 1660-åra. Han var truleg lik sunnmøringen av same namnet som tok borgarskap i Bergen i 1630 og som i 1633 budde i Storfjordområdet og då er nemnd med tilnamnet Brenderen, som skal vere ein stad på Langlo (Brennaren). I 1634-35 åtte han jekt. I 1661 hadde han eit jordegods på snautt 4 våger fisk. I det minste i 1659-61 var Knud kirkeverje i Stranda sokn i lag med Guttorm Ringstad.

  Sonen PEDER KNUDSEN LANGELOE overtok lensmannsombodet etter faren kring 1670. I 1681-92 var han kirkeverje i soknet. Ein Peder Knudsen frå Øi på Sunnmøre tok borgarskap i Bergen i 1672, men det er lite truleg at det dreier seg om den same. Peder ser i alle fall ut til å ha drive handel, noke han nekta på då han blei skulda for det i 1693. I andre ekteskapet var han gift med Maren Wig, datter av Nils Iversen, ættfaren til Wigætta i Ørsta. Peder skal ha døydd i 1693.

  Ein son av andre ekteskapet, PEDER PEDERSEN LANGELOE, tok så over lensmannsombodet etter faren. I 1701 heitte det om Peder at han brukte lidet kiøbmandschab, noke han mest truleg heldt fram med til han døydde i 1729. Kona hans, Birgitte Svertz, var datter av Claus Nilssen på Slinningen. Ho døydde først i 1779, 95 år gammal. Vi har ikkje skifte etter ektemannen hennar, men Birgitte etterlet seg aktiva for 1337 rd, passiva for nær 674 rd.

  Ei datter, Maren Langeloe, ekta i 1735 LARS JOCHUMSEN LETH, son av ein prest i Ofoten, som tok over som kremmar og lensmann på Langlo. Han døydde i 1750. Langlo blei ikkje rekna som kremmarsete i 1749. Leth svarte aldri handelsskatt, men han dreiv handel likevel, truleg i kraft av lensmannsstillinga. På skiftet etter den høyfornemme Leth 8. mai 1750 var aktiva snautt 751 rd (ikkje medrekna ein del fiskevarer som var sendt til Bergen, for oppgjøret skulle enka betale det ho skulda tenarane sine og kjøpmann Pettersen i Bergen) og passiva nær 305 rd. 

  Enka ekta i 1753 JACOB CHRISTIAN PAUS, kapteinson frå Indre Folkestad i Volda, som var lensmann i Dale til 1755, då han flytta til Ulsteinvik, der han også var lensmann og kremmar.

  ELIAS TANSBERG, ukjent opphav (men sjå Korsneset), svarte handelsskatt i Dale skipreide 1754-55. Han skal ha handla på Langlo. Han rømde utanlands i 1757 (auksjon i Ytre Dale same året etter den bortrømte Elias Tansberg). Han etterlet seg kone og ein liten son. Seinare ingen handel her.

  I 1789 budde den rike enka etter Knud Høgh på Langskipsøya, Elisabet Brandal, på Langlo og i 1801 budde Gjertrud Margrete Reutz, enke etter Mads Povelsen Abelset på Slinningen, her (Mads Abelset budde truleg sjølv på Langlo i 1780-åra).

 

Lundaneset

I 1704 klaga borgaren Nils Pedersen Langeloe på Sløgstad til stiftamtmannen i Bergen over at konkurrenten hans på Stordalsholmen, borgaren JETMUND ERIKSEN, hadde sett opp hus på Lundaneset som han dreiv handel i. Dette forbydde stiftamtmannen; Jetmund hadde berre rett til å handle der han sjølv budde. Truleg heldt Jetmund Eriksen ein kjøpsvein her, men vi veit ikkje kven det var. Seinare høyrer vi ikkje om handel på Lundaneset.