Vågnesholmen

Holmen også kalt Fransholmen, truleg etter Frantz Hanssen Stokberg, og Nilsholmen, etter borgaren Nils Jenssen. Den første som kan ha handla her var borgaren LAURITZ NILSSEN, som er nemnd i 1619-20. Kanskje var dette den same som den Lauritz Nilssen vi finn i Nørvasundet fire år seinare. Her budde folk også i 1620, men det er vanskeleg å peike dei ut.

  Mest truleg var det MADS BROCH, kanskje ein borgar, som er nemnd som husmann under Våge kring 1630. Enka etter han, Karen, sat her i alle fall til 1637.

  Ikkje lenge etter må NILS JENSSEN ha slått seg ned. Han var fra Horsens og tok borgarskap i Bergen i 1641. Nils Jenssen handla truleg først som utfarar fra Bergen, men seinast i 1645 budde han her. Han døydde kring 1674. I 1675 dreiv enka MEIN CLAUSDATTER handelen. Ho var av ei ætt Svertz (Suers, Svartz, Sværtz, Schvartz osv) sidan stordelen av etterkomarane deira tok dette namnet.

  Kring 1680, kanskje før, blei handelen overtatt av versonen HANS FRANTZEN STOKBERG, som hadde borgarskap i Bergen fra 1674. Han var fødd i Holbæk, men var kanskje oppvaksen på Sunnmøre. (Han hadde ei søster som var gift i Eiksund, sjå der). I 1704 er det opplyst at han var 54 år gammal og hadde verit i Kongens tieniste Anno 1676 for Overstyrmand, og siden Capitain paa en Bergens Spaniefarer. Hans Frantzen kjøpte i 1685 Djuvika og flytta seinare dit.

  Fra sist i 1690-åra dreiv så sonen FRANTZ HANSSEN STOKBERG handelen her. I 1704 fór han utanlands. På skiftet etter faren i 1727 er det opplyst at familien hadde fått brev fra Frantz i 1708, men seinare ikkje høyrt fra han.

  Hans Frantzen dreiv så handelen ei tid til den andre sonen, NILS HANSSEN STOKBERG, som før hadde handla på Synesvold, tok over her i 1714. I manntallet fra 1704 er det opplyst at han var Billedhugger. Ein utskoren portal over Stokbergfamilien sitt gravmæle i Borgund kirke kan vere skoren av Nils Stokberg (no i Historisk Museum i Bergen). Nils Hanssen Stokberg døydde i 1733, 50 år gammal, truleg som ein rik mann. Enka DORTE LARSDATTER STUD, borgardatter fra Valderhaug, dreiv så handelen til 1738.

  Då selde ho borgarsetet til JENS PEDERSEN TONNING for 700 rd. Jens var borgarson fra Togning i Stryn og av borgarætta Langeloe på morssida. Han handla her til 1762, då han gikk fallitt;

budde seinare i Bjørkavågen og Blindheimsbreivika. Handelsskatt 1744-61. Fra 1770 handla han på Laberget II som fullmektig for skipper Paust på Molde. I 1749 blei det tilrådd at kremmaren på Fransholmen kunne svare 12 rd årleg i staden for handelsskatt og konsumpsjon.

  Sist i 1760-åra budde monsieur JOHANNES BOLDT på holmen, og han dreiv kanskje handel eller gjestgiveri her, men utan å svare skatt. Han flytta til Sørneset i 1773 eller før.

  Så ser det ut til at handelen her låg nede til 1786, då ARENT NICOLAI HEIDE, borgarson fra Vågneset, slo seg ned på staden. Same året fekk Heide kongeleg kremmarløyve. Handelsskatt 1790-1812. Han flytta så til Vågneset, der han døydde i 1812. Peter Nicolai Randulff i Hamna kjøpte holmen i 1816, men kan ikkje ha handla her. Seinare ingen privilegert handel.

Kommenter innlegget