Laberget V

I 1645 budde sunnmørstollaren Jens Lauritzen på Valderhaug, kanskje på denne grunnen. Seinare finn vi ei rekke tollfolk, visitørar og betjentar, med bustad på Valderhaug. Kanskje budde somme av desse også på denne grunnen.

  Den einaste borgaren vi kan knytte til staden er CLAUS POVELSEN, kremmar i Vegsund, som i 1661 er oppført som brukar av ei grunnleige under Laberget. Nett på denne tida kan tollbetjenten ha budd i Ålesund. Claus Povelsen er ikkje nemnd her elles. Sjå Vegsund.

 

Advertisements

Myra

I 1637 tok sunnmøringen OLUF KNUDSEN borgarskap i Bergen. Han budde sidan på Valderhaug, på grunnen Myra. Han hadde jekt og livnærte seg kanskje først og fremst ved fraktfart. I 1661 er han omtala som styrmand, dvs skipper i vår ordbruk, og han skatta som strandsittar. Oluf Knudsen levde truleg til ut i 1670-åra. Seinare ingen handel her. Borgarsetet til Elias Rønneberg blei stundom kalla Myra, fordi han brukte garden av dette namnet, som hadde opphav i den eldre grunnleiga Myra.

Jangarden

Øydegarden Strand under Valderhaug, seinare kalla Valderhaugstrand, femnde opphavleg om begge dei noverande gardane Jangarden og Valderhaugstrand. Jangarden må ha vore den delen av garden der hovedhusa sto. Kring 1700 blei denne delen utskild som ein plass. Kring 1615 brukte ein Povel Tysk heile Strand. Etter namnet å døme kan han ha drive handel. Seinare var ein Jens eller Johan Snekkar brukar av garden.

  I 1645 opplet snekkarenka garden for Jahn eller JOHAN JØRGENSEN BØRKOP, som same året fekk bygsle han av giskeombodsmannen. På denne tida var Johan, som garden har namn etter, i teneste på Langskipsøya, og faren Jørgen Pedersen dreiv garden fram til 1652-53, då Johan overtok sjølv. I 1653 tok han borgarskap i Bergen. Han handla i stor stil dei første 20-30 åra han var i verksemd, åtte etter måten mykje jord og verka både som kirkeverje og, i 1680, som fut. Han levde enno i 1693, men då ser det ut til å ha gått mykje til atters med han.

  Ikkje lenge etter må sonen CHRISTOPHER JOHANSEN BØRKOP ha tatt over handelen. Han dreiv det ikkje stort, og truleg ikkje lenge, men han var ein velstandsmann og gift etter sin stand.

  Sonen HANS CHRISTOPHERSEN ser ut til å ha handla her i andre halvdelen av 1720-åra, men etter at han døydde 1730 var det for alltid slutt med handel på Jangarden.

Valderhaugstrand

No kjent som Løkegarden (etter familien Løeg). Christopher Johansen Børkop på Jangarden brukte Valderhaugstrand til 1706, då Hans Hanssen Wingaard tok over bruken av garden utanom Jangarden. Wingaard dreiv ikkje handel her. I 1726 bygsla HANS SIMONSEN Valderhaugstrand. Hans var verbror til Christopher Johansen (begge gifte med døtre av Hans Anderssen Molberg på Taskeberget). Han dreiv kanskje handel her ei tid.

  Den første sikre kremmaren her var HANS NILSSEN LØEG, som blei eigar av garden i 1745 og tok til å handle på lag samtidig. Han må ha bygd nye hus, for Hans Simonsen var enno brukar av garden. Løeg (også Løgh og Løegh) var løytnantson og søsterson til Gurina Wiborg på Laberget III. På Laberget II budde også ei søster av han. Hans Løeg svarte handelsskatt 1747-56 og 1779-88, men handla nok også i den mellomliggande tidbolken. Han var elles losoldermann.

  Sonen ANDREAS LØEG overtok handelen i 1789. Handelsskatt 1789-1830. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Enka, JOHANNE HELENE BRANDAL, kremmardatter fra Indre Brandal, handla her så 1831-48.

  Sonen ANDREAS LØEG junior tok til å handle her i 1837, handelsskatt 1837-59. Han budde i Ålesund fra 1848, og må derfor ha hatt ein kjøpsvein her etter den tid. Fra 1858 var Løeg fyrvaktar på Runde. I 1871 flytta han tilbake til Valderhaugstrand. Sonen Severin Johan Løeg overtok garden etter faren i 1877. Hovedbruket på Valderhaugstrand blir no kalla Løkegarden (Løeg-garden) etter den ætta som hadde tilhald her i meir enn 150 år.

