Borgarseta i Borgund

Giske, Valderhaug og resten av nordsoknet

 

Norddelen av Borgund sokn inneheldt ikkje berre den sogekjende herregarden Giske, men også ein av dei fire strandstandane på Sunnmøre (om då ikkje også Halkjelsvik skal reknast som strandstad), nemleg Valderhaug, ein tett- og tollstad med stundom ikkje mindre enn fem-seks borgarsete i drift samtidig, dei fleste på Laberget, som har namn etter den «ladinga» som fann stad der, lasting av skuter og skip.

  Den mektigste adelsætta i Norge noka tid hadde Giske som setegard, fra 900-talet og fram til 1582,  og segnene og songane om Giskeadelen har vore levande like opp til vår tid. Visa om «Skjønn Valborg» og den ulukkelege lagnaden hennar blei sunge over heile Norden, og på Giske kunne alle som ville få syn for song, den fagre gravsteinen hennar under takdryppet til marmorkirka.

  Alle jektene fra Nordlanda og Finnmarka ankra til vanleg opp under Valderhaug, det kunne vere fleire hundre om gongen, og tusenvis av folk var samla. Dei håsetane (mannskap) som var «finnar» (samar) tok då turen til Giske for å helse på nokre bautasteinar med innskrifter som ga hint om at dei stamma fra Giske. Dessutan: Stamfaren til Arnungane, Giskeadelen, heitte jo Finnvid funnen, og mange av arnungane hadde «finn» i namnet.

  All annan skipstrafikk langs kysten nordom Stad fór også framom Valderhaug, og stundom blei mange skip på veg til eller fra Trondheim og Arkangelsk liggande der både i dagar og uker. Det var derfor borgundpresten Knud Mann meinte at det sjukehuset for spedalske han ville skipe skulle ligge nett der. Men, som kjent, romsdalingane stakk av med prestepengane og bygde hospitalet på Molde (Reknes). Dei fleste spedalske kom likevel fra Sunnmøre; ingen veit enno korfor.

  Borgarsetet på Giskegard kom opp i første halvdelen av 1600-talet, borgarseta på Valderhaug mest truleg fra 1560-åra og utetter, det same gjeld nok Søvik og Hannsund. Her skal borgarseta i området reknast opp slik: Giskegard med Furkenholmen, Valderhaug (eit samlestykke), Laberget I-V, Myra, Jangarden og Valderhaugstrand; og i resten av nordsoknet: Bjørnøya, Ganlem, Søvik, Hannsund og Slotsvika.

Sjå under nærare om dei einskilde borgarseta:

Giskegard og Furkenholmen

Giskegard, som fram til kring 1720 femnde om heile øya Giske, var hovedsetet for det veldige Giskegodset, eit adelsgods fram til 1582, då krona overtok det ved makeskifte. I 1648 overtok Hannibal Sehested godset, som nokre år seinare blei lagt under krona att. I 1657 blei det selt til den første ikkje-adelege eigaren, hollendaren Gabriel Marselis. Hannibal Sehested auka godset monaleg ved å innlemme tidlegare kron-, kirke-, prestebords- og prebendegods i det.

  Marselis selde dette sterkt utvida Giskegodset kring 1661 til fire brør Smit fra Tønder, nemleg: Hans Hanssen, borgarmeister, seinare lagmann i Bergen, i 1676 adla under namnet Lilienskiold; Peder Hanssen, slottsskrivar og rådmann i Bergen; Nils Hanssen, borgarmeister i Helsingør, seinare stiftsskrivar i Bergen; og HENNING HANSSEN SMIT, ombodsmann for Giskegodset og rådmann i Bergen. Dei betalte 17.850 rd for godset. I dei følgande 50-60 åra var Giskegodset i eiga til denne ætta.

  Tidleg på 1700-talet kjøpte Christen Sæd på Molvær opp stordelen av godset. Ved ekteskap med enka etter Sæd fekk så amtmann, kanselliråd Hans Hagerup hand om godset, som han i 1757 selde ut stykkevis, hovedsakleg til kremmarar på Sunnmøre.