 

Bjørnøya

Den første kjende borgaren her var EBBE NILSSEN, som første gangen er nemnd i 1636. Han var fra Haderslev og tok borgarskap i Bergen i 1634. Før dét hadde han tent Ramus Lauritzen Stud i Bergen (sjå Hankeneset), i alle fall i 1628. Ebbe Nilssen var gift med Trine Johansdatter, som var borgardatter fra Hannsund.

  Trine ekta kring 1648 CLAUS JANECKEN fra traktene ved Rostock. Han tok borgarskap i Bergen i 1640. Seinast i 1646 budde han i Borgund, kanskje på Storholmen. I 1650-åra var Claus Janecken ein av leiarane i opprøret mot futen Nils Knag og giskeombodsmannen Henning Hanssen Smit, den såkalla Store-Rasmusrøra. På grunn av dette blei Claus i 1661 fradømd retten til å bruke Bjørnøya, men han budde her truleg også etter denne tid, ettersom stesonen Willum Ebbesen overtok bruken av garden. Claus Janecken døydde kring 1674. Ingen handel her seinare.

Gamlem

Også kalla Borgargarden. Etter å ha verit sergiant ved de sundmørske udcommanderede mariner udj 7 aar oc tient paa flaaden kom ARENT OLSEN GUDING til gards kring 1685. Han er den første kjende kremmaren på staden. Han var lensmann i Gryta skipreide til han bleiv i lag med yngstesonen Arent i 1723. Arent Guding var ikkje borgar av Bergen, men handla truleg i kraft av visse borgarrettar som kongen hadde tilstått tidlegare underoffiserar.

  Versonen BENDIX RØSLING, ukjent opphav, handla kanskje eit par år før 1725.

  I 1725 ekta enka etter Arent Guding PETTER MORTENSEN fra Hella i Ålesund. Han fekk då lensmannsløyve og gjestgivarløyve fra amtmannen. I 1731 fekk han tingsvitne på at stordelen av  varene han førte til Bergen med jekta si var fraktegods, og at han berre i liten grad dreiv handel, for, som han sa, hands lejlighed er icke at creditere, hvorudi dend meste handel paa dette sted bestaar. Petter Mortensen var lensmann i Gryta skipreide til 1748, då han flytta til Bergen. Handelsskatt 1744-48.  Seinare rådmann i Bergen.

  I 1748 fekk JOCHUM NICOLAI KREY, truleg nordmøring, skøyte på husa av Petter Mortensen. Krey svarte handelsskatt 1748-63. I 1749 heitte det at Gamlem var et nødvendig giestgiverstæd for de rejsende«. Krey dreiv ein liden, dog ringe handel, som han kunne svare 6 rd av årleg. Krey døydde i 1770. Han var lensmann i Gryta fra han kom hit til han døydde. Buet hans var dundrande konkurs, og borgarsetet kom ut av ætta for nokre år.

  I 1778 tok så sonen JOCHUM NICOLAI KREY junior over borgarsetet og lensmannsombodet. Han svarte handelsskatt 1787-1811, enka 1812-13. Kongeleg gjestgivarløyve 1786, kremmarløyve 1796. Krey var også fredsdomar (forlikskommisær). I 1785 heitte det om Gamlem:

 

Eet gammelt handelsstæd 2 miil fra andre handelsstæder beliggende og derfor ej ubeqvem til handel, da de nærboende almuesmænd der paa stædet kan blive forsørget med hvad de behøve. Stædet er særdeles beqvemt til giestgiverie, hvortil det ligger meeget belejligt, og derfor agter og ejeren derpaa at ansøge bevilling. Ejeren har i øvrigt endnu ej efter præstemandtallernes udviis været opgivet at bruge handel.

 

Krey dreiv også handel i Korsen i Ålesund ei tid.

  Enka ekta i 1814 ANNÆUS BENEDICTUS LETH PARELIUS, presteson fra Meldal, som straks tok til å handle her; handelsskatt 1814-23, enka 1824-27.

  I 1827 kjøpte KNUD SVENDSEN, kremmarson fra Ørstavik, Gamlem og tok til å handle her. Handelsskatt 1828-51, enka 1852-55. Knud Svendsen og kona var begge av haugianarætt. Dei var dei siste privilegerte handlarane her, men tradisjonane blei førde vidare av sønene deira, Webjørn på Ullahammar og Thomas i Ålesund. Den sistnemnde flytta låna på «Borgargarden» til Ålesund, der han var kjøpmann.