  Kva tid Giskegard sto fram som borgarsete, er uråd å seie heilt visst, men truleg var det i Rasmmus Lauritzen Stud (verfar til Henning Hansssen) si tid. Dei som styrte godset på stordelen av 1600-talet hadde elles ein handelsstad i Hanken, der dei heldt kjøpsveinar. I 1675 budde Hans Henningsen Smit, ein av sønene til Henning Hanssen, på Giskegard, men helst berre som godsforvaltar.

  Broren hans, RASMUS HENNINGSEN SMIT, kom til Giske i 1699 fra Vegsund. Rasmus kan ha vore den første rettelege kremmaren her.

  Då Rasmus Henningsen Smit døydde i 1709 overtok sonen NILS RASMUSSEN SMIT garden og handelen. Han ser ikkje ut til å ha drive mykje handel. Han døydde i 1730.

  I 1736 kjøpte MARTINUS HØRLOCH, gullsmedson fra Christiania, heile garden for 1040 rd og tok truleg til å handle her samtidig. Hørloch var konstituert sorenskrivar i 1733 og konstituert fut 1734-36. I 1736 var han sikt- og sakefallsforpaktar på Sunnmøre. Hørloch svarte handelsskatt 1746-49. I 1749 heitte det om Giskegard at kremmarsetet kunne svare 8 rd årleg i henseende til den handel der drives paa de tider vaarfisket continuerer.

  I 1750 heitte det at Hørloch var angreben af sine creditorer og skildt med gaard og grund. Han flytta då til Valderhaug og døydde der i 1752.

  Den som kjøpte Giskegard i 1749, var HANS HENRIKSEN HOLTERMANN, då kjøpmann på Molde, men før kremmar på Brunholmen og i Djuvika. På Furkenholmen og Havstein skipa han fiskevær. Han handla på Giskegard ved kjøpsveinar 1752-60, og likeeins på Tyskholmen. I 1763 selde han Giskegard etter å ha kjøpt, i 1760, eit anna kjent herresete, Austråt i Fosen.

  Den som kjøpte Giskegard var Holtermann sitt søskenbarn, Nils Hagerup Honningdal eller NILS HAGERUP, som han kalla seg, borgarson fra Honningdal og før kremmar der. Hagerup hadde vel  då forpakta Giskegard ei tid. Han svarte handelsskatt 1761-88, enka i 1789. 1785 heitte det om Gidske gaard:

 

Dette har i fordum tid været en adelig sædegaard, men nu i mange aar ejet af private folk som der have ført handel. Stædet haver mange beboere, ligge nær havet og en mængde almue søge her huus i vaarfisket, hvorover dette stæd er fornøden til handel baade nu og fremdeles.

 

  Sonen CHRISTOPHER ABELSET HAGERUP tok over handelen i 1790. Han hadde kongeleg kremmarløyve fra 1794 eller før og svarte handelsskatt 1790-1804, enka 1805-26. Ho heitte ANNE KIRSTINE DANHOLM og var borgardatter fra Drynesund.

  Den som kanskje sto for handelen etter 1812-13 var versonen PEDER ELIAS RØNNEBERG, kremmarson fra Laberget III på Valderhaug og før kremmar på Lorkeneset i Ålesund. I 1828 laut Rønneberg gå fra garden. Han flytta då til Nørveneset. Verbroren Ole Hagerup kjøpte Giskegard, men dreiv truleg ikkje handel.

  Rønneberg døydde i 1830 og andrekona ekta sidan, i 1838, OLE STRØM, som i 1831 hadde kjøpt Giskegard på auksjonen etter Ole Hagerup. Ole Strøm var på denne tida kjøpmann på Brunholmen i Ålesund. Kanskje handla han ikkje på sjølve Giskegard, men det er svært truleg at han dreiv handel på garden sine fiskevær, Furkenholmen og Havstein, under vårfisket.

  Strøm sin ettermann på Brunholmen, JULIUS SANNE, heldt handelen på Furkenholmen gåande til han gikk konkurs i 1869. Då kjøpte kjøpmann Johannes Ouse i Ålesund fiskeværet. I Strøm si tid blei hovedbygninga på Giskegard flytta til Brunholmen, der ho sto til bybrannen i 1904. Bygninga var truleg oppført av Martinus Hørloch kring 1740. Ingen kremmarar på Giskegard etter kring 1830.

Valderhaug

Utanom sjølve garden Valderhaug femner dette området om Valderhaugstrand (Løkegarden, av Løeg-garden), Myra, Jangarden og Laberget. Det siste av desse namna peiker på handelsverksemd, og er funne brukt allereie tidleg på 1600-talet. Av dette kan vi slutte at handelslivet på Valderhaug i alle fall har tradisjonar fra 1500-talet. Vi finn kremmarar omtala her fra 1607 og utetter. På midten av 1600-talet var det særleg mange som dreiv kjøpmannskap her, kanskje 6-7, og dei fleste budde på Laberget. I tillegg til handelsfolka budde her også nokre handverkarar og embetsmenn, særleg tollfolk, så staden må ha vore etter måten bylik. I tillegg til å ligge lagleg for handel og fiske i distriktet, hadde Valderhaug også ei god hamn og ankergrunn, som særleg nordlandsjektene nytta på veg til og fra Bergen. På 1600-talet var her også stor skipstrafekk i samband med trelasthandelen på Romsdal og Nordmøre. På 1700-talet skrumpa handelen på Valderhaug inn, men både i 1749 og i 1785 verka 3 kremmarar her. I 1785 heitte det om kremmarane på Valderhaug:

 

Disse 3de boe alle paa gamle handelsstæder nær ved hinanden. Ved Hans Løegh som lodsoldermand er skibshavn og er stædet beqvemt og fornøden til handel i sær for de søefarende som der paa stædet kan blive assisteret med det fornødne.

 

Fra slutten av 1780-åra var det berre 2 borgarsete i drift her, og fra 1848 berre eitt. Borgarseta på Valderhaug blir presenterte i denne rekkefølga: Laberget I-V, Myra, Jangarden og Valderhaugstrand.

Laberget I

Alle dei kremmarane som skal nemnast under dei fem borgarseta på Laberget var alle busette eller brukte handel på denne staden, men rekkefølga mellom dei på dei einskilde borgarseta er til dels oppsett på grunnlag av gjetningar, men for det meste på grunnlag av kronologiske og genealogiske tilhøve.

  Den første borgaren vi finn her heitte PEDER LAURITZEN, og han er nemnd i 1606-07 mellom dei bøtlagde utliggarborgarane. Seinare høyrer vi ikkje meir om han. 12. juni 1613 kom skipperen Lauritz Rasmussen fra Rotterdam inn under Valderøø med ei skute på 9 lester med sand i ballast, og innførte 18 tønner salt og 15 våger ost. 10. juli for han, og utførte då 100 våger tørrfisk som hand sig her huos borgerskabit til forhandlit. Om «her» sikta til Valderhaug kan det ha budd fleire borgarar her då («borgerskabit»), men desse kjenner vi ikkje namna på.

  Den neste kremmaren vi kjenner på Laberget er JØRGEN PEDERSEN BØRKOP, som kom hit kring 1624. Han var fra Koldingtraktene, tok borgarskap i Bergen i 1620 og hadde handla på Hella i Ålesund før han kom hit. Det er muleg å tenke seg at han var son til borgaren Peder Lauritzen, men noke anna enn ein laus hypotese kan dette aldri bli. I 1638 blei Jørgen utnemnd til stiftsskrivar på Sunnmøre, dvs kirkeverje for heile lenet. Denne stillinga hadde han til 1648. Han levde i 1653, men var daud før 22. mai 1655 då sonen Johan sa opp borgarskapet hans på vegner av mora.

  Denne Jan eller JOHAN JØRGENSEN BØRKOP tok borgarskap i Bergen i 1653. 1661 hadde han hand om faren sin grunn på Laberget, men budde etter alt å døme på Jangarden, der faren også kan ha budd dei siste leveåra sine. Både Jørgen og Johan handla også på Steinvågneset.

  Den som mest truleg overtok dette borgarsetet på Laberget var PEDER KNUDSEN, som i 1662 tok borgarskap i Bergen. Det er heitte då at han var fra Valderhaug, og seinast i 1664 budde han her; han brukte då noke av garden. Kanskje var han gift med enka etter Jørgen Pedersen. Peder budde her også i 1674, og same året finst han i ei liste over borgarar som skulda proviantskatt til Bergen. Han er ikkje nemnd mellom borgarane i 1675, heller ikkje seinare. Det ser ikkje ut til at noken tok over handelen etter Peder Knudsen.

Laberget II

I ei jordebok over Giskegodset fra 1626 heiter det at ANDERS IVERSEN svarte grunnleige av nokre hus på Laberget. Etter alt å døme dreidde det seg om den Anders Iversen som 1608-23 var ombodsmann over Giskegodset. Ettermannen hans i ombodet var Rasmus Lauritzen Stud i Bergen, jf Hanken. Anders ser ut til å ha blitt avsett, og livnærte seg truleg ved kjøpmannskap på Laberget til han døydde i 1633 eller før; han levde enno i 1628. Anders Iversen må ikkje forvekslast med den samtidige romsdalsfuten av dette namnet; dei var elles verbrør, gifte med kvar si datter av futen, seinare trondheimslagmannen Jacob Pedersen på Vestnes.

  Vi veit ikkje kven som tok over grunnen etter Anders, men det ligg nært å gjette på MATHIS HANSSEN (Tod) i Spjelkavik, som leigde ein grunn her i 1642. Mathis var på denne tida i teneste hos Rasmus Lauritzen Stud, dåverande ombodsmann over Giskegodset.

  I 1644-45 finn vi borgaren JENS LAURITZEN STUD (etternamnet ikkje brukt då), her. Han var bror eller slektning av borgarmeister Rasmus Stud, og mest truleg handla han på den plassen som Mathis Hanssen hadde brukt. Jens Lauritzen var truleg lik mannen av same namn fra Fåborg, som også var fødebyen til borgarmeisteren, som tok borgarskap i Bergen i 1640. Jens Lauritzen Stud levde enno i 1675, men hadde då ingen brug eller handel.

  Sonen LARS JENSSEN STUD ser ut til å ha tatt over handelen etter faren, og han var i alle fall i verksemd fra 1682. Han er oftast kalla borgar, men eg har ikkje funne han innført i borgarboka. I 1684 tok ein Hans Jenssen Stud, fødd i Bergen, borgarskap, og dette kan ha vore ein bror av Lars. Lars Stud døydde i 1696/97; det blei halde skifte etter han i 1697 og buet hadde då midlar for 840 rd og inga gjeld; han var rik.

  Enka etter Lars Jenssen, Susanne Jensdatter Schielderup, ekta så NILS CLAUSSEN SVERTZ, borgarson fra Slinningen, som handla her seinast fra 1699. Nils Claussen ser ut til å ha drive det i stor stil. Han døydde barnlaus ved utgangen av 1726. Enka døydde i 1728.

  Det ser så ut til at handelen låg nede ei ti års tid til HENNING HØGH, kremmarson fra Vegsund, tok til å handle her sist i 1730-åra. Han døydde allereie i 1740.

  Enka, Benedicte Nyrop, overlet handelen her like etter, seinast i 1743, til søstersonen RASMUS HENRIKSEN SMIT, kjøpmannsson fra Romsdal (han var også brorson til Benedicte Nyrop sin  andre ektemann, Nils Rasmussen Smit på Giskegard). Rasmus Smit svarte handelsskatt 1744-54. I 1749 heitte det at han var een forarmed mand, der i betraktning hans ringe handel og slette tilstand, ei kand svare meere end 4 rd aarlig. Det ser ut til at Rasmus Smit dreiv litt handel også etter 1754, men det gikk dårleg, og då han døydde i 1762 var buet grundig fallitt.

  Borgarsetet blei då overtatt av HANS WABEK PAUST, skipper på Molde. Han svarte handelsskatt 1767-75. Handelsforvaltar dei tre første åra var madam Smit, MARGRETE NILSDATTER LØEG, søster til Hans Løeg på Valderhaugstrand og enke etter Rasmus Smit.

  I 1770-75 var JENS PEDERSEN TONNING handelsforvaltar for skipper Paust. Tonning hadde før vore kremmar på Vågnesholmen.