 

Søvik

I 1560-åra budde sunnmørsfuten Hans Laurensson her. Han ekta i 1568 hustru MAGDALENA TØRRISDATTER, som var enke etter borgarmeister Litje Jon Tomassen i Bergen, og mor til Tomas Jonson Randall i Spjelkavik og Carsten Jonson Randall på Fyrde. Hans Laurensson døydde i 1570. I 1571 er hustru Magdalena ført som eigar av 1 nordfarskip og 1 jekt, så ho dreiv handel i stor stil. Vi veit ikkje kor lenge Magdalena budde i Søvik. I 1592 budde ho på Skeide, men då hadde ho kanskje gitt opp handelen.

  Seinast i 1584 budde JON PEDERSON, også fut, i Søvik. Same året selde han ei pinke, et lite handelsfarty, til to menn i Bergen. Jon døydde kring 1590. Enka, hustru Gunhild, sat med garden til 1603, då sønene OLUF JONSEN og AAGE JONSEN overtok. Den førstnemnde blei i 1611 omtala som stigtschriffuer vdj Trunndhiembs lhenn. Aage var i 1630-åra lensmann i Gryta skipreide. Desse brørne hadde sag i Søvik og dreiv truleg handel, men utan borgarskap, så vidt vi veit. Dei brukte også det seinare borgarsetet Bjørnøya i lag. I 1609-10 skatta dei av 34 mællag (8,5 våger) odelsgods. Begge levde i 1645, men må ha døydd like etter.

  Handelen i Søvik kan ha blitt overtatt av versonen til Aage Jonsen, NILS GREGERSEN, som kanskje var borgar av Bergen. I 1629 er han nemnd mellom drengane til Rasmus Lauritzen Stud i Bergen; kanskje var han då kjøpsvein for Stud i Hanken. Ein annan av Stud sine drengar dette året var Ebbe Nilssen, den seinare borgaren på Bjørnøya. Nils døydde seinast i 1656. Etter namn og alder å døme er det lite i vegen for å sette opp ein hypotese om at Aage Nilssen Find, kremmar i Drynesund, var son av Nils Gregersen og Anne Aagesdatter i Søvik. Dette er elles dei einaste kjende mulege foreldra til Aage Nilssen Find på Sunnmøre.

  Kring 1670 blei mykje av Søvik utlagt til kapteinsgard. Dette store bruket på nær 5 våger fisk, 19 mællag, blei i 1690 kjøpt av Guttorm og Knud Pedersøner, lensmannssøner fra Langlo på Stranda. Guttorm Pedersen tok garden i bruk og budde her som storbonde og proprietær. I 1704 heitte det om han, som den einaste i Borgund: Odelsbonde og Sorenmand.

  I 1718 fekk sonen PEDER GUTTORMSEN SØEVIG skøyte fra faren på 4 våger fisk i garden. Han hadde jekt og dreiv litt handel her. Han døydde i 1765, ikkje så lite velståande. Aktiva i buet var 2155 rd, passiva berre 208 rd. Men det var mange å dele på.

  I 1758 let Peder versonen CARL HENRIK HENNINGS få eit bruk under storbruket. Hennings  tok då til å handle her; handelsskatt 1758-60. Hennings budde i 1765 i Liavågen. Året etter selde han Søvik til verbroren Jørgen Mathias Fürstenberg, kremmar på Øydegard, som i 1767 selde vidare til Henning Christophersen Abelset, sokneprest i Haram. Abelset dreiv Søvik som avlsgard. Då han døydde i 1774 flytta enka hit. I 1777 søkte ho om handelsløyve, men fekk avslag fordi eit borgarsete i Søvik kunne vere skadeleg for kremmarane i dei meir sentrale delane av soknet.

  Sonen Hans Thiis Nagel Abelset tok over garden etter mora, og budde her til han døydde i 1795. Den gamle studenten var snautt opptatt med kjøpmannskap. Han var helst berre proprietær. I 1792 fekk han barn med hushalderska si, og dattera deira, Anne Laurentze Abelset (ho hadde fått faren sitt ættnamn), blei innsett som eineerving. Arven var på vel 4059 rd (aktiva nær 6239 rd etter auksjon, passiva snautt 2180 rd).

  I 1810 blei den rike arvingen gift med Henrik Holtermann Mechlenburg, kremmarson fra Vegsund, som var utdanna juvelér (og dermed gullsmed). Han drukna i 1816 under sekkenotfiske ved Søvik

  I 1817 gifta enka seg opp att med Hans Wingaard Friis, kremmarson fra Støylehamn, som budde her til han døydde i 1833. Også Friis drukna like ved garden. Korkje Mechlenburg eller Friis svarte handelsskatt, men det kan vel hende at dei dreiv litt handel. Det herskapelige våningshuset i Søvik blei kring 1845 flytta til Ålesund og blei på folkemunne kalla Mikkelborggården (svarer til dagens Kirkegata 14) etter eigaren Hans Jacob Hiort Mechlenburg.