  I 1787 selde Paust borgarsetet her, kalla Smithaug, til CHRISTEN WALLIN, som var prokurator og hadde budd her fra 1776 (staden då kalla Smitnes). Christen Wallin var fra Trondheim. Han svarte handelsskatt 1782-87. Sidan kremmar og proprietær på Solnør. Ingen handel her seinare.

Laberget III

I 1642 brukte ei enke og sonen hennar ei grunnleige på Laberget på ½  våg fisk. Denne grunnleiga var også i bruk i 1626, men vi veit ikkje kven som budde her då.

  I 1629-30 blei ein CHRISTEN DUG, kremmer vnnder Valderhoug, offer for ein tjuv, Ingebrigt i Nørvasundet, som hadde stole 4 merker bly fra han. Det er ikkje utenkeleg at Christen Dug kan ha budd på denne grunnen. Elles finst han ikkje nemnd. Ein Christen Pedersen Byg fra Ålborg tok borgarskap i Bergen 1616; kanskje kan det dreie seg om same mann.

  I 1644-45 heitte brukarane av denne grunnen Lauritz og Søren.

  I 1645 er LAURITZ skattlagd som strandsittar, og det er dermed truleg at det dreidde seg om ein kremmar. Lauritz levde i 1651, men var daud før 1657. Dette året var Søren og Willum brukarar av grunnen her, likeeins i 1661. Søren ser ut til å ha vore hovedmannen av desse to, og var truleg far til Willum. Begge budde her også i 1666, og alderen til Søren er då oppgitt til 50 år, Willum 30 år. Vi kan ikkje sjå vekk fra at dei handla her, men vi har ikkje positive haldepunkt for at dette var tilfelle.

  Seinast fra 1687 handla SØREN JENSSEN STUD, kremmarson fra Laberget II, på Laberget ein satd, kanskje her. I 1690 blei han tiltala for ulovleg kjøpmannskap. Han kunne ikkje prove at hafue vundet sit borgerschab, ey heller har nogen tilladelse af Bergen byes magistrat at bruge nogen borgerlig handel. Han blei derfor dømd til å slutte med handelen, og retten meinte at han i framtida redelig vill ernære sig, særleg eftersom hans sal. fader har verit en gammel borger her paa Sundmør, oc har contribuerit til Hans Mayst effter sin yderste formue. Etter loven skulle Søren bøte 40 lodd sølv (20 daler), men bota blei nedsett til 12 daler, både fordi Søren nettopp hadde sett bu og gifta seg og fordi handelen hans ikkje hadde vore av større importantz enn 60-70 daler. Søren levde enno i 1704, og er då rekna som husmann, 50 år gammal.

  Ikkje utruleg var det HANS HANSSEN WINGAARD, kremmarson fra Laberget IV, som dreiv handelen her fra kring 1700 til han i 1706 overtok borgarsetet etter faren.

  Etter denne tid kan Hans Hanssen sin stefar, THOR ANDERSSEN TYNDER, ha brukt borgarsetet her. Vi veit ikkje kor Tynder kom fra. Seinast 1711 er han tollvisitør, ei stilling han hadde til han døydde i 1738. Han ser ut til å ha drive ein liten handel heile tida han var her.

  Enka, andrekona GURINE ANDERSDATTER WIBORG, heldt fram med handelen i lang tid. I 1744 heitte det at ho hadde handla i 6 år. Ho svarte så handelsskatt 1744-55 og døydde i 1756. I 1749 blei det sagt om handelen ho dreiv at han var lige ufornøden som til præjudice for dei to andre kremmarane på Valderhaug, Hans Løeg og Rasmus Smit, siden stædet ei taaler fleere, og enken, der ingen børn haver hiemme, detsuden kand leve af fiskeriet og dend hende allernaadigst forundte pension.

  Versonen, gullsmed og før kremmar på Steinvågneset, HANS HONNINGDAL, flytta hit kring 1754, og styrte kanskje handelen i Gurine sine siste år; han dreiv kanskje handel nokre år til, men utan å svare handelsskatt. Bror til Hans, Ole Honningdal i Honningdal, fekk i 1757 auksjonsskøyte på husa til Gurine Tynder, og han let vel broren få halde fram med å bu her. Hans Honningdal levde enno i 1769 og budde også då på Laberget. Han er omtala som monsieur, han var altså framleis rekna til dei fornemme, og levde kanskje av gullsmedhandverket, som han hadde lært i Bergen.

  Etter alt å døme var det denne staden CHRISTIAN HERMAN FRIELE tok i bruk i 1774, men han budde i Borgund allereie i 1769. Friele (namnet oftast skrive Frill og Friel) var helst bergensar. Han svarte handelsskatt 1774-87, enka 1788-89. Det blei halde skifte etter Friele i 1790; buet hans var då fallitt.

  Same året selde enka husa her til ELIAS RØNNEBERG, kremmarson fra Kriksholmen og før kremmar på Flåvær, som tok til å handle i 1790. Han svarte handelsskatt 1791-1836 og enka, Karen Sybille Rødder Baade, 1837-48. Seinare ingen handel her. Elias Rønneberg handla også ei tid på Ullahammaren.

Laberget IV

I 1645 brukte JENS IBSEN ei grunnleige under Laberget på 1 pund fisk. Same året finn vi han nemnd som strandsittar her med ikkje mindre enn 7 tenestefolk, 5 drengar og 2 tauser. Dette var tvillaust ein kremmar og, truleg, borgar. I 1633 tok ein mann av same namn borgarskap i Bergen; han var fødd i Ålborg, og var truleg lik den seinare kremmaren på Laberget. I 1641-43 var Jens Ibsen ombodsmann over Giskegodset. Han er siste gongen omtala i 1649.

  Same året ser borgaren ANDERS PEDERSEN, før kremmar på Gåsholmen, ut til å ha tatt over den grunnleiga som Jens Ibsen hadde brukt. Han var her enno i 1657.

  I 1661 finn vi 2 nye menn på Laberget som kvar brukte ei grunnleige på 1 pund fisk, nemleg Claus Povelsen (sjå Laberget V) og borgaren PEDER CHRISTOPHERSEN, som eg gjettar tok over etter Anders Pedersen (av tingboka fra 1667 går det fram at Peder var gift med enka etter ein borgar). Det har ikkje lukkast meg å finne ut kva for år han tok borgarskap (kanskje handla han i kraft av kona sine rettar). Han er også nemnd i 1667, og i 1674 er han ført med 4 mk i restanse på proviantskatt. Han er ikkje nemnd mellom borgarane i 1675.

  HANS ERIKSEN WINGAARD var fra Saxkøbing og tok borgarskap i Bergen i 1678. Han handla på Laberget fra 1679 eller før til han døydde i 1699, 48 år gammal. Same året blei det halde skifte etter han, og buet hadde då midlar for vel 1300 rd, inga gjeld: ein rik mann. Wingaard handla også på Flåvær ei tid.

  Enka Ingeborg Aagesdatter, av ei framståande slekt på Molde, ekta i 1701 den 23 år gamle THOR ANDERSSEN TYNDER; ho var då sjølv kring 65 år gammal. Tynder ser ut til å ha handla her til 1706, då Ingeborg døydde.

  Thor Tynder kan då ha bytta borgarsete med den nær jamgamle stesonen HANS HANSSEN WINGAARD, før kremmar på Laberget III. Wingaard handla her til kring 1718, då han overtok verfaren sin handel på Grimmergård i Ålesund. I den tida Wingaard budde på Laberget var han ofte i utlandet; i 1717 heitte det såleis at han hadde halde seg i Holland i åra 1713-15.

  Den som overtok etter han her var STADTZ HENRIKSEN ØSTERICH, borgarson fra Steinvågen, som var etablert seinast i 1718. Stadtz Østerich var berre verksam her nokre år. I 1728 budde han i København, i 1742 på Sunnmøre, i Valle skipreide, truleg hos slektningane på Apalset.

  I 1720 overtok NILS JENSSEN SCHIELDERUP, truleg av presteslekta Schielderup, handelen her. Han var verson til Arent Guding på Gamlem. Schielderup handla truleg til kring 1740. I 1743 er han nemnd som tollbetjent, og i 1751 døydde han som tollbetjent på Molde. I 1750 selde Schielderup  husa sine til den tidlegare eigaren av Giske, Martinus Hørloch, som ikkje dreiv handel her. Heller ikkje seinare blei det drive handel på denne grunnen